SYSTEMKJÆRLEIK: Når systemkritiske politikarar blir omfamna av byråkratar. Foto: NTB Scanpix
SYSTEMKJÆRLEIK: Når systemkritiske politikarar blir omfamna av byråkratar. Foto: NTB ScanpixVis mer

Tillit til systemet

Vi lever i ei førkrigstid.

Kommentar

DENNE VEKA har tusen flyktningar drukna i Middelhavet. Regjeringspartias rause finansiørar mellom robuste reiarar kjenner sjøens lovar. Dei har redda mange og vil hjelpa fleire. Praktisk nok har noen av dei også supply-båtar som ligg i opplag. Men Segway-regjeringa i den pompøse, maritime og humanitære stormakta Norge held seg til Lars Myttings tittel Svøm med dem som drukner. Etter mye kaving og roing stiller Erna Solberg med eitt skip før 1. august for å styrka kontrollen med Schengens yttergrense.

HANDLEKRAFTA var større i Jens Stoltenbergs tid ved roret, med Espen Barth-Eide som sjefspilot. Då tok det bare ein rask sms-runde for å få sendt seks jagerfly til Libya, der dei bomba mest og best. Slik utfallet av den kampanjen blei, burde vi nok ha bomba mindre og dårligare, for det var meir orden på grensekontrollen, færre menneskesmuglarar og ikkje så mange som drukna under Gadaffi.

PÅ DEN ANDRE SIDA: Å la vera å redda båtflyktningar med norske skip, er jo eit kraftfullt innvandringsregulerande tiltak. For sjøl om det blir fleire flyktningar i verden, kjem det færre asylsøkarar til Norge. Og det er jo sjølve suksesskriteriet for norsk innvandringspolitikk, slik det blir utlagt av Fremskrittspartiets talsmann Mazyar Keshvari, han som fekk merkelappen smørbukk-innvandrar av vangsguten Ketil Kjenseth frå det vesle tullepartiet Venstre. Før dei forlikte seg i eit te-selskap hos familien Keshvari der dei snakka ut om flukta frå Iran og anden frå Nydalen.

STATSSEKRETÆR Jøran Kallmyr, Fremskrittspartiets talsmann om proformaekteskap, seier til Aftenposten at han reknar med at saksbehandlinga er god og at forvaltninga ikkje gjer feil. Han har tillit til systemet, nærmast grenselaus kjærleik. Jaja, slik går det med systemkritiske politikarar når dei blir omfamna av byråkratar og kooptert av systemet.

PÅ IMF-MØTET i Washington blei Siv Jensen fanga opp av Dagsrevyen i flørt med den greske finansministeren Yanis Varoufakis, den einaste mannen på bildet utan slips. Han nytta vel høvet til å be om eit uforpliktande lån. Det er jo slik greske sjarmørar plar prøva seg.

MILITÆRE, politikarar, mikrofonstativ og kommentariatet har fått det for seg at vi lever i ei førkrigstid. Inspirert av 9. april har dei forveksla mulige krigsscenariar med umiddelbar virkelighet. Til dømes då den storsnuta, russiske visestasministeren Dmitrij Rogozin mellomlanda på Svalbard før han navigerte vidare til Nordpolen etter Orions belte. Dette er ein så alvorlig provokasjon at vi må forsterka vårt militære nærvær på øygruppa. Det er på tide å rusta opp Sandy hook og senda våre beste menn nordover. Helge Jordal og Sverre Anker Ousdal er kalla, med Jon Michelet som styrmann. For «Svalbard er norsk land», som det heitte i AKP(m-l)s 1.mai-parole like før leiande kadrar gjekk under jorda for å førebu folkekrigen mot Sovjet-imperialismens invasjon.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.