Trond «Prinsipplaus» Giske

STATSKIRKE: Måndag 19. mars fekk Trond Giske med seg statsministeren og eit samrøystes sentralstyre i Arbeidarpartiet på at Noreg enno skal ha ei statskyrkje. Dette er eit slag i andletet på norske muslimar og andre religiøse minoritetar. I staden for å seie at den norske staten skal vere like mykje for alle, graderer Ap religionane. Ap vil til dømes at det i grunnlovas § 4 enno skal stå: «Kongen skal stedse [alltid] bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne». Du er mest norsk om du er kristen. Du er ikkje skikkeleg norsk om du er muslim. Med helsing Det norske arbeidarparti.Som kulturminister har Trond Giske tatt initiativ til «Mangfoldsåret 2008». Kulturmisteren utfordrar mellom anna institusjonsteatra og krev at skodespelarar, forfattarar og publikum reflekterer at samfunnet er fleirkulturelt. Som kyrkjeminister går han så inn for at Noreg framleis skal ha ei kristen statskyrkje. Som kulturminister er det om å gjere å inkludere minoritetar. Som kyrkjeminister ekskluderer han dei. Kor prinsipplaus går det an å bli - jamvel for ein Ap-statsråd?

DAGENS grunnlovsbestemming om at halvparten av regjeringas medlemmer skal tilhøyre den kristne religionen, er i strid med menneskerettane. Difor kan ikkje bestemminga oppretthaldast, også Ap vil fjerne ho. Dermed oppstår problemet for Ap: Skal biskopane utpeikast av ei regjering som i prinsippet ikkje har ein einaste kristen statsråd? Giske og Ap veit svaret: Kyrkjeministeren skal jo vere kristen! Som om menneskerettskrenkinga då vert borte. Meiner sentralstyret i Ap at det er i tråd med menneskerettane at ein muslim ikkje skal kunne bli kyrkjeminister i Noreg?

KAMPEN FOR anerkjenning gjeld ikkje berre i dagleglivet. Han handlar minst like mykje om å få dei offisielle, norske institusjonane til reflektere at samfunnet består av muslimar og andre minoritetar òg. I staden for å gje eit handslag til dei unge og modige muslimane, nærast hånar Arbeidarpartiets sentralstyre kampen deira. Slik går det når vi i staden for ein religionsminister med evne og vilje til vidsyn har Trond «Prinsipplaus» Giske som kultur- og kyrkjeminister.