Truverdige biografiar

BIOGRAFIER: I sine refleksjonar om biografisjangeren 12.10 skriv Andreas Wiese at stempelet «autorisert» ikkje nødvendigvis gir større truverde og høgare sanningsnivå enn «uautorisert.» Det kan han - under visse forhold - ha rett i.

For eit lesande publikum er vel det viktigaste at ei bok er lesverdig, at ho gir eit så komplett og allsidig bilete av den omtalte personlegdomen som råd er. I tilfellet Olav Thon kan ein velja om ein vil gi eit omfattande og aktuelt bilete av mannen eller om ein vil konsentrere boka om eit par utvalde (gamle og negative) saker, med dei avgrensingane i underhaldningsnivået dette fører til.

Når det gjeld eit par spesielle punkt frå ei rettssak i 1950-åra, omtalt i begge Thon-bøkene, har Andreas Wiese ingen føresetnader for å utrope den eine boka som «sannare» enn den andre. Eit relevant spørsmål: Leitar biografen etter sanninga? Står den generelle framstillinga til truande når vedkomande ringer til redaktøren av Ål bygdesoge med spørsmål om det verserer historier om Olav Thon oppi dalen, og at han i så fall «ikke vil ha positive ting, bare negative.» Er agendaen tillitvekkjande, etter at biografen i 1988 måtte på kne for Olav Thon etter den famøse artikkelen i Økonomisk Rapport der det låg mellom linene at Thon sette fyr på eigedomane sine? Journalisten den gongen, i dag «biografen», måtte vera med på det forsmedelege å skrive ein unnskyld-artikkel fremst i bladet og betala ein femsifra pengesum til ein humanitær organisasjon.

For min eigen del har eg gjort det klart både i prologen i boka og i intervju med Morgenbladet: «Olav Thon – milliardær i anorakk» er ikkje lagt opp som ein uttømande biografi, men som eit portrett.