Treng vi fleire universitet?

Vi står no overfor ein heilt ny situasjon for høgare utdanning og forskning i Norge.

Ein gong i tida var det eit klart skilje mellom universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar i Norge. Det er lenge sidan. Den utviklinga som no har kulminert i Mjøs-utvalets framlegg til reglar for «opprykk» til universitet for statlige høgskolar og departementets respons på framlegget gjennom Stortingsmelding nr. 27 (2000- 2001), tok til på slutten av 60-talet med etableringa av distriktshøgskolane. Men det var først da Gudmund Hernes i 1994 gjennomførte ei omfattande samanslåing av eit hundretals forskjellige høgskolar til dagens 26 statlige høgskolar, at utviklinga skaut fart. Ei ny felles universitets- og høgskolelov frå 1995 trekte i same retning. Rett nok pålegg lova universiteta og dei vitskaplige høgskolane eit «særskilt nasjonalt ansvar» for grunnforsking og forskarutdanning, men dei statlige høgskolane kan likevel tilleggast eit tilsvarande ansvar på sine særskilde fagområde. Såleis har høgskolane i Stavanger, Agder og Bodø fått rett til å tildele doktorgrad innanfor «særskilte fagområder», Bodø rett nok på midlertidig basis. Og andre høgskolar ligg i startgropa; søknader om doktorgradsrett frå fleire institusjonar er no under behandling i Norgesnett-rådet.

Det er denne utviklinga som har ført til at spørsmålet om universitetsstatus og/eller bruk av universitetsnamnet for utvalde høgskolar er blitt aktuelt. Ironisk nok er det dei grepa Gudmund Hernes gjorde da han var KUF-statsråd, som har gjort det mulig for fleire statlige høgskolar å aspirere til universitetsstatus. Ironisk, fordi Hernes sjølv var sterkt imot den utviklinga politikken hans i ettertid har ført til.

Så verda har altså endra seg sidan Hernes' statsrådstid. Forslaget til Mjøs-utvalet går ut på at ein høgskole som har rett til å tildele doktorgrad og gje forskaropplæring på minst fire område, og som har eit sjølvstendig ansvar for hovudfags-, sivilingeniør- og mastergradsutdanning på minst fem område, skal kunne kalle seg universitet. St.meld. nr. 27 går inn for det same, men på eit anna grunnlag. Her er det tilstrekkelig med permanent doktorgradsrett på eitt område for å kunne søkje om å ta i bruk universitetsnamnet. Det blir presisert at universitetsfunksjonen i slike tilfelle skal vere avgrensa til det området der institusjonen gjev doktorgrad. Både Mjøs-utvalet og stortingsmeldinga slår fast at landet ikkje har behov for fleire klassiske universitet (som er uttrykket Mjøs-utvalet bruker) eller breiddeuniversitet (uttrykket i stortingsmeldinga).

Kva skal ein så meine om dette? Treng Norge fleire universitet, breie eller smale? Det spørst kva ein legg i universitetsomgrepet. Striden er ein strid om både namn og funksjon. Det er mange som meiner at utviklinga dei siste åra er ei ulykke. Dei klager over at knappe ressursar til forsking blir spreidde altfor tynt utover. Somme hevdar at mangfaldet i høgare utdanning blir skadelidande. Dei høgskolane som trår etter namnet universitet, satsar alle ressursane sine på å utvikle doktorgradsprogram, og det rammar særlig dei praktisk orienterte profesjonsutdanningane. Andre hevdar derimot at det er ein stor fordel at utdanningssystemet vårt har incentiv og verkemiddel som oppmuntrar dei tilsette til å strekke seg faglig. Det hevar kvaliteten og skjerpar konkurransen.

Uansett kva ein måtte meine, kan vi slå fast av vi no står overfor ein heilt ny situasjon for høgare utdanning og forsking i Norge. Før var universitet noko Stortinget vedtok skulle opprettast frå grunnen av. Og det følgde sjølvsagt ressursar med eit vedtak om å etablere eit nytt universitet. No etablerer ein ikkje lenger nye universitet; strategien er heller å døype om gamle høgskolar. Det har skjedd andre stader rg, t.d. i England, der dei tidligare «polytechnics» under Margaret Thatcher gjekk over til å bli «universities» frå den eine dagen til den andre. I Sverige har tre tidligare høgskolar fått ta i bruk nemninga universitet. Dei har altså eit system som minner om det vi kan sjå for oss kan bli innført her til lands.

Dei som ønskjer seg tilbake til gamle dagar, har trulig alt tapt. Det er sannsynligvis fleirtal på Stortinget for ein eller annan variant av ei «opprykksordning». At nokon misliker nemninga «opprykk» i denne samanhengen, er ei anna sak. Men det er faktisk det det handlar om. Eg ser ingen grunn til å tilsløre realitetane gjennom å tilsløre språkbruken.

Kva for eit av dei to framlegga er det beste? Aller først er det nødvendig å understreke at det synest vere brei semje om at vi ikkje har behov for fleire breiddeuniversitet enn dei fire som vi alt har. Det er rg viktig å ha klart for seg at om t.d. Høgskolen i Stavanger og Høgskolen i Agder får høve til å kalle seg universitet, inneber det at tradisjonelle høgskoleutdanningar, som ikkje finst på noko universitet, som m.a. allmennlærarutdanning, ingeniørutdanning og diverse helseprofesjonsutdanningar, blir inkluderte i ein institusjon som ber nemninga universitet. Det vil også vere noko heilt nytt.

Mjøs-utvalet går inn for å stille relativt høge krav til ein høgskole som skal få lov til å kalle seg universitet. Så om Stortinget vel dette framlegget, er det lett å spå at aktuelle høgskolar vil legge ned mykje arbeid for å innfri krava. Det vil seie at store ressursar vil bli brukte til det. Ein kan da spørje seg om dette vil vere vettig ressursbruk i ei tid da høgare utdanning og forsking i Norge generelt sett er underfinansiert. Eit anna viktig spørsmål er om det vil komme til å representere ein homogeniserings- og einsrettingstendens som øydelegg for mangfaldet i høgare utdanning. Og aller mest problematisk: Vil ikkje krava Mjøs-utvalet stiller, nettopp måtte føre til at det blir utvikla fleire breiddeuniversitet, noko alle seier ikkje må få skje?

Kva så med framlegget i St.meld. nr. 27? Så langt eg forstår, inneber det at høgskolane i Stavanger og Agder alt no innfrir krava og vil kunne søkje om å ta i bruk universitetsnemninga umiddelbart. Det vil trulig rg vere nokså enkelt for fleire andre statlige høgskolar å utvikle seg i same retning. Ressurskonsekvensane av dette framlegget er opplagt mindre dramatiske enn av framlegget frå Mjøs-utvalet.

Det kapitlet i stortingsmeldinga som behandlar dette spørsmålet, blir innleidd med eit sitat frå Shakespeares «Romeo and Juliet»: «That which we call a rose / By any other name would smell as sweet; / So Romeo would, were he not Romeo call'd / Retain that dear perfection which he owes». Ei rose ville altså vere ei rose om vi hadde kalla ho noko anna. Det er ei grunnleggande lingvistisk innsikt at nemninga på det som blir namnsett, ein gjenstand eller kva det måtte vere, er vilkårlig eller arbitrær, som lingvistane gjerne seier. Denne grunninnsikta burde strengt tatt føre til at ein let dei institusjonane som vil, kalle seg universitet. Men det gjør verken Mjøs-utvalet eller stortingsmeldinga.

Problemet er jo ikkje namnet som sådant, men den rangeringa som i dag finst i sektoren med universiteta «over» høgskolane. Statusrangeringa av forsking «over» undervisning er rg eit problem i denne samanhengen. Dersom ein ønskjer å gje undervisning tilnærma same status som forsking, er det framlegget frå Mjøs-utvalet som er mest kontraproduktivt. Det vil bare vidareføre og forsterke status quo. Av dei to framlegga har eg derfor komme til at det er regjeringas framlegg som er mest støtteverdig, jamvel om det undrar meg at ingen for alvor har tatt opp spørsmålet om det ikkje vil vere det beste å skjere tvers gjennom den gordiske knuten og la institusjonane sjølve bestemme kva dei skal heite.