MESS: Olje og energiminister Tord Lien på oljemessa ONS i Stavanger. Foto: NTB Scanpix
MESS: Olje og energiminister Tord Lien på oljemessa ONS i Stavanger. Foto: NTB ScanpixVis mer

Trist som faen

Spotten held tankane i taum.

Kommentar

DENNE VEKA har oljeminister Tord Lien latt galskapen få rå. Då han gløymde avtalen med Trine Skei Grande utanfor LoVe, bles det så hardt på toppane at Erna Solberg måtte setta seg på han og bruka energi på å stilla stormen. Til akkompagnement av Åge Aleksandersen.

BOMSTASJONSMINISTER Ketil Solvik-Olsen og partiet for bilistar flest vil køyra over Norges Automobil-Forbund, som har vore organisasjonen for dei fleste bilistar. NAF er ein svikar fordi dei nå kallar seg interesseorganisasjon for alle trafikantar og går inn for vegprising. Fremskrittspartiet er med på grøne skift som samla fører til at bilistane kjem betre ut.

FABIAN STANG har gått i vatnet igjen. Han har fått det for seg at norsk hoppsport vil få dårlig skiføring og falla dersom det blir hoppa med LO-logo. Ettersom denne spalta blir lagt ut på facebook, kan ho dessverre ikkje illustrerast med bilde av då Stang gjekk i vatnet med rumpa bar i Stein Erik Hagens 50 årsdag, for då ville Dagbladet ha blitt sensurert og stengt ute av Mark Zuckerberg.

FOR Å BALANSERA LOs bidrag til Arbeiderpartiet, kvar nå Jonas Gahr Støre måtte hoppa, har Rimi-Hagen lagt fem millionar i Høgres tiggarkopp og lova eit betydelig beløp til Siv Jensens parti. Det skal sikra Erna Solberg ein plass i Nasjonalmuseet fire år til. Beløpet er omtrent det same som familiefirmaet Canica har fått att i spart formueskatt.

AFTENPOSTEN må sparka folk fordi Schibsted lar annonsemilliardane gå til finn.no mens polarisen sig inn over norske aviser. Det er trist som faen, men ikkje rart når finn.no publiserer særskrivingsperler som denne: "Prinsesse pult i vinkel gis bort. Godt brukt". Ari Behn, svigerson frå Helvete, kva har du gjort?

TAKK FOR MEG, gode lesar. Dette er mitt siste Sideblikk. Det vil sikkert gleda fleire småtroll på nettet enn det vil ergra noen av dokke som er att på papir. Takk for følgje og skifte. Det er vemodig for ein som har vore spaltist, husnisse og gjengangar i Dagbladet i 45 år. Men det er ikkje sikkert at dere blir heilt kvitt meg, for det ligg ein bortgøymd tone og dirrar mellom oss. Eg seier farvel og lar dette vera mine siste ord:

We'll meet again

Don't know where

Don't know when

But I know we'll meet again

Some sunny day

ALLER SISTE ORD deler eg mellom vismannen Predikaren og årets 100-års jubilant, Tor Jonsson: «Spotten held tankane i taum». Predikaren minner om at alt har si tid, men han hadde også denne erkjenninga (Fork 1,17.18):

Eg la vinn på å læra visdom å kjenna,

å få kjennskap til vitløyse og dårskap.

Men eg fann at det òg er jag etter vind.

For med stor visdom fylgjer mange suter.

Den som auka sin kunnskap, aukar si kvide.