Trekk bokbransjerapporten!

KONKURRANSETILSYNETS

rapport om bokbransjen som dir. Fridstrøm er ansvarleg for, blir av mange opplevd som så misvisande og upåliteleg på fleire punkt at ein må kunne å spørje:

Er det ikkje best å trekkje rapporten? T.d. hevdar den at «Bøker er billegare, både absolutt og relativt i Sverige». Det kan sjølvsagt vere rett, men kvifor påviser dei det da ikkje? Det er aldri lagt fram eit einaste tal som syner at det er slik. Løyland og Ringstad har derimot vist at 1980-2000 var «frie bokpriser, (t.d. Sverige), mer prisdrivende enn faste priser, (t.d. Noreg)».

Prisen på vilkårlege boktitlar eg fann hos Norli låg under prisane hos Bokpris i Sverige og Amazon i England! Ikkje ei vitskapleg gransking, men likevel betre enn tilsynets som ikkje har granska. Heller ikkje stjerneprisar i Sverige der lønnsnivået er 30 % lågare og skattenivået 10 % høgare enn hos oss, gav relativt sett billegare bøker enn i Noreg.

For tilsynet var omlegginga i Sverige til fripris ein suksess: «Mange nye forlag har vorte etablerte». Men rapportar frå svenske styresmakter og kulturministeriet i Danmark tilseier at omlegginga var nærare ein katastrofe enn ein suksess.

Fastprisbortfallet gav først bortfall av kvalitetsbøker med små opplag. Staten måtte inn med produksjonsstøtte og seinare distribusjonsstøtte for å få dei ut til publikum. Bokhandlarar gjekk inn, staten måtte trø til med bokhandlarstøtte.

I TILLEGG

til mangel på empiri, er rapporten heller ikkje vitskapleg fundert. Dette er påvist av økonomane Riis og Moen. I staden for å byggje på dei økonomiske teoretikarane og teoriane som gjeld i og utanfor Noreg, grunnar tilsynet sentrale påstandar dels på marginale kommentatorar.

I Noreg har vi ordningar som dokumentert fungerer, med eitt av verdas beste bokhandlarnett og eit bokkonsum i verdstoppen - dobbelt så mange som i Sverige. Om svenske ordningar er meir effektive enn våre, må tilsynet kunne dokumentere det. Kvifor skulle vi elles forandre noko som fungerer bra?

Konkurransetilsynets bokbransjerapport blir dermed for meg ikkje heilt heiderleg, med bastante konklusjonar som den ikkje gir grunnlag for å trekkje. Eg mistrur ikkje tilsynets motiv når dei seier at dei vil «rettleie bransjen» i forhold til den nye konkurranselova. Men det gjer dei ikkje med denne rapporten. Det kan derfor synast som at det mest reinhårige no er å trekkje heile rapporten og utarbeide ein ny, fundert på vitskaplege kjelder og erfaringsmateriale. Berre da kan konkurransetilsynet gjenopprette truverdet.