BÆREKRAFTIG: Den inkluderande og samstemte duoen Gerd & Kristin i tango for to -  i sikker Tuppen og Lillemor-tradisjon.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix
BÆREKRAFTIG: Den inkluderande og samstemte duoen Gerd & Kristin i tango for to - i sikker Tuppen og Lillemor-tradisjon. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB ScanpixVis mer

Tuppen og Lillemor i tango for to

Bærekraft for de som beveger verden.

Kommentar

DENNE VEKA viste Kristin Skogen Lund innovativt mot då ho var pioner og pirat og kjørte Uber-taxi. På årets Linn Skåber-konferanse gjekk NHO i Kygos fotspor og remiksa gamle og nye plater.

Og som alltid klagar dei robotaktig på at særinteressene trugar fellesskapet. («Særinteresser» er som kjent alle andre interesser enn dei NHO står for.)

Framtidshåpet er at Arbeiderpartiet og Høgre finn saman slik at særinteressene ikkje vinn fram. Ein vellykka start var å presentera den bærekraftige, inkluderande og samstemte duoen Gerd & Kristin i tango for to - i sikker Tuppen og Lillemor-tradisjon.

PÅ FELLESSTARTEN i Oberstdorf beviste Martin Johnsrud Sundby at han ikkje er ein maskin. Men det er Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk Olje og Gass. Schjøtten har sett på repeat-knappen som gjentar alle oljesmurte argument. Det er ikkje særlig innovativt, men det er vel godt nok for de svina.

DEN NORSKE SJØMANN var et gjennombarket folkeferd. Han tar sin Gud i sinn og setter livet inn. «Vår ære og vår makt har hvite seil oss brakt», dikta Bjørnstjerne Bjørnson. Nå er det oljen, men oljeprisen stuper og næringa er på veg inn i solnedgangen, som seglskutene i si tid. Redninga er krigsfaren i Midt-Østen. Det kan gje auka våpeneksport, stigande oljepris og betre ratar i tankfarten. Det var slik den ville kyprioten John Fredriksen bygde seg opp ved Kharg-øya før han slo seg på tamfisk.

NORDAHL GRIEG tok Bjørnson eit steg vidare i skodespelet «Vår ære og vår makt». Det er der dei bekymra skipsreiarane finn trøyst i eit oppslag i Sjøfartstidende: «Det lysner for skibsfarten. Blir det krig i Østen?»

VÅRE VENNER i Saudi-Arabia er til å lita på, for dei har ein leiande posisjon i FNs menneskerettsråd. Då får det ikkje hjelpa at dei saman med Iran, USA og Nord-Korea høyrer til den ondskapens akse som avrettar flest folk. Heller ikkje at makta er arvelig og går på omgang i dei same familiane, som i Nord-Korea og USA.

DET ER VARSLA SNØ i Oslo. Då er det godt å vita at vi har ein handlekraftig byrådsleiar i spissen for det han helst vil kalla byregjering, og som skal spara pengar og satsa på privat initiativ. Snøvinteren for 25 år sidan var Raymond Johansen samferdselsbyråd for SV. Då borgarane klaga på snøryddinga, svarte han kontant: «Måk sjæl!»

LESAREN MIN kjeftar på meg fordi eg har leika meg med Asylvi Slyehaug som innstrammingsminister på gullstol. Han meiner det er på kommentarfeltnivå. Til det er å seia at Asyl-vi er ei freisting det ikkje er mulig å motstå når ho spreier det smittsame ryktet om at det kan koma 100000 asylsøkarar til landet i år. Slyehaug har eg lånt av ein bonde på Sunnmøre. Eg veit ikkje heilt kva det tyder, men det høyrest ikkje heilt godt ut, det heller. Ferdig snakka.

MOT MIN FRIE VILJE må eg nå lesa meg endå meir opp på Ayn Rand, objektivisten som alle leiande Frp-arar har på nattbordet. Slik at eg kan forstå betre kildens utspring for de som beveger verden.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook