Illustrasjonsfoto: Elisabeth Sperre Alnes/Dagbladet
Illustrasjonsfoto: Elisabeth Sperre Alnes/DagbladetVis mer

Til topps med en gul drake

Østlig inspirasjon bak månedens dikt.

Med diktet «Salve for knust Mingvase» har en poet under det gåtefulle pseudonymet sviv i eine 2 handgrep i andre gått til topps i Dagbladets forum Diktkammeret som månedens poet for mars. Det blir ikke noe intervju denne gangen, men vi ønsker gamle og nye lesere god lesning av både dikt og jurybegrunnelse:

Salve for knust Mingvase

når uvesenet kjem uventa
det lagar seg til uvêr
eller eg sjølv er ute av lage

då lagar eg kyllingsuppe

slik mi kinesiske mormor laga
då ho budde i Kina
og var i godt lag

Kina er langt borte
mormor enda lenger

kyllingsuppa er varm og nær
sender opp gule drakar
snart heng eg i den eine

sviv i eine 2 handgrep i andre

Juryens kommentar: 

Eit dikt som fortel om ein måte å bearbeide vanskar på. Tittelen inneheld ein bodskap om at visse ting aldri vil verta som dei var. Diktet heiter ikkje «Lim for knust Mingvase», og me veit at heller ikkje det limde vert slik det var før det vart knust.

«når uvesenet kjem uventa» er ei linje som fortel oss om vanskar, ubehag, som både kan koma som forventa, og som brått bare kjem. Og det er då, eller når ein er ute av lage sjølv, at ein må ty til kinesisk kyllingsuppe.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Me kan kjenne korleis teksten tek oss med inn i osen frå denne suppa, og korleis denne angande osen vekkjer minner om gode tider, om det å vera i godt lag for lenge sidan. Som i eit sveip av krydder i lufta får me med oss att landet slekta kom frå er langt, langt borte, at mormor er død. Diktet vert ei bearbeiding, nett som suppa, fjerne minne og varm og nær suppe går opp i ein einskap som tek form av gule drakar, slik ein kan sjå desse stiga frå vatn i gamle kinesiske måleri. I Kina står ein drake tradisjonelt for stor kraft og makt, ein yang-energi, og draken er òg eit symbol for hell. I dette diktet er draken noko som kan løfte oss og ta oss med og gjera verda til ein litt betre stad, for ei stund. Nett som eit dikt.

For juryen,
Helge Torvund 

I juryen sitter Helge Torvund (diktlærer i Diktkammeret), Kristian Rishøi (diktlærer i Skolekammeret) og Maria Børja. Send inn egne dikt! I DiktkammeretSkolekammeret eller på Dikt.no.

Les alle marsfinalistene!

Juryen ønsker å minne om at det ut april pågår en diktkonkurranse i Hulda og Arne Garborgs ånd i Diktkammeret. Les mer og delta ved å merke diktet ditt med (G) i Diktkammeret!

DIKT I DAGBLADET: Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner!

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker i tilknytning ti kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave for Diktkammerets første ti år (Samlaget 2011)