Ubrukeleg «narkotikakort»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I kronikken «Narkotikakortet» 25.juli foreslår Eirik Romstad radikale tiltak mot heroinomsettinga. Han vil gi gratis heroin til alle som etterspør stoffet. Folk skal få utdelt eit eige narkotikakort på visse vilkår. Til dømes skal ein ikkje kunne jobbe i transport, helse eller liknande. Kortet er tenkt å underminere etterspørselsida i heroinmarknaden. Om kortet skal vere eit samlekort for alle stoff, eller om det skal lagast særskilde kort for amfetamin, kokain, benzodiazepiner og liknande går ikkje fram av kronikken. Problemet er at narkotika skaper avhengighet! Narkotikaomsettinga passar ikkje inn i enkle økonomiske modellar om tilbod og etterspørsel. Denne marknaden blir aldri metta! Det er heile tida ei gruppe med framleis velfungerande menneske som synest å ha kontroll over stoffbruken sin. Dei kan likevel vere på veg inn i avhengigheit. Positiv lystoppleving, auka toleranse og etter kvart avhengighet, er sterke og sjølvstendige drivkrefter i denne vareomsettinga. Mykje vil ha meir, og fanden vil ha fleir. Når ein ser kor mykje narkomane er villige til å ofre for rusen, forstår ein at eit ønske om ein jobb i transportsektoren ikkje vil hindre folk i å skaffe seg dette «narkotikakortet». Narkomane er ikkje av eit anna slag enn oss andre. Talet på brukarar er heller ikkje statisk, men endrar seg med ulike tilhøve i samfunnet. Utdeling av narkotikakort ville ha representert eit virkelighetsfjernt eksperiment med fatale og uoversiktlege følgjer. Når vi ikkje eingong klarer å halde subutex og metadon unna gatemarknaden i dag, korleis i alle dagar trur ein at ein skal kunne hindre sal av kvotar frå eit narkotikakort? Der finst ingen lettvinte løysingar på rusproblema i samfunnet, men narkotikakortet er det hittil dårlegaste forslaget eg har sett!

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer