To pripne festbremsar

Høgre og Frp framstår som valfridomsfundamentalistar av ypparste klasse når dei no vil rasere fedrekvoten.

STUSSELEG RESULTAT:  «Då fedrekvoten blei fjerna i Danmark, sank talet på fedrar som tok ut permisjon frå mellom 80 og 90 prosent til stusselege 25 prosent. Ein må verkeleg lure på kvifor Høgre og Frp på død og liv vil innføre den danske modellen», skriver kronikkforfattaren. Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
STUSSELEG RESULTAT: «Då fedrekvoten blei fjerna i Danmark, sank talet på fedrar som tok ut permisjon frå mellom 80 og 90 prosent til stusselege 25 prosent. Ein må verkeleg lure på kvifor Høgre og Frp på død og liv vil innføre den danske modellen», skriver kronikkforfattaren. Foto: Erlend Aas / NTB scanpixVis mer
Meninger

Dei siste åra har vi fått eit nytt og flott innslag i det norske samfunnsbildet; unge fedrar som med den største sjølvfylgje skiftar bleier, trillar barnevogn, leikar med småborn i leikeparkar, tar dei med på tur i skogen, på stranda eller kor dei elles måtte ferdast.

Fedrar framstår ganske enkelt på ein heilt annan måte enn tidlegare som nære og naturlege omsorgspersonar. Det har rett og slett skjedd ein stille og vakker revolusjon på dette området. Dette har skjedd fordi Noreg har ei eineståande og raus foreldrepermisjonsordning. Det som har fått fedrane til å forlate arbeidsplassane sine for å ta seg av sine håpefulle små, er ein såkalla fedrekvote. 14 veker av permisjonstida er øyremerkte far, og tek han ikkje ut desse vekene, blir det rett og slett 14 veker mindre permisjon.

Denne ordninga har blitt ein gedigen suksess fordi arbeidsgjevarar er pliktige til å leggje til rette for at far skal kunne ta ut denne permisjonen. Dermed blir det enkelt for fedrane å nytte seg av ordninga, noko som over 90 prosent av dei gjer.

Høgre og FRP, som i fylgje meiningsmålingar skal vere med å styre landet dei neste fire åra, likar ikkje dette nye innslaget i samfunnsbildet. Dei meiner at ordninga ikkje gjev familiane fridom til å velje kven som skal ta ut permisjon så lenge fjorten av vekene er øyremerkte far. Difor har dei programfest å reversere, og dermed rasere ordninga.Nokon vil sikkert hevde at det er dommedagsprofetering å ta i bruk uttrykk som rasere. Då er det berre å seie: Look to Denmark. Då fedrekvoten blei fjerna der til lands, sank talet på fedrar som tok ut permisjon frå mellom 80 og 90 prosent til stusselege 25 prosent. Under ti prosent tok ut så mykje permisjon dei har høve til.

Ein må verkeleg lure på kvifor Høgre og Frp på død og liv vil innføre den danske modellen. Dei vil ofre fedrekvoten på valfridomens alter, og dermed rasere ei ordning som gjev fedrar høve til, på ein heilt annan måte enn tidlegare, å ha nærkontakt med borna sine og lære dei å kjenne frå dei er bitte små.

Kvifor vil dei frårøve borna denne moglegheita til å leggje grunnlag for eit nært og tett forhold til far for heile livet? Og kvifor vil dei øydeleggje dette høvet til å skape meir likestilling og avlaste unge mødrer noko av det tunge ansvaret det er å vere oppdragar?

Svaret er enkelt. Høgre har aldri vore pådrivar for likestilling mellom kjønna. På dette området har dei vore for pripne festbremser å rekne. Edmund Burke, konservatismens far, hevda på slutten av 1700-talet at kvinna skal vere underordna mannen. På dette området er Høgre rørande lojale mot sitt andelege opphav. Dei stod ikkje i fyrste rekkje og heia då Noreg i 1913, som eitt av dei fyrste landa i verda, fekk ålmenn stemmerett for kvinner. Til slutt måtte dei motvillig bøye seg for overmakta og innsjå at dette slaget var tapt.

