Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ujamt om store tema

«Språkleg spenst om tru og død vekslar med mindre vellykka konstruksjonar.»

BOK: Denne diktsamlinga openbarar to straumdrag som dreg i kvar si retning. Det eine er ein særeigen evne til å skape originale bilete og knyta desse saman i formidlinga av ein «historie». Her dreier det seg om slutten på livet for ei mor, og sjølve dødsleiet. Og i denne samanhengen kan det vakkert heita at «himmelen er full av mor» og at «mor dør i full vigør». Eit anna tema er tru og eit forsøk på å nyskriva våre mest utterpa religiøse motiv. Fjellheim skriv flott: «Gud er i dag en fønvind Jesus fabelaktig natur.»

Det andre er krevjande element der poeten er meir kryptisk og uklar, og ein vert freista til å bruka meir tid for å trengja inn i stoffet, men så viser det seg ofte at teksten likevel ikkje gjev frå seg noko meir. Her finst òg ein del linjer som er prega av meir lettvinte ordspel på vanlege seiemåtar og nokre heilt umotivert svakare ting på engelsk.

I mest kvar einaste dikt vekslar det mellom dei veldig gode poetiske formuleringane som framstår som samansmeltingar av ulike element til eit metta og tankevekkjande uttrykk, og fragmentariske linjer som kan ha noko spennande ved seg, men som verkar som dei er utan samanheng, ikkje løftar seg frå det å vera eit spel med ord eller eit for medvite symbolsk utsegn som ikkje får den gnisten av liv som diktet forlangar.

Eg vil likevel råd folk til å gå på leit etter dei gode tinga i denne boka, fordi dei er utruleg spenstige og uvanlege, ofte kroppslege, og handlar om død og tru på ein måte ein sjeldan møter.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media