Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Tingeling!

Samlaget. Birkedal overtydar oss om at Andeby ligg like rundt svingen.

BOK: Ei bok som med suggererande oppramsing av gjenkjennelege stemningar og bilete, manar fram eit liv med teikneseriar; Daffy og Tarzan, Donald-bunker i bislag, «mellom durande vaskemaskinar og duvande klesstativ». Overalt der teikneseriar kan lesast, har denne forfattaren vore. Og nå er han her igjen, med si 20. bok, som faktisk kjem samtidig med nr. 21: «Hynsahus. 45 songar» på Wigestrand forlag. Birkedal er ein sjarmerande kultpoet med sin heilt eigen poetiske gangart. Ein som har nådd eit enormt publikum med sine Vamp-tekstar, og som held fram med å spreia sitt varme, humanistiske og lett nostalgiske landskap med hundefangarbil, til alle som har ei tyggiskule av fantasi att i verda.

Her er det Tingeling som markerer når me skal skifte side, med sine «risle-rasle-drysse-dysse-lydar» og nå i ei juleheftetid, kan du møta alle saman i desse dikta, pluss Barte-Sam og Skipper\'n, Dagobert og ein god del av meir tilhøyrande herlegdom. Alt i ei merkeleg famnande blanding av røynd og ruter, fantasi og forelsking, tenke- og snakkebobler. Og Timmi Grashoppe har endeleg fått sitt eige nydelege dikt der han børstar skit av frakken og kviler på paraplyen og vert ein slags Li Po-figur. Dette dreier seg faktisk om noko så stort som å fanga ei ålmenn erfaring i presise diktlinjer! Så for alle som har kjøpt is og Donald og gått svingane heimover att, ta til dykk av dette! Birkedal leverer varene! Og med imponerande naivistisk nerve maktar han å trylla fram den særeigne stemninga frå seriane i dikt som ein får lyst å lesa under dyna med lommelykt medan ein lyttar etter stega til mor som alt har vore på soveromsdøra og sagt «Nå må du sova!» fire gonger.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media