Uklåre kriteriar for krimkåring

KRIMKÅRING: Det er ingen skandale at den beste norske kriminalromanen gjennom tidene berre vart nummer fire på lista laga av juryen til Dagbladet. Skandale er det heller ikkje at nummer tre er ein roman som eg for tjueni år sia opplevde som ei uinteressant, langdryg, macho-sexistisk trasking gjennom eit snødekt Nordmarka. Begge delar understrekar at rangering av litteratur er ein svært subjektiv aktivitet. Det ville ha vore ein skandale om ikkje Karin Fossum hadde vore i det øvre sjiktet i lag med Elster, Elvestad og Omre. Ut over dette har eg ingen sterke kjensler knytt til denne kåringa, berre ei barnlig glede som minner om den daglige opninga av ei ny luke i adventskalenderen. På somme område har det likevel dukka opp ettertanke.

I tråd med praksis for juryar i det norske rettsvesenet, grunngir ikkje Dagbladjuryen prioriteringane sine. Dette opnar for frie tolkingar av resultatet. Da ser det ut til at dei tjuefem bøkene på lista grovt kan delast inn i tre kategoriar: 1) Bøker som genuint stikk seg ut som sjølstendige verk av svært høg kvalitet («Norges beste kriminalromanar»). 2) Bøker som er henta frå ein forfattarskap av jamt høg kvalitet, utan at forfattaren treng å ha skrive ei bestemt bok som er god nok til å høyre heime i den første kategorien. 3) Bøker som er tatt med for å utvide sjangerdefinisjonen. Står André Bjerke på lista fordi det er umulig å sjå bort frå denne sentrale representanten for habile norske krimforfattarar midt på 1900-talet? Eller står «Døde menn går i land» på lista fordi dette er ein av dei beste norske krimromanane gjennom tidene? Om det siste er tilfelle, burde forfattaren enten ha vore oppgitt som psevdonymet Bernhard Borge, eller som André Bjerke og Bjørn Carling. (Dette skulle i og for seg ha vore gjort uansett, alt anna er i strid med Åndsverksloven.)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om kåringa er eit reelt forsøk på å finne fram til «Norges 25 beste kriminalromanar», er det påfallande at ingen forfattar har meir enn ei bok på lista. Eg vil for eksempel påstå at vinnaren Karin Fossum har skrive meir enn ei bok som kan skubbe Anne Holt bort frå tjuefemteplassen. Men juryen har heilt tydelig hatt fleire tankar i hovudet, noko som også går fram av ein artikkel av jurymedlem Fredrik Wandrup 15. juli. Rangering av litteratur er ein svært subjektiv aktivitet, det samme gjeld kategorisering etter sjanger. Wandrup avslører at Aksel Sandemoses «Det svundne er en drøm» vart tatt med på lista etter debatt i juryen, mens Knut Hamsuns «Mysterier» vart vurdert, men fall ut. Han nemner ikkje slike kontroversar i samband med Bergljot Hobæk Haffs «Renhetens pris», men eg vil nok meine at denne boka også er på utsida av dei konvensjonelle sjangergrensene. På dette punktet (kategori 3) opplever eg lista som komisk. Ikkje dette at to svært gode romanar som ikkje er kriminallitteratur har fått plass, det er juryens subjektive rett. Komikken ligg i plasseringane som nummer 22 og 24, med «Snuff» av min gode venn Jan H. Jensen mellom seg. Har juryen komme fram til at det er tjuetre namngitte norske romanar som er betre enn «Det svundne er en drøm», og at Jan H. skriv betre enn Sandemose men dårligare enn Hobæk Haff? Eller var konklusjonen at ja vel, vi kan under tvil rekne boka som innafor sjangeren, men sjøl om det er ein svært god «skjønnlitterær roman», held det berre til ein tjuefjerdeplass som krim?

Wandrup stiller spørsmålet: «Er det forfatteren eller leseren som bestemmer om en roman er en krim eller en mer almen, skjønnlitterær fortelling?» Min eigen definisjon er at ein kriminalroman er ein roman som gir seg ut for å vera ein kriminalroman. Som oftast blir denne avgrensinga gjort av forfattaren, somme gongar av forlaget. Så er det opp til lesaren å ta stilling til om forsøket på å skrive krim er vellykka eller ikkje. God krim kan gjerne ha det utgangspunktet Karin Fossum blir sitert på i Dagbladet: «Jeg har aldri tatt hensyn til de ti bud i kriminallitteraturen».

Arne Skouen har sagt at «Ettermæle» er «den beste kriminalroman som er skrevet i Norge». Eg er altså ikkje einig, eg ser på dette som ein av dei beste romanane som er skrive i Norge, men samtidig er det påfallande at Dagbladjuryen ikkje har tatt med denne boka innafor sin utvida sjangerdefinisjon. Om ikkje anna så på sisteplass bak Aksel Sandemose. Minst like påfallande er det at ikkje ein einaste nynorskspråklig krimforfattar skriv godt nok til å utkonkurrere Anne Holt når det gjeld denne plasseringa, verken dei fire vinnarane av Rivertonprisen (Frode Grytten, Kