GROVT MISBRUK: Høyre driver grovt misbruk av Gjørv-kommisjonens rapport, skriver Jenny Klinge fra Senterpartiet. Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
GROVT MISBRUK: Høyre driver grovt misbruk av Gjørv-kommisjonens rapport, skriver Jenny Klinge fra Senterpartiet. Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetVis mer

Debatt: Politireformen

Tullball frå Høgre om politi

Gjørv-kommisjonen påpekte aldri at sentralisering var løsningen på problemene i politiet.

Meninger

Hårek Elvenes, stortingsrepresentant for Høgre, skriv i Dagbladet 20. januar i år: «Tilstanden i norsk politi ble avkledd i Senterpartiets regjeringsperiode. Gjørv-kommisjonens rapport konkluderte med at myndighetenes evne til å beskytte menneskene på Utøya sviktet».

Dette er grovt misbruk av Gjørv-kommisjonen sin rapport, verken meir eller mindre. Å dra inn denne rapporten for så å seie at 126 lensmannskontor må leggjast ned – ja, det er å vise manglande respekt både for det rapporten handla om og for det norske nærpolitiet. Rapporten peikte aldri på at sentralisering av norsk politi var løysinga.

Elvenes har meir på lager: «Senterpartiet svikter befolkningens trygghet, og partiet svikter politiet». Ja vel? Kvifor vil ikkje Høgre vedgå at noko viktig kjem til å gå tapt når 126 lensmannskontor no skal raderast vekk? Dette gjeld særleg den gode førebygginga som er basert på nærheit, kjennskap til innbyggjarane og lokalkunnskap.

Regjeringa ser dessutan ut for å gi blaffen i at folk mange stader skal måtte bruke ein dag på å skaffe seg pass når ein framover skal kunne få utstedt pass på langt færre stader. Har eit foreldrepar fire ungar og er skilte i tillegg (då må begge foreldra møte opp for å signere), blir det mykje unødvendig tidsbruk gjennom åra for at alle skal ha gyldige pass.

Senterpartiet ønskjer at viktige tenester og politiet skal vera nær folk. Ja, vi også ønskjer å satse på vakt- og patruljeteneste og beredskap, men det treng ikkje vera ein motsetnad mellom god beredskap og nær, god førebygging.

Høgre kan gjerne starte med å bruke mindre pengar på Politidirektoratet og meir på beredskapen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook