Trua på marknaden

Staten må ha fleire tankar i hovudet enn økonomisk effektivitet og konkurranse.

I EIT PAR søndagar har Kåre Valebrokk i Aftenposten deklarert si sterke tru på marknaden og den næringsnøytrale staten. For det har han terga på seg fleire. Valebrokk meiner at det vi ser rundt oss, dagens økonomiske resultat, byggjer opp under denne hans sterke tru, medan historia viser kor gale den næringsaktive staten kan stelle seg.Sitt credo formulerer han slik: «Men innenfor de grenser myndighetene trekker opp, er markedet definitivt det mest effektive instrument når samfunnets ressurser skal fordeles effektivt. Markedet driver ikke politikk. Markedet innskrenker seg til å virke.»Med andre ord: Staten er ein vektarstat, også i økonomien. Målet er effektivitet, også når det er snakk om fordeling. Marknaden er over og utanfor politikken.Som tidlegare påvist i debatten, er dette underleg tale om vi ser til historia. Ho er full av statleg næringspolitikk og marknadsreguleringar. Valebrokk klagar over at økonomiprofessor Reinert går så langt tilbake i historia med sine døme, fleire hundreår. Det finst eit rikt materiale nærare, som t.d. ein av dei store i moderne norsk historie: Gunnar Knudsen. I den nye boka si seier Francis Sejersted at Gunnar Knudsen «hadde ingeniørens mistro til markedet», og då Christian Michelsen skulda han for å vere «statssosialist», slo han frå seg og hevda at han ville bruke «statsforanstaltning» når «det er fornuftig og stemmer med sund sans.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

SÅ VAR DEI litt korka dei som fór før oss. Dei vandra i mørkret og såg ikkje den sola som omsider rann omkring 1990, då marknadens evangelium fekk gjennomslag, med Kåre Valebrokk som ein av evangelistane. Og det enda gale med dei.Ein skal vere forsiktig med å tolke og konkludere for mykje når ein arbeider med Historia. Ho er lumsk og mangtydig, og mange bastante historietolkarar er blitt hengjande i piggtråden til spott og spe for ei uærbødig ettertid. Men litt kan ein våge. Ein tanke som Historia nesten alltid har mora seg med å gjere til spott og spe, er tanken på at vi er framkomne, at det var hit vi skulle, at vi no, omsider, har sett lyset når det gjeld samfunnsordning og styringsform, etter at forfedrene våre forvilla har vima omkring i mørkret. Tanken er svært vanleg gjennom tidene, og det er historisk dekning for å møte han med mistru.For det Valebrokk seier i sitatet ovanfor, blir også underleg tale om vi ser oss rundt i dette samfunnet med den lovprisa næringsnøytraliteten. Når sitatet skurrar, både mot fortida og samtida, kan det vere fordi Valebrokk opererer med eit innskrenka statsomgrep. Med si insistering på effektivitet, prøver han å gjerde Staten inne, eller ute, i næringspolitikken.Dei fleste av oss har daglege problem med å halde orden på ein tanke i hovudet om gongen. To er reint for mykje, og blir det fleire, går det beint i surr og vi byrjar gjere underlege ting.

I ØKONOMI ER STATEN ein underleg aktør, og historia om Staten som økonomisk aktør er i sanning underleg, med fiaskoar og sukssessar, ruinar og praktbygg, det har Valebrokk rett i. I så måte liknar denne historia anna økonomisk historie, også privatkapitalismens. Konkurs og økonomisk katastrofe er ikkje ei statleg spesialøving, som Valebrokk godt veit.Grunnane til dette er nok at Staten er ein økonomisk aktør som må ha mange tankar i hovudet på ein gong. Effektivitet er ein av dei, men ikkje den einaste. Og her skiljer Staten seg frå Valebrokks marknadsaktørar og favorittar. Og dette forklarer norsk jordbrukspolitikk, distriktsutbygging og mykje meir, som Valebrokk har lite godt å seie om.Og dette forklarer kvifor det er så mykje underleg å sjå i vår eiga tid, om vi prøver å sjå det frå ein marknadsevangelisk synsvinkel. Og difor blir Valebrokks tale om samtida også underleg tale, som det var det om fortida.Ein ting er at vi har lagt våre to største næringar utanfor marknaden, helsestellet og skulen. Dette ser det ut til å vere tungt å endre på. Gammaltrua er sterk.

EIN ANNAN TING er at Staten, frå marknadsevangelisk synsvinkel, er så irrasjonell. Tradisjonelt er han ein skatteinnkrevjar, til tider ein rein flåar, som i alle dei europeiske krigane. Vår stat er nok i så måte ein av dei mildaste statane vi nokon gong har hatt. Når han så har samla inn pengane, tek han på seg spanderbuksene og julenisseskjegget og går ut og spreier dei igjen, på underleg vis. Folk som smeltar metall får nokre hundre millionar i handa for å greie seg. Det får dei som gjev ut aviser og bøker også. Ved store fusjonar modifiserer Staten skattereglane ei kort stund, og legg nokre hundre millionar i potten for å få fusjonen i orden. Då skipsfarten, vår mest statskritiske næring, havarerte på 70-talet, kom Staten springande med ein stor pose pengar for å halde dei flytande. Og då bankane, ei anna statskritisk næring, hadde fått ulivssår og låg og forblødde rundt 1990, var det Staten som kom med transfusjonsutstyr og blodplasma. Det var ikkje tid for næringsnøytralitet.Det viser ei anna side ved denne irrasjonelle Staten. Han er den som blir når dei andre går, etter at dei har rota det det skikkeleg til i marknaden.

DET RARASTE i vår tid, om vi ser det frå marknadsevangelisk synsvinkel, er nok likevel den måten Staten har handtert ei av våre nye næringar på: Fjernsynet. Då monopoltida var ute, og også vi skulle få marksendt reklamefjernsyn, valde Staten ei dobbelmonopolløysing. Vi fekk to store norske aktørar. Den eine fekk monopol på lisensinnsamling. Den andre fekk monopol på marksendt reklamefjernsyn. All røynsle tilseier at eit slikt monopol er ein pengemaskin, det som under merkantilismen vart kalla eit privilegium, og som frihandelstilhengarane slåst innbitt imot. Privilegium tyder ordrett omsett det som er før eller utanfor lova, og dei som fekk privilegiet frå Staten har tent gode pengar, og betalt gode lønner. Av og til gjer ukloke og uheldige vedtak at det går hol i kassa, og millionane fossar ut. Men slikt hender både her og der.Det er ikkje lett å tenkje seg ei mindre næringsnøytral ordning enn den som Staten valde her, og det er ikkje lett å finne ein meir merkantilistisk privilegiebaron enn Kåre Valebrokk.Han ser ut til å trivast der han sit. Eg seier ikkje at dette er skurkaktig, dumt og gale. Eg seier berre at det i ekstrem grad illustrerer at Staten må ha fleire tankar i hovudet enn økonomisk effektivitet og konkurranse. Det er godt at han har det.

SÅ FÅR KJELL INGE RØKKE ei gardinpreike av Valebrokk. Han, sjølve profeten, vaklar i trua og spreier vranglære. Nøytralitetet skaper ikkje vinnarar, seier han, og det er læreavvik hos Valebrokk. Og Valebrokk talar til Røkke som predikanten talar til den fråfalne: Du var ein av våre! Fråfallet ditt gjer oss vondt! Kom heim til farshuset!Vi som ser frå avstand, som har sett Røkkes vandring i regjeringskontor og andre kontor, kan saktens lure på kor rein og sterk i trua Røkke i grunnen har vore. Kanskje han reint ut har vore ein skaptilhengjar av ein aktiv stat, som så mange andre i næringslivet? Og kva trur Valebrokk at Gerhard Schrøder og Kjell Inge Røkke snakka om på dei mediefokuserte middagane sine. Tysk fotball?Så er kanskje Kåre Valebrokk ein figur som iallafall vi med bakgrunn frå bedehuset kjenner att: Den bastante predikanten med klåre synspunkt og greie svar, og med ein pisk for synd og læreavvik. Vi som sat nede i benkene bøygde oss under tukta og slaga, før vi omsider rusla heim og sidan baska oss fram så godt vi kunne.Å styre etter predikantens ord vart ofte for vanskeleg for oss.