Trendy frå Bygde-Norge

«Kven er det som set trendane i dagens samfunn?»

KORLEIS KAN det ha seg at noen av dei mest populære TV-programma våre, slike som «Farmen», «Jakten på kjærligheten», «Norge rundt» og «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu» har bygda og landbruket som bakgrunn? Samtidig som mange byfolk, særleg mellom dei unge og velutdanna, vender bygda ryggen, både mentalt og materielt? Er dette uttrykk for eit paradoks, eller er det snakk om skilde klodar som kvar for seg har ulike livsstilar og verdiar? Det som er trendy i noen krinsar, kan vera harry i andre. For det første: kven er det som set trendane i dagens samfunn? Dette spørsmålet har slått meg etter kvart som nye trendar frå der ute slår raskt inn med aukande kraft, både i by og bygd. Førestillinga om eit etterslep, at folk på bygdene heng etter når det gjeld å ta opp nye ting står sterkt, i alle fall i byane.

GEOGRAFEN Siri Bjaarstad har spurt Oslo-ungdom om korleis dei ser for seg dei menneska som lever på bygda i dag, og kjem opp med karakteristikkar som «harry», «rånete», «primitive» og «skeptiske». Samtidig har dei lite personleg erfaring med korleis bygdefolk faktisk lever, og dei føler ingen tilhørighet til bygda. Ved å konstruere dette bildet av bygda, greier dei også å skape eit bilde av seg sjølve som «trendy», «up to date» og «tolerante». Dette er den gamle historia om symbolsk dominans, der den «høgkulturelle» oppfatninga i byane har hatt definisjonsmakt til å definere seg sjølv over «lågkulturen» i bygdene. Yngre mediefolk, særleg dei frå Oslo og det sentrale Austlandet, lagar forteljingar i lyd, bilde og på trykk som held liv i denne oppfatninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

MEN LA MEG løfte fram noen trønderske trendsettarar som teiknar eit anna bilde av bygda enn dei vi kan finne i urbanistiske fordommar. Dagbladet sine lesarar vil vera vel kjent med Storåsfestivalen, som har vorte eit trendsettande musikkarrangement med stort gjennomslag langt ut over Trøndelags grenser. Det er farleg å nemne namn om eit så stort felles løft som heile lokalsamfunnet står bak, men utan musikaren Sveinung Sundli og meldalsordførar Arne L. Haugen, har det knapt nok vore noen festival i industrilokala etter sagnomsuste Storås Sag og Høvleri. Her er det verkeleg bygdeutvikling med sjumilssteg, frå ferdighusindustri til kulturindustri på 15 år. Dersom vi tar med utviklinga av kulturindustrien rundt Gammelgruva på Løkken, ser vi eit bygdesamfunn som har klart å fornye seg i ein vanskeleg periode. Dei klarte det på Aker Brygge, dei klarte det på Nedre Elvehavn, men jaggu har dei klart å fornye seg i Meldal og. Typisk er det vel at meldalingane ikkje berre har løfta fram sine eigne talent, men også gitt vokstervilkår for dyktige bygdeungdomar frå nabobygdene, slike som Gunnhild og Sveinung Sundli frå Orkdal og Ronny Kjøsen frå Hølonda. Meldal har vorte ein trendsettar i omstilling og satsing på ungdom. Få har vel fortent plassen sin på Stortinget meir enn ex-ordførar Arne L. Haugen.

