UDI-saka og internasjonalt ansvar

UDI: Granskingsrapporten av UDI sin praksis i samband med dei såkalla MUF-sakene har fått enorme dimensjonar i media. No må Stortinget gi dei ulike sidene av saka riktige proporsjonar. Norske politikarar vert no prøvde på om dei fyller deira nasjonale og internasjonale rolle. For dette handlar om meir enn forvaltningsrett i Noreg. Det gjeld konkrete menneske som har søkt om opphald i Noreg, og som til dels har vore utsett for nokså vilkårleg handsaming her til lands. Dessutan gjeld denne saka Noregs omdømme og internasjonale ansvar. Noreg har forplikta seg til å gje tryggleik til menneske som er forfulgde og nyttar sin rett til å søkje vern i Noreg. Noreg har gjennom mange år og i mange samanhengar lagt stor vekt på humanitære omsyn i internasjonal arbeid. I asyl- og flyktningepolitikken har vi nokre spesielle utfordringar som set det norske politiske arbeidet på prøve, noko UDI-saka synleggjer. Dersom denne saka fører til ein mindre human asylpolitikk, har vi tapt mykje. Det vil vere i strid med dei politiske måla som regjeringa har gjeve i Soria Moria-erklæringa.

DEN NORSKE kyrkja har ved mange høve hevda at Noreg bør føre ein meir human asylpolitikk. Kyrkjemøtet 2005 såg kritisk på fleire sider av norsk asyl- og flyktningepolitikk. Fleire organisasjonar i Noreg, endå til FN, meiner at Noreg sender for mange tilbake og i visse høve for tidleg. Også UDI har ved ulike høve vorte kritiserte for å vere for restriktive og leggje for lite vekt på sterke humanitære omsyn i si sakshandsaming.

ETTER VURDERINGA frå Justisdepartementet si lovavdeling har UDI mandat til å utøve eit slikt skjønn. I dei aktuelle sakene tok UDI faktisk tak i dei overordna målsetjingane og forpliktingane som heile asylinstituttet byggjer på. Det perspektivet må ikkje bli borte i diskusjonen om rapporteringsplikt i høve til einskilde direktiv frå departementet. Eventuelle brot på god forvaltningsskikk må ein rydde opp i. Tilliten til asylpolitikken har alt å tene på at det er tydelege nok styringslinjer. Men god politisk styring av asylfeltet er ikkje det same som ei restriktiv linje eller ein lite human asylpolitikk. Stortinget og Regjeringa må no vise at ein ikkje let seg presse til å verte småskorne og nærsynte i asylpolitikken på grunn av UDI-granskinga. Dette er eit saksfelt som gjeld menneskeleg naud og viktige internasjonale forpliktelsar. Denne saka handlar om tillit, men ikkje berre til embetsverket.