Etter kvart har dei funne ein antilikestillingskumpan i Frp, som meiner at det er nok likestilling i Noreg. Det er mykje desse to partia er usamde om, men når det gjeld likestillingstiltak, er dei rørande einige: «Vil ikkje!»Kjønnskvotering, for eksempel. Knapt noko ord i den norske vokabularen får som dette, konservative sjeler til å sjå raudt. Eller raudgrønt. «Valfridom», er mantraet. «Valfridom, valfridom, valfridom!»

Gro Harlem Brundtland si kvinneregjering i 1986 blei ein verdssensasjon og resulterte i at massevis av dyktige (og nokre udyktige) kvinner våga ta steget opp i toppolitikken. Det er for eksempel blitt heilt vanleg med kvinnelege partileiarar.Dessutan danna regjeringa ein mal for seinare norske regjeringar. Det skal vere ein modig statsminister som går til det steget å utnemne stort sett berre mannlege statsrådar i ei framtidig regjering. Det vil rett og slett signalisere at det ikkje finst dyktige kvinner i krinsen rundt statsministeren.Høgre og FRP har aldri vore imponerte over Brundtland sin måte å kuppe kvinner inn i politikken på. Dei trur slett ikkje på spesialtiltak for å fremje likestilling. Dei har ein slags «det går seg nok til»- filosofi, og i konservatismens ånd er dei såre tilfredse med små steg og litt likestilling.

Ein kan tenke seg for eit jordskjelv inn i den inste konservative høgresjela det var då Stortinget, med deira eigen nærings- og handelsminister, Ansgar Danielsen, som pådrivar, i 2003, vedtok lovbestemt kjønnskvotering i bedriftsstyre. Bakgrunnen for det radikale vedtaket var at det private næringslivet viste liten vilje til å få kvinner inn i styra. Guteklubben finans og grei meinte nok at kvinner eigna seg til heilt andre ting enn å operere med store tal.

No viser det seg at Ansgar Danielsen sitt «kupp» har blitt ei suksesshistorie som vekkjer internasjonal interesse og blir kopiert av andre land. Suksessen ligg i at mange dyktige kvinner (og nokre udyktige) har våga å ta steget inn på arenaer dei tidlegare nesten var utestengde frå. Høgre og Frp er ikkje einige. «Valfridom», messar dei. «Små steg», åtvarar dei. «Når mennene finn det for godt, slepper nok kvinner til».

No er dei to partia klare til å avvikle fedrekvoteordninga; det mest likestillingsfremjande tiltaket sidan nemnde Danielsen rysta sine konservative partikameratar, ved å ta nokre ofseleg store steg.Same kor mykje dei blånektar, veit dei at det vil føre til at færre fedrar tek ut permisjon. Dei veit at born vil gå glipp av den nære, grunnleggjande viktige kontakten dei får med far. Dei veit at kvinner vil ta ut meir permisjon og få enda større oppdragaransvar igjen, samstundes som dei blir lenger borte frå arbeidslivet og eigen karriere. Alt dette fordi det er noko som er mykje viktigare enn likestilling og at fedrar får kvalitetstid saman med eigne born: Valfridom, sjølvsagt.

Om Høgre og FRP kjem til makta og opphevar denne ordninga, blir det til sjuande og sist mindre valfridom. For då blir det opp til unge fedrar å sjølve framforhandle pappapermisjon med velvillige eller uvillige arbeidsgjevarar. Det blir ein ny «lua i handa»-situasjon.Til sjuande og sist blir det arbeidsgjevarane, og ikkje familiane, som oppnår valfridom, for dei kan nemleg velje om dei vil legge til rette for pappapermisjon eller ikkje. Dermed vil samfunnsbildet vårt miste eit nydeleg element, og Høgre og Frp vil framstå som valfridomsfundamentalistar av ypparste klasse.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.