- PASSIV: Siv Jensen på pressekonferanse om Revidert nasjonalbudsjett.
Foto: Thomas Rasmus Skaug / Dagbladet
- PASSIV: Siv Jensen på pressekonferanse om Revidert nasjonalbudsjett. Foto: Thomas Rasmus Skaug / DagbladetVis mer

Tiltakslaust mot arbeidsløyse

Medan vi ventar stig arbeidsløysa. Regjeringa sit stille i båten og følgjer passivt med.

Debattinnlegg

Vi har no fått presentert regjeringa sitt framlegg til revidert budsjett for 2015. Det fortel ei historie om ei regjering på etterskot, anten vi diskuterer ein svekt kommuneøkonomi eller poseavgifta som no blir foreslått erstatta av dyrare straum.

Særleg på eitt område er det eit problem at regjeringa er på etterskot: den aukande arbeidsløysa. For første gong på ti år er arbeidsløysa over fire prosent. Det er alvorleg. Ingen kan halde ei norsk regjering ansvarleg for at oljeprisen går ned. Men det er den sitjande regjeringa som er ansvarleg for å motverke konsekvensane. Statsministeren seier at ho følgjer situasjonen nøye. Det er bra, men no er tida komen for å ta grep.

Regjeringa har snakka mykje om omstilling, men omstilling krev handling. Det verkar ikkje som regjeringa har ein plan for korleis politikken skal bidra til auka sysselsetting. Tiltaka i budsjettet er få. Det hjelper lite for dei mange som har blitt oppsagde at regjeringa reverserer sine eigne innstrammingar i permitteringsreglane. I mellomtida har viktig kompetanse for mange bedrifter gått tapt.

Det var heller ikkje berre solskinsdagar i Stoltenberg-regjeringa si tid. Hausten 2008 starta alvorlege nedgangstider i dei fleste industrialiserte land. I Noreg greidde vi å halde Europas lågaste arbeidsløyse, mellom anna fordi vi hadde ei regjering som tok grep - og vi førte ein aktiv næringspolitikk for å skape fleire arbeidsplassar. Allereie i januar 2009 leverte vi ein krisepakke på 20 milliardar kroner. Då fekk vi høyre frå Høgre og Frp at tiltaka våre kom for seint.

No er vi på nytt inne i ein krevjande situasjon, og bedrifter som slit ser til regjeringa for hjelp. Då nyttar det ikkje å kome dragande med den tome verktykassa. For å motverke arbeidsløyse treng vi ein aktiv næringspolitikk. Omstillingstiltak og kraftigare bruk av verkemiddelapparatet. Vi treng betre arbeidsmarknadstiltak, fleire tiltaksplassar, og Nav si gjennomføringskraft må styrkjast. Ungdom blir først arbeidslause i dårlege tider, det er ei utfordring som krev heilt eigne løysingar. Tiltaka er mange, og ventar berre på finansiering.

Medan vi ventar stig arbeidsløysa. Regjeringa sit stille i båten og følgjer passivt med.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.