Debatt

Togtilbod på rett spor

Dei reisande kan vere trygge på at togtilboda skal vere minst like gode som i dag.

JERNBANEREFORM: Samferdelsminister Jon Georg Dale (Frp) understreker at jernbanesektoren fremdeles skal være statlig organisert, men forsvarer at NSB-monopolet brytes. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
JERNBANEREFORM: Samferdelsminister Jon Georg Dale (Frp) understreker at jernbanesektoren fremdeles skal være statlig organisert, men forsvarer at NSB-monopolet brytes. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer
Meninger

Sidan regjeringsskiftet i 2013 har løyvingane til jernbanen auka med nær 80 prosent – til 26,4 milliardar kroner i 2019. Det er no 100 fleire daglege togavgangar enn for seks år sida. Berre i fjor auka talet på reiser med NSBs persontog med 6,4 prosent – til 70,7 millionar. Dette illustrerer at fleire folk tar toget når togtilbodet blir betre.

I tillegg til å bygge ut og vedlikehalde jernbanenettet har vi dei siste åra gjennomført ei jernbanereform. Formålet er å gi passasjerar og vareeigarar eit betre jernbanetilbod, samstundes som vi får meir jernbane igjen for skattepengane som vi bruker over statsbudsjettet. Når vi satsar på jernbanen, er det avgjerande at vi nyttar pengane effektivt.

La meg gjere det klart at jernbanesektoren framleis skal vere statleg organisert. Infrastrukturen skal vere i statleg eige, og Staten skal ha ansvaret for å organisere togtilbodet. Men vi har opna opp sektoren, slik at både offentlege og private verksemder, norske som utanlandske, kan konkurrere om å levere gode tenester. For å leggje til rette for rettferdig konkurranse har det vore naudsynt å skilje ut verksemder frå NSB, som har hatt eit tilnærma monopol på å drive persontogtilbod her til lands. Dei reisande kan vere trygge på at togtilboda på desse strekningane skal vere minst like gode som i dag, og staten kjem framleis til å fastsetje dei ordinære billettprisane.

Magnus Marsdal i Tankesmien Manifest fryktar mellom anna ein jernbanesektor med for mange verksemder som fakturerer kvarandre og der private aktørar kan hente ut profitt (Dagbladet, 17. mars). Det er fullt mogleg at privateigde Go-Ahead kjem til å tene pengar på Sørtoget. I så fall er det positivt, for det betyr at langt fleire kjem til å ta toget enn i dag. Med fleire aktørar i sektoren er det òg fullt mogleg at fakturautgiftene aukar noko, men utgiftene kjem til å bli overgått av gevinstane i reforma.

Dei neste ti åra kjem Staten til å spare mykje pengar på grunn av at avtalen om drifta av togtilboda på Sørlandsbanen er inngått etter konkurranse i staden for direkte forhandling med ein monopolist. Det kan bli meir pengar å spare etter kvart som konkurransane om trafikken på andre jernbanestrekningar blir avgjort.

Milliardane som Staten sparar på jernbanereforma, kan vi nytte på andre tiltak, som til dømes utbygging og betre vedlikehald av jernbanenettet eller andre statlege oppgåver innan til dømes helse og utdanning. Eg er viss på at dei reisande og andre skattebetalarar tykkjer det er gode tiltak å prioritere.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.