GÅR FORAN: Vårt land er i utlandet kjend for å gå føre på mange områder, og med ein sterk pelsdyrnæring i Noreg, med høg fokus på dyrevelferd, ville det styrke dyrevelferda for pelsdyr globalt, skriver artikkelforfatteren. Foto: Privat
GÅR FORAN: Vårt land er i utlandet kjend for å gå føre på mange områder, og med ein sterk pelsdyrnæring i Noreg, med høg fokus på dyrevelferd, ville det styrke dyrevelferda for pelsdyr globalt, skriver artikkelforfatteren. Foto: PrivatVis mer

Pelsdyrnæringen:

Uanstendig avvikling av pelsdyrnæringen

Jo Erna, å avvikle pelsdyrnæringa er både uanstendig og ufornuftig.

Meninger

I tilknyting til Høgre sitt landsmøte uttalte Statsminister Erna Solberg til ABC-nyheter: «At vi har besluttet å avvikle pelsdyrnæringen innen 2025, er et politisk kompromiss. Det er ikke uanstendig å gjøre det.»

Her er det nødvendig å sjå nærare på premissane.

Stortinget avslutta i januar 2017 ein fleire års grundig fagleg gjennomgang av pelsdyrnæringa, med eit vedtak om berekraftig utvikling. Til grunn her låg faglege innspel frå Vitskapskomiteen, kunnskap frå den etologiske ekspertisen i landet om dyras åtferd og dyrevelferd, og frå veterinærar som har god erfaring og kunnskap frå tilsyn med pelsdyrgardar.

Høgre og Frp støtta klart opp om stortingsvedtaket, som gav ein nødvendig forutsigbarheit og avklaring for pelsdyrbøndene, etter mange års uvisse, og på landsmøtene seinare på året vart partias støtte til pelsdyrnæringa stadfesta, med strenge dyrevelferdskriterium.

«Kompromisset» vil føre til statleg nedlegging av lønsame arbeidsplasssar i distrikta, og ein uredeleg og brutal stopp for næringsutøvarar som skaffar fleire hundretals millionar kroner i årlege eksportinntekter til landet vårt.

Eit vedtak om avvikling vil få store negative konsekvensar for enkeltfamiliar, landbruket, lokalsamfunn og distrikta. Med ein slik hestehandel, tek regjeringa bort livsgrunnlaget til hundrevis av norske familiar over natta, mange fryktar for gard og grunn, med slik uforutsigbar politikk.

Vårt land er i utlandet kjend for å gå føre på mange områder, og med ein sterk pelsdyrnæring i Noreg, med høg fokus på dyrevelferd, ville det styrke dyrevelferda for pelsdyr globalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Avvikling av norsk pelsdyrproduksjon vil flytte produksjonen til land med dårlegare dyrevelferd.

Men enkelte vil nok utvilsamt sjå positivt på ein nedlegging av denne tradisjonsrike landbruksnæringa. «Dyrevernarar» med vegansk livssyn, vil då få ei handsrekking til sin fanatiske ideologi som set likskap mellom dyr og menneske, – at husdyrhald er umoralsk og fæle greier, og det er forkasteleg å eta fisk, fugl og kjøt.

Ved ein pelsdyravvikling, vil ganske sikkert desse miljøa få ein oppblomstring, og auka støtte frå ein stadig veksande urban befolkning som har liten verkelegheitsforankring.

Regjeringserklæringa kom til ved at Erna og Siv vart einige med Trine, ein hestehandel der pelsdyrnæringa skal fjernast, i strid med H og Frp sine partistandpunkt, og mange andre argumenter som nemnt over her. Viss denne hestehandelen med å ofre pelsdyrbønder blir gjeldande politikk, så er det både ufornuftig og uanstendig, og lite verdig vårt demokrati.

Til slutt blir dette eit verdispørsmål for Stortingsrepresentantane som skal ta stilling til pelsdyrsaken, og om dei eventuelt vil støtte opp om desse fanatiske kreftene, som vil ha slutt på eit dyrevenleg og berekraftig husdyrhald i norsk landbruk, der pelsdyravvikling i realiteten berre vil vera eit fyrste steg.

Eg vil avslutte med kva kva den tidlegare stortingsrepresentanten for Høgre, Hallgrim Berg skreiv i avisa Hallingdølen nyleg:

«Det har vel aldri vore aktuelt at styresmaktene i landet skal ha som politisk mål å ta livet av godt opparbeidde og lønsame arbeidsplassar i Distrikts-Noreg?»