Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Tilbake til dr. Stockmann?

«Dei kulturradikale heltene er blitt klassikarar, og klassisisme og opprør er ikkje heilt det same.»

Lever vi litterært sett i ei god tid, eller er vi på veg mot ein kristen-konservativ reaksjon som kan bli ei nypuritansk landeplage både for litteraturen og kulturen? Tore Renberg har hevda det første, i Dagbladet 3. juli hevdar Eivind Tjønneland det siste. Tjønneland langar kraftig ut mot 90-tallslitteraturen, og verken Loe, Kjærstad eller Fosse står for hans kritiske blikk. Meir interessant enn einskild-karakteristikkane av forfattarane er det store kartet han teiknar opp. På den eine sida ein kulturradikal tradisjon som strekker seg frå Brandes og Kristiania-bohemen til Jens Bjørneboe, på den andre sida lumske kulturkonservative bakmenn som vil føra oss tilbake til ein religiøs reaksjon, med verdikommisjonen som statleg overbygning.

Dette er kjende tonar. Det kulturradikale sjølvbildet har gjerne vore slik: på den eine sida den radikale helt, isolert, forfylgt, men - som dr. Stockmann - einsam og difor den sterkaste mann i verda. På den andre sida ei høgreside der politisk reaksjon, metafysisk orientering og kulturell forstokking går hand i hand. Og den kulturradikale tradisjon har også hatt verkelege heltar, anten det no er Brandes som opna Norden for ei rad internasjonale impulsar, eller Jens Bjørneboe som avslørte fengselsvesenet. Men som Georg Johannesen har peika på, viklar ein seg fort inn i paradoks når ein vil skapa tradisjon av opprør. Dei kulturradikale heltene er blitt klassikarar, og klassisisme og opprør er ikkje heilt det same.

Dette paradokset har forfylgt kulturradikalismen. Fordi Brandes-generasjonen undersøkte kritisk ein teologisk prega stat, der teologien med makt ville bringa kritiske impulsar til taushet, har religionskritikk blitt ein fast ingrediens i ideologien. Det same gjeld eit anna kjernepunkt, nemleg individualismen. I det kollektivt dominerte samfunnet av 1880 var individualisme radikalt. Men det trong ikkje av den grunn forbli radikalt i einkvar situasjon.

Difor fekk også kulturradikalismen problem i seinare periodar. I mellomkrigstida stengde den antireligiøse fordommen utsikten til store forfattarskap i internasjonal litteratur, med T.S. Eliot som det mest prominente eksemplet. Han debuterte i 1910 og skreiv sitt epokegjerande The Waste Land i 1922, men spela inga rolle i det heile for det kulturradikale miljøet. Då Paal Brekke omsette Eliot like etter krigen, var det karakteristisk nok Arnulf Øverland som rykte ut og karakteriserte heile modernismen som «tungetale fra parnasset». Den kulturradikale rørsla fall ikkje lenger saman med det litterært avanserte. Grunnen ligg primært i den kultur-optimistiske visjonen, som blandar impulsar frå Voltaire og Rousseau, og fylgjeleg argumenterer både for liberale rettar (Voltaire) og for menneskenaturens grunnleggjande positivitet (Rousseau). Det første la grunnen for ein imponerande innsats for ytringsfridom, menneskerettar osv. Det andre gjorde at ein i stor grad oversåg vesentlege impulsar i mellomkrigstida: den seine Freuds kulturpessimisme, tingleggjeringsproblemet, krisediagnostikken frå Heidegger og Spengler til Horkheimer. Medan frankfurtarfilosofane (Adorno, Horkheimer) analyserte fram det tvetydige i opplysningstradisjonen, og kombinerte Marx med dei viktigaste perspektiva i modernismens krisemedvit, heldt kulturradikalarane fram med å kjefta på dei som ikkje innsåg at mennesket var godt.

Det andre perspektivet som gjekk kulturradikalarane forbi i stor grad, var det ein har omtala som den språklege vendinga i filosofien. Første del av forrige århundre var tida då både skjønnlitteratur og filosofi for alvor problematiserte forholdet mellom språk og røyndom. Dette er heilt openbert i modernismen, som heile tida signaliserer tvil på si eiga form, og dreg sitt eige språk i tvil. Det er også tilstades i dei viktigaste filosofiske retningane frå perioden. Den viktigaste av alle er kanskje Wittgenstein, som sentrerte om dette problemet uavbrote. Også i ei anna viktig retning, nemleg strukturalismen, blir forholdet språk - røyndom problematisert med stor tyngde. Det er pussig å tenkja på at to av dei aller viktigaste tenkjarane frå 1900-talet faktisk budde i Norge i delar av mellomkrigstida, utan at det radikale miljøet i det heile teke hadde høyrt om dei: nemleg strukturalisten Roman Jakobson og filosofen Ludwig Wittgenstein. Kjartan Fløgstad har gjeve ei vittig framstilling av dette i Det 7.ande Klima , der han let Roman Jakobson møta det radikale trekløver (Krogh, Hoel og Øverland), og der det lengste dei driv det til, er å vitsa om korvidt det må finnast ein Lyrikk-Jakobson, når det vitterleg finst ein Roman-Jakobson.

Det kan vera grunn til å hevda at den sterkaste internasjonale orienteringa ikkje fanst i det kulturradikale miljøet i denne perioden, men i det meir filosofiske konservative miljøet, det Slagstad har omtala som «den annen front». Medan ein i den brandesianske tradisjonen heldt fram med enkle motsetningar mellom sanning og bedrag, gjerne religiøse og konservative sjølvbedrag, arbeidde ein på konservativ side med tyngre vitskapsteoretiske problem, og freista å visa at meir enn eitt perspektiv kan vera legitimt. Og i forlenginga av det kom ein naturlegvis også nærare eit oppdatert syn på forholdet mellom språket og det verkelege.

Det er eit mykje diskutert problem i norsk litteraturhistorie kvifor modernismen kom hit så seint - ikkje i 1910, då dei første tendensane viste seg, ikkje i 1920 då det vart ei dominerande retning i Europa, men først frå i det første tiåret etter krigen. Det kan finnast mange forklaringar på det, men ei av dei er at den kulturradikale ideologien faktisk blokkerte for desse impulsane. Den var for optimistisk for modernismen, og den hadde eit sjølvbilde der ein meinte at ein faktisk stod for det mest avanserte, og difor ikkje trong å oppdatera seg. Ein hadde jo lese Brandes!

Når modernismen så melde seg for alvor, er dei kulturradikale merkeleg fråverande. Det finst nynorskingar med ei blanding av bygde- og proletarbakgrunn, som Vesaas og Uppdal. Det finst reindyrka annen-front-folk, som Gill og Boyson. Det finst folk som tumlar med religiøse problemstillingar, som Jacobsen, Hofmo og Eidslott. Brekke er vel politisk radikal, men blir mektig tukta av kulturradikale Øverland. Politisk er dei spreidde over det meste av spekteret, men dei har felles at det radikale ligg i dei litterære prosjekta, ikkje i eit generelt kulturelt engasjement. Det litterært avanserte på denne tida står på ingen måte i motsetnad til det metafysiske, heller ikkje til det politisk konservative. Modernismen har ei rekkje framståande representantar som er både konservative og reaksjonære.

Når det så gjeld ein figur som Bjørneboe, så skal ein ikkje gløyma at han hadde ei betydeleg interesse i antroposofien, ein ideologi som neppe ville varma gamle Brandes noko særleg. Men når han høver ved visse sider av det kulturradikale paradigmet, så er det typisk nok ikkje på grunn av formeksperiment og tvil på språket, men i kraft av sitt imponerande engasjement i saker. Det er igjen kampen for dei liberale rettane som er primær, men den treng ikkje falla saman med det litterært avantgardistiske.

På 1970-talet kom den kulturradikale tradisjonen igjen i motvind, fordi ein drog i tvil individualismens dogmer. Ein oppdaga den avgjerande rolla som kollektivet, institusjonane og det overindividuelle faktisk spelar. Strukturane både i språk og samfunn kom i fokus. Ikkje alle desse innsiktene fall bort med samanbrotet i dei leninistiske gruppe-eksperimenta. Også i dag, ja ikkje minst i dagens mediestyrte samfunn, må ein ha kategoriar for å forstå det kollektive trykket. Og då blir kulturradikalismens individsentrering utilstrekkeleg.

Tjønneland og andre må gjerne kritisera 90-tallslitteraturen, og eit trekk ein kan bli betenkt over, er den vesle sirkelen den slår omkring seg; det kan finnast element av tilbaketrekning og narcissisme i den. Men skal kulturradikalismen koma og berga oss, må den gjennom ei såpass kraftig forvandling at ein i ein ikkje-kulturradikal terminologi kunne omtala det som oppstode frå dei døde.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media