MORALSKE LESERE: Anne Oterholm skriv om boka «Tilfeldigvis begjær» at ho «fantaserte om å skape en situasjon som tvang leseren til å innta posisjonen som den dømmende eller moralske eller tenkende instansen selv.» Verken forfattaren eller forteljeinstansen tek ansvar for å dømme romankarakteren, men vi som les skal ha ei meining om måten ho oppfører seg på. Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX
MORALSKE LESERE: Anne Oterholm skriv om boka «Tilfeldigvis begjær» at ho «fantaserte om å skape en situasjon som tvang leseren til å innta posisjonen som den dømmende eller moralske eller tenkende instansen selv.» Verken forfattaren eller forteljeinstansen tek ansvar for å dømme romankarakteren, men vi som les skal ha ei meining om måten ho oppfører seg på. Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIXVis mer

Tilfeldigvis moral

Smusslitteratur som farleg og syndig? Tvert om. Amoralske romaner er vår tids eksempelforteljingar.

Som barn las eg fleire bøker med moralske eksempelforteljingar for barn og unge. Ei av dei var skriven av Mia Hallesby, kona til helvetespredikanten Ole Hallesby, og den inneheldt 250 fortellinger for barn og unge. Der kunne eg til dømes lære at det var farleg å gå på fest, lese smusslitteratur og banne; den som gjer slike syndige handlingar, kan få flekkar på sjela som er like vanskelege å vaske bort som ein svart flekk på ein kvit kjole.

Smusslitteratur som farleg og syndig? I dag er ytringsfridomen den viktigaste moralske rettesnora, og det er ingen som snakkar om moral i kunst. Det er knapt nokon som snakkar om moral i det heile tatt. Dersom moral blir diskutert, er det ofte fordi nokon har felt ein moralsk dom som får andre til å bli lei seg, og så blir det ein ny runde som endar med stadfesting av moralen som mørk og ytringsfridomen som urokkeleg prinsipp. Kunsten skal vere autonom, og om han skulle finne på å behandle moralske spørsmål, så skal han i alle fall ikkje gje fasiten, slik som Mia Hallesbys bok sjølvsagt gjorde, i den eine fortellinga etter den andre, ofte med tilvising til ein eller fleire relevante bibelstader.

I 2001 kom Anne Oterholm ut med romanen tilfeldigvis begjær. Tittelen er talande, det handlar om begjær som tilfeldigvis oppstår, og i romanen er det slik at begjær som oppstår må forløysast. Tyra i romanen lar seg ikkje stoppe av moralske skruplar eller eventuelle kjenslemessige konsekvensar av utruskap. Ho ligg med kusinas ektemann, det er ei hending som berre glir forbi, og når mannen seinare dukkar opp heime hos henne for å ha ein medskuldig å diskutere anger med, blir ho irritert og matt og orkar ikkje forhalde seg til det.

Det same oppstår i Kristin Marie Berstads roman Ynde frå 2010. Maria har stor appetitt på det gode og vakre i livet, samstundes som ho ønskjer å vere vakker sjølv og å skape sublim kunst som ballettdansar. Ho nektar seg ingenting, ho er til dømes nærmast demonstrativ i si fortæring av ei napoleonskake under eit intervju med ein mager damebladsjournalist. Sexscenene gjennomsyrer - eller marinerer, for å bruke eit meir positivt ladd ord - boka, og fokuset i beskrivelsane er kvar gong den kroppslege nytinga, dei kjenslemessige implikasjonane er knapt nemnte. Danseinstruktøren oppmodar henne om å meditere, men Maria vil heller onanere, ho blir mykje meir avslappa av det.

«Jeg fører inn den nye dildoen, skyter opp hoftene når orgasmen kommer. Jeg måtte bare bli vant til den. Nå kommer jeg til å få en fin rødfarge i kinnene.»

Maria innleiier tidleg eit forhold til ein av dei andre dansarane, og forsøka på å skjule affæren for mannen Stig, er halvhjerta. Etter den første orgasmen under samleie med elskaren, blir ho så glad at ho kyssar seg sjølv på armen, og når ho kjem heim set ho seg på fanget til mannen og smiler stort. «Jeg har så lyst til å fortelle om det jeg nettopp har opplevd.» Når utruskapen blir avslørt, reagerer ho med latter og eit «har han virkelig ikke skjønt det før?”, før ho inviterer til sex og gjennomfører eit slags samleie sjølv om Stig er både uengasjert og motvillig.

Maria framstår som fullstendig uinteressert i Stigs kjensler, men historia endrar karakter etter avsløringa, for han viser på ulike måtar at han er såra og lei seg. Og heilt likeglad er Maria ikkje, for ho blir sint når Stig er utru mot henne - ikkje først og fremst på grunn av utruskapen, men fordi han var utru i ektesenga og fordi han ikkje har skifta sengetøy etterpå. Likevel endrar ho seg ikkje, ho held fram forholdet med elskaren og er på eit tidspunkt også utru med Stigs bestekamerat, etter eit innfall på ein kveld ho ikkje har nokon andre å gå til. På same måte som i Anne Oterholms tilfeldigvis begjær, blir ho då oppsøkt av den gråtande, angrande syndaren, som vil gjere bot overfor den forsmådde kjærasten sin.

«men jeg kan ikke leve med å ha gjort Hege så vondt, gråter han. Han forstyrrer meg en kveld rett før premieren. (…) Han begynner å gråte igjen, herregud, hvordan kunne jeg være tiltrukket av ham.»

Blir eg irritert over Marias egoisme? I essayet «det handler uansett om moral» frå samlinga Konstruksjon og inderlighet (2004) beskriv Trude Marstein lesinga av Anne Oterholms tilfeldigvis begjær på følgande måte:

«Det er noe viljeløst og handlingsudyktig (…) ved Tyra (…). Ansvarsfraskrivende. Jeg blir mindre dømmende som leser. Skjønner hvor lettvint og behagelig det er bare å la seg drive med. Skjønner den primitive lysten. Bare gjøre det. Skjønner mangelen på grunner gode nok til å la være. Jeg avfinner meg med at det må gå som det går.»

Det er ikkje noko viljelaust og handlingsudyktig ved Maria i Ynde, men det er definitivt noko ansvarsfråskrivande. Når perspektivet ligg hos henne og fokuset utelukkande er på hennar nyting, er det lett å la seg forføre, kanskje kan ein til og med meine om Stig og kameraten at dei framstår som ynkelege og lattervekkjande, at det ikkje er så farleg med dei. Kva er til dømes grunnen til at eg ikkje karakteriserer Marias sex med Stig etter avsløringa av utruskap for valdtekt? Viss vi kikar oss over skuldra og hentar fram Mia Hallesby, kan vi spørje om vi får svarte flekkar på sjela om vi hengir oss til slik motstandslaus lesing, om det er skadeleg for moralen å la seg rive med av dei sterke og skøytelause kvinnene i desse romanane.

Sannsynelegvis er spørsmålet feil stilt. Kunsten er autonom og amoralsk, og det er bra, det er vanskeleg å tenkje seg at det kunne ha vore annleis. Ein må sjølvsagt tillate seg, både som forfattar og lesar, å forstå og undersøke drivkreftene bak … ja, umoral. Men i eit essay frå Vinduet 1/2003, skriv Anne Oterholm om tilfeldigvis begjær at ho «fantaserte om å skape en situasjon som tvang leseren til å innta posisjonen som den dømmende eller moralske eller tenkende instansen selv.» Verken forfattaren eller forteljeinstansen tek ansvar for å dømme romankarakteren, men vi som les skal ha ei meining om måten ho oppfører seg på.

Det er med stor motstand eg inntar posisjonen som moralsk forarga over romankarakterar, i alle fall når dei er så forførande som i desse romanane. Men dersom Anne Oterholm får til det ho har prøvd på - og det trur eg at både ho og Kristin Marie Bersad gjer - så blir dei amoralske romanane vår tids eksempelfortellingar.

Olaug Nilssen er forfatter, og skriver om litteratur i Dagbladet.

SPALTIST: Forfatter Olaug Nilssen skriver om litteratur i Dagbladet. Foto: Tor Erik H. Mathiesen/Dagbladet
SPALTIST: Forfatter Olaug Nilssen skriver om litteratur i Dagbladet. Foto: Tor Erik H. Mathiesen/Dagbladet Vis mer