Torvund, Helge

Korleis vart du forfattar?

- Det byrja tidleg. Eg las veldig mykje dikt då eg gjekk på ungdomsskulen og gymnaset og lytta til tekstane til songpoetane Donovan, Dylan og Cohen. Norske poetar eg las var Rolf Jacobsen, Hans Børli, Einar Økland, Tor Obrestad osb., og etter kvart alt som kom ut og inn på biblioteket. Der eg budde var ikkje moderne lyrikk så populært, heller ikkje på biblioteket på den tida, så eg fekk gå og kikka i kartongar fulle av bøker som ikkje var pakka ut. Slik er det ikkje nå!

Eg byrja å skriva eventyr så snart eg kunne setja saman ein setning på papiret. Dikt hamra eg etter kvart ned på ein monstrum av ein stor svart skrivemaskin då eg gjekk i sjette klasse og sette dei sirleg inn i ein svart ringperm. Mor og bror min fekk lesa dei. Etter kvart våga eg meg frampå med eit dikt i skuleavisa på ungdomsskulen. Eit dikt om elevar og lærarar med ein veldig dyster tone. Eg har det ennå! Så vart det Stein Mehren-inspirerte ting i skuleavisa på Bryne gymnas, ein førstepris i ein landsomfattande festivalkonkurranse; «Diktarar i kjømda», dikt i Dagbladet og tidsskrift, før eg debuterte med den tynne diktsamlinga «Hendene i byen», på Noregs Boklag (i dag Det Norske Samlaget) 1977. Først då våga eg ta kontakt med andre forfattarar. Men eg hadde heile tida god kontakt med bror min som var oppteken av biletkunst og vart bilethoggar. Me støtta og inspirerte kvarandre. Å haika rundt i Europa i ungdommen var ei viktig inspirasjonskjelde. Og det å venda attende til lyset på Jæren har vore ei anna.

Kva er di største lesaroppleving?

- Eg har hatt så mange store leseopplevingar. Av dei tidlege hadde det stor verknad då eg las kinesiske dikt i omsetjing og japanske haiku. Det er framleis noko av det som gjev meg mest. Dei første møta med forfattarar som Hamsun og noveller av Vesaas var dirrande saker. «Hærverk» av Tom Kristensen var eit følgje på trikken ein periode i studietida. «Hundre års einsemd» av Garcia Garcia Marques også. Elles minnest eg «Jeg tilstår at jeg har levet» av Pablo Neruda. «Odin House» av Robert Bly og møte med poesien til finnen Pentti Saarikoski var også avgjerande. Men eg likar ikkje å rope ut vinnarar når det gjeld opplevingar. Det som er stort er at ein kan ha så mange store leseopplevingar at gleda over litteraturen aldri tek slutt. Og dei store leseopplevingane er alltid størst etter tur, medan ein les nett den boka.

Har du litterære forebilete?

- Det måtte i så fall vera dei gode poetiske uttrykkja og dei gode linjer og dikt som gjer sterkast inntrykk på meg. Difor har eg mange eller ingen andre enn poesien sjølv.

Korleis likar du å jobbe?

- Eg har jobba saman med fotografar og komponistar, bilethoggarar og grafikarar, men aller best likar eg å jobba slik at eg er heilt aleine med noko inne i meg som vil uttrykkjast og kjem fram av seg sjølv fordi eg har tid til å venta på det og lytta til det. Men andre ord så likar eg å leva slik at poesien vert ein del av kvardagen, at eg har stille nok i meg og nok av den type overskot som skal til for å gje frå seg noko som betyr noko.

(Dagbladet.no 19.02.03)