Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Tragikomisk målstyring

Viss det media har skrive om denne saka er tilnærma rett, er det beint fram galskap sett i system.

TALLKNUST: «Målstyring må handle om å arbeide etter mål, ikkje om å måle og rapportere kvar einaste kvantifiserbare handling», skriver Unio-leder Anders Folkestad.
TALLKNUST: «Målstyring må handle om å arbeide etter mål, ikkje om å måle og rapportere kvar einaste kvantifiserbare handling», skriver Unio-leder Anders Folkestad. Vis mer
Meninger
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Jeg har møtt elever som kom seg gjennom skolen takket være en engasjert lærer.» Det var nok mange lærarar - og andre - som likte orda frå statsminister Erna Solberg i nyttårstalen. Engasjerte lærarar fortener støtte frå eigen arbeidsgjevar. Slik er det ikkje alltid. Det viser mellom anna den målstyringsfarsen som no blir avdekka i Sandefjord kommune.

Fleire media har slått opp at to lærarar er truga med oppseiing av arbeidsgjevaren sin, Sandefjord kommune. Fleire skal også vere i faresonen. Slikt er alvorleg. Då må ein tru at det er grov tenesteforsøming som ligg bak.

Men «brotsverket» desse to er skulda for er å nekte å følgje opp eit omfattande rapporteringsregime kommunen har vedtatt. Lærarane i kommunen skal rapportere på kvar einskild elev i eit omfang som mildt sagt verkar tragikomisk. Viss det media har skrive om denne saka er tilnærma rett, er det beint fram galskap sett i system.

Det er kommunen, ikkje lærarane, som er ute av kurs. Dei styrande, enten det er politikarar eller administrasjon, har visst ikkje fått med seg styrings- og rapporteringsdebatten som har gått føre seg det siste året. Kritikken mot detaljprega målstyring har vore massiv.

Unio er ikkje mot all målstyring. Men målstyring må handle om å arbeide etter mål, ikkje om å måle og rapportere kvar einaste kvantifiserbare handling. Som professor Åge Johnsen skreiv i ein kronikk: «Problemet er at dette systemet med altomfattende målformuleringer, detaljerte aktivitetsregistreringer og rapportering for kontrollformål, ikke er målstyring slik mange synes å tro, men snarere aktivitetsstyring, (sentral) planlegging eller i beste fall stram politisk detaljstyring».

På sitt beste inneber målstyring at styresmakter eller lokal leiing, arbeider fram gode strategiske mål, og at kompetente tilsette får tillit til å avgjere korleis måla best kan oppfyllast. Vi har fått altfor sterkt fokus på resultat som kan teljast - altså kvantitative resultat - framfor kvalitative. Og ein kontrollkultur som altfor ofte signaliserer mangel på tillit til dei tilsette. Målstyringa har dessuten kome i vanry, fordi den blei innført og praktisert parallelt med og som eit element i New Public Management.

I Sandefjord argumenterer ikkje kommuneleiinga fagleg for vedtaka sine. I staden tyr ein til trugsmål eller formalisme. I Sandefjord bør ein no skaffe seg nye vedtak. Hent, om nødvendig, fram ein viktig fjellvettregel, og innsjå at det er best å snu, og det raskt. Lærarane fortener derimot ros og støtte.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!