VOLD MOT KVINNER: Kvinneundertrykking er først og fremst eit problem i delar av innvandrarmiljøa, skriver artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix
VOLD MOT KVINNER: Kvinneundertrykking er først og fremst eit problem i delar av innvandrarmiljøa, skriver artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: NTB ScanpixVis mer

Toleranse i bakvendtland

Vi må ikkje bli så tolerante at vi tolererer kvinneundertrykking berre det er kulturelt begrunna.

Debattinnlegg

I Dagbladets kronikk den 11. januar under vignetten «toleranse» og med overskrifra «Den krenkede majoritet», gir Farid Shariati oss eit bilde av tilstanden i eit Norge som «bakvendtland». Dette er eit land der «den store majoritet som i utgangspunktet skal være tolerant overfor de mindre gruppene i samfunnet er blitt en eneste stor krenket gruppe».

«Majoriteten» er angiveleg ikkje opptatt av likestilling i samfunn og arbeidsliv, men aksepterer kvinneundertrykking, lønnsskilnader i arbeidslivet og vald mot kvinner, og føler seg «krenka» fordi den ikkje lenger kan seie at «feministene hjernevasker våre barn gjennom TV» utan å bli stempla som manssjåvinistar. Men kvar har han det fra at «majoriteten» går rundt og meiner dette og har eit ubendeleg behov for påstå det?

Fra påstanden om at «majoriteten» kjenner seg krenka fordi den ikkje fritt kan hevde sine påståtte kvinnefientlege haldningar, hoppar han raskt til sin andre hovedpåstand: At «majoriteten» nektar innvandrarar med ein anna kulturbakgrunn enn den norske grunnleggande demokratiske rettar i å praktisere sin religion og kultur, og at denne «majoriteten» kjenner seg krenka av at minoritetar får hevde sine kulturelle verdiar.

Like lite som nordmenn har innvandrarar ein kultur og eitt sett med verdiar. Ingen bør nekte for at det i etniske norske miljø finst kvinneundertrykking og vald mot kvinner. Men Norge er trass i alt mellom dei land i verda som er langt framme i arbeidet for likestilling. I dagens norske samfunn er kvinneundertrykking først og fremst eit problem i delar av innvandrarmiljøa fra land med verkeleg kvinnefientlege kulturar . Det er først og fremst i nokre av desse kulturane vi finn systematisk undertrykking og vald mot kvinner, tvangsgifte av jenter - og i ekstreme tilfelle æresdrap.

Det nærmar seg det parodiske når Shariati i ein og same kronikk kan kritisere den norske «majoriteten» for ein kvinnefientleg kultur, og i neste avsnitt utan atterhald stille seg fullstendig ukritisk til innvandrarkulturar der kvinneundertrykking verkeleg kan vere eit spørsmål om liv og død. Det verkelege «bakvendtland» får vi vel dersom vi blir så tolerante at vi tolererer kvinneundertrykking berre det er kulturelt begrunna?