EIN ANNAN kulturrevolusjon i bygdene har vore framveksten av gardsysteria. Sant nok er ikkje dette fenomenet i utgangspunktet korkje trøndersk eller norsk, snarare fransk eller italiensk. At det skulle bli 140 produsentar og 500 ostar på 10 år, hadde vel ingen drøymt om. For meg står Astrid Aasen på Øvre Gangstad fram som den ypparste trendsettar i dette beitet. Ektemann og fjøskar Perry Frøysadal får ha meg unnskyldt, men når ho står fram med all sin sjarm og trollbind publikum med forteljinga om gardsostane frå Gangstad Gårdsysteri, så må du berre ha ein Gangstad Blå. Og Astrid er ikkje den som tar av, med trygge bein i ein open bondetradisjon er ho i stand til å finne sin eigen veg. Det er i dag mye snakk om oppskalering og auka forteneste, og med rette. Det går ikkje an å drive småskala matproduksjon på dugnad. Men dei som har hatt suksess har bygd stein på stein, tatt steg for steg, og ikkje latt seg freiste av raske utsikter til vekst. Ein heilt ekstra robust styrke i marknadsføringa gir nettverket av 20 småbedrifter innan kunsthandverk, reiseliv og småskala mat i «Den gyldne omvei» på Inderøy i Nord-Trøndelag. Slike suksessar lar seg ikkje kopiere, men trenden er sett. Ein annan trendsettar, som prøver å vera bygdetulling utan å vera det, er Lornts Mørkved, initiativtakar og pådrivar attom Norsk Revyfestival. I 1985 etablerte han i tillegg det nyskapande selskapet Høylandet Film og TV-produksjon, som framleis leverer god vare til TV-ruta. Han fekk nettopp Señor Lyng-prisen «som har som formål å gi et ekstra skulderklapp til nordtrøndere som har utmerket seg med kreative, dristige og framtidsrettede prosjekter innenfor næringsliv og/eller kultur». I Mørkveds ånd har det grodd fram ei heil revyrørsle, som også har slått rot i byane. I denne samanheng bør og nemnast Hans Rotmo, ein annan trendsettande trønder med bygdebakgrunn.

INNAFOR treskjeringsfaget finn vi også tre trendsettarar her i Trøndelag: «Brødrene Bjørndalsæter» i Oppdal. Oppe i Nordilia ved Gamle Kongeveg har dei tre brørne skapt eit kunstnarrike, skore i tre. I verkstaden deira finn du mytiske figurar bak kvart hjørne. Dragar, akantusrankar og band flettar seg saman i ein ny stilart; BB-stilen. Det har nok ikkje alltid vore like feitt å leva av treskjeringa, men takka vera den nye trenden med lafta hytter i tradisjonell stil, så har dei utvikla ei betydeleg kunst- og handverksbedrift under fjellbandet. Da Kjell Inge Røkke etablerte kongsgard i fjellheimen, fekk desse multikunstnarane utfalde og utvikle seg under vengene til tolmodig kapital. Mange meiner mye om Røkke, men hyttetunet i Oppdal blir ståande lenge. Røkke bør også bli hugsa som den som gav gode vekstvilkår for dei evnerike treskjerarane i Nordilia. Ingen av dei flytta meir enn to hundre meter frå der dei vaks opp, men trenden dei skapte rekk vidt ut. På Jådåren i Beitstad veks det rundt Per Tore Bratberg og hans kumpanar fram eit husdyrimperium i kjøtt, mjølk og egg. Nord-Jådåren samdrift har ikkje berre vore populærehos landbruksforvaltninga i Nord-Trøndelag når dei tøyer regelverket. Men desse folka vil noe med bygda si, dei har skapt ein næringsklynge innan husdyrbruk som folk valfartar til, og dei prøver ut framtida. Framleis er det mange som sit på gjerdet for å sjå korleis det går, men bygdene kan ikkje leva av at alle sit på gjerdet. No ser det ut til at samarbeidsklyngar av bønder som vil satse, blir ein ny trend.

EI BEKYMRING hos oss som ønskjer spreidd busetting og landbruk over heile landet er at desse framgangsrike trendsettarane tar ein så stor del av marknaden at det blir lite att til andre. Men trenden er skapt, den vil spreie seg, og det blir opp til styresmaktene for vårt politiske landbruk å styre den inn i eit konstruktivt spor. Vi som lever og verkar for bygda må få lov å vera stolte av det bygdene har fått til. Det er ikkje lenger pessimisten som er trendsettar på bygdene!