Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Ufortjent hjuling

Gode analysar som ikkje treffer.

SEGWAY TIL JUL: Regjeringa har fått ufortjent juling, for dei klarte å innføra ståhjuling før jul. Foto: AP / NTB Scanpix
SEGWAY TIL JUL: Regjeringa har fått ufortjent juling, for dei klarte å innføra ståhjuling før jul. Foto: AP / NTB Scanpix Vis mer
Kommentar

DETTE ÅRET har ikkje regjeringa gjort noen feil, bare kommunisert dårlig. Dei har levert i tråd med det dei lova veljarane, men då det kom til stykket, var det ikkje det veljarane ville ha. I slike høve er det tre utvegar: Gje etter for dei små tullepartia, velja seg eit nytt folk, eller håpa på at ein skikkelig økonomisk nedtur for landet kan gje regjeringa ein opptur på meiningsmålingane.

DET ER NOE altruistisk og vemodig vakkert, men samtidig populistisk trist, over årets politiske meisterverk: Då partiet for folk flest kom til makta, let dei seg omfamna av formuande hertuginner. Dei takka veljarane sine med å ta frå folk flest og gje til dei steinrike.

SEGWAYREGJERINGA har fått ufortent juling, for dei klarte å innføra ståhjuling før jul, sjøl om salet av denne frihetsrevolusjonen er like svakt som oppslutninga om horekunden Bård Hoksruds bortforklaring av bommane sine. Men Frp-avgifter er ikkje som andre avgifter: Dei er frivillige og kan veljast bort etter Per Sandberg-modellen: Med ryggsekk i butikken slepp ein å betala for Jensenposen. Akkurat som ein kan velja bort bompengar og bensinavgift ved å la vera å kjøra bil.

DENNE SPALTA var ufortent heldig ved fødselen. Stor takk til Harald Stanghelle for devisen «gode, men ubekreftede rykter». Rett nok blei Aftenposten dømt i PFU for mangel på samtidig imøtegåelse. Men redaktøren utan portefølje er ikkje den som ber nag. I Morgenbladet hadde han denne forsonlige julehelsinga til Morten Wetland i Fysj House: «Han er en veldig god analytiker, også når han ikke treffer».

DENNE SPALTA har fått spørsmål om slektskap med ein viss Crotale som huserte i Dagbladet for ein mannsalder sidan. Her må ein bare sitera Aasmund Olavsson Vinje: «Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd». På den andre sida sa den tvisynte: «Og arven bort dei øydde, men sumt eg att kan få. Her gjeng eg stundom sliten og leitar etter ord. Skal tru eg er så liten fordi han var så stor?» Etter det er det ikkje lett å trøysta seg med at «enno like fjåge me fram kan stemna på.»

CROTALE, klapperslange på fransk (latin: Crotalus Atrox), var nær ved å fella regjeringa til Lars Korvald i 1973. Helge Seip (permittert Dagbladredaktør og ein tiger på Tinget for Det Lille Folkepartiet) la fram tre brev på at regjeringa hadde vore med på ein hemmelig hestehandel under forhandlingane med EF etter folkets Nei: Franske politikarar lova større importkvote for norsk aluminium dersom Norge forplikta seg til å kjøpa det franske rakett-systemet Crotale. For Kristelig Folkeparti var det såkalla «vinbrevet» eit større problem. Der lova dei norske forhandlarane med Jens Evensen i spissen å legga til rette for meir import av fransk vin.

TIDER har henrullet. Så takk for det gamle, og skål for eit nytt og fredelig år. Det blir vanskelig med dei heilage krigane i midtaust, men ikkje lettare i nordvest, for fogderistriden i Møre og Romsdal handlar også om evige spørsmål som aldri får noe endelig svar.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media