Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Treff- sikker poet

Sterke meldingar frå hadelandske hagar og kjærleikens innvolar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

BOK: Ei samling dikt så rik på så mykje, at ein stakkars kritikar ender opp med lysta til å skriva ho av bokstav for bokstav, for at lesaren av denne meldinga skal sjå det heile, styrke som veikskap, og oppleva denne treffsikre poeten langsamt gå omkring og setja namn på ting som lever. Dette tyder: Les sjølv!

Johanssens metode er å smyga verda og dei store perspektiva inn i bileta han skildrar sitt nære liv med. Han gjer det med bokstavar som har døden på den andre sida. Han er dristig og fri: «jeg tvinges til frihet. » Dei få gongene det ikkje fungerer er når setningane vert for fikse, for lette: «Kan min evige sjel forsvinne med et knips i fingrene? Kommer jeg aldri til semifinalen i mitt eget liv?

Men fundamentalt og berande i denne flotte boka er ein poet som har koma fram der han går, og som med sitt store hovud ber stjernene og orkideane fram for oss, saman med «vepsebol (som) varslar om vakre dikt/dyppet i hoggormgift». Poeten som plutselig ser tingen lyse i «en sublim, underbelyst idé, i alt ødelagt og gjenoppstått. Dette er ein diktar som i same andedrag kan skriva om ei mor som riser jesusbarnet med flat hand og «den varme pizzaen (som) avgir en lukt som minner om noe jeg kunne vært». Ingenting er for lite, ingenting er for stort. Til og med eit bilvrak i elva etter ei ulykke vert her til eit vakkert kunstverk med metafysiske perspektiv. Det finst i kvar einaste dikt ei samansmelting av det vakre og døden, av energisk opprør og forsoning, som i ordet kobra-lilje og i desse linjene:

Og jeg har sittet rolig på en benk

og lest poesi mens en morder gikk forbi.

Igjen og igjen vert ein slått av linjer og passasjer som er så vakre og innhaldsrike at ein må stoppe opp, leggje boka frå seg og gå omkring.