BISKOP ATLE SOMMERFELDT: Det gjeld å bruka dei strofene som passar. Foto: NTB Scanpix
BISKOP ATLE SOMMERFELDT: Det gjeld å bruka dei strofene som passar. Foto: NTB ScanpixVis mer

Ubevegelig høgtidsdag

Statens sølvpengar betaler gildet.

Kommentar

DENNE HELGA har det søndagsåpne og i all hovudsak offentlig finansierte Fremskrittspartiet eit velregissert landsmøte på Gardermoen. Det var annleis dengong Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep sette ut ei fjøslykt i sommarnatta. Då kom bygdetullingar, byoriginalar og andre verdig trengande flygande som møll mot lyset og blei belønna med tillitsverv. Det landsmøtet var for øvrig på eit pensjonat i Hjelmeland etter invitasjon frå faren til Herbjørn Hansson, den meiningssterke reiaren som viser hjartelag i Middelhavet og vil låna ut redningsbåtar - om ikkje vederlagsfritt, så svært billig.

EI TID kalla Carl I. Hagens parti seg Det nye arbeidarpartiet. Det var mens lastebilgeneral Geir A. Mo innførte Tillitsmannen av Einar Gerhardsen som obligatorisk pensum på partiskulen. Nå må alle seia at dei har trengt inn i den ekstremliberalistiske, egoistiske og elitistiske Ayn Rand som svar på spørsmål om kva for ei bok som har betydd mest for dei i forsøka på å bevega verden.

DET GAMLE Arbeiderpartiets nye leiar, sinnelagsetikaren Jonas Gahr Støre, har paradoksalt nok ført partiet mot venstre ved å legga seg nær det kristelige sentrum. På landsmøtet viste han at han har øvd på partisongane. I går var prøven om han heiste flagget på Ris på reglementert vis.

Artikkelen fortsetter under annonsen

1. MAI er ein ubevegelig offentlig høgtidsdag med bevegelig innhald. Internasjonalen er også ganske fleksibel: det gjeld å bruka dei strofene som passar. Sosialistar og andre bundne trælar liker best første og siste vers når dei samlast på valen. Arbeiderpartiet, som støttar Ine Eriksen Søreides opprusting, sløyfer nok «kast geværet, la rekkene brytes». Appellanten biskop Atle Sommerfeldt hoppar nok over «i høyden vi ei frelse venter». Mens tidligare faglig tillitsvald ved Norske Skog, den institusjonalisert opposisjonelle Per Sandberg som skulle halda 1.mai-tale på Jessheim, gladelig istemmer tredje vers: «Imot oss statens lover bøyes, av skatter blir vi tynget ned».

FRP-KODEN, som verken Magnus Marsdal eller Martin Kolberg klarte å knekka, har partiet nå knekt sjøl: Sett dei fremste kadrane i svarte regjeringsbilar og utstyr rådgjevarkorpset med byråkratiske fullmakter, så seier folk flest takk og farvel.

DEN UFORLIGNELIGE stemma frå hornet på veggen, Kåre Willoch, har gitt sitt besyv med. På spørsmål frå Aftenposten om Siv Jensen bør slå hardare ned på element i Framstegspartiet som øydelegg for samarbeidet i regjeringa og med dei små tullepartia, svarer den ufeilbarlige: «Det ligger utenfor det muliges kunst».

PARTIEIGAR, hev vore, Carl I. Hagen, «har en viss tiltro til Gud, men tviler litt på bakkemannskapet». Det gjeld særlig biskopar som ikkje er klimaskeptikarar, som vil ta vare på skaparverket og ikkje flytta iskanten. Der er han heilt på linje med kulturminister Thorhild Widvey, som også meiner at den forkledde statskyrkja er på ville vegar. Rett nok er Folkekyrkja formelt fri, men det var jo ikkje sånn det var meint: Dei må jo minnast at det er regjeringas sølvpengar som betaler gildet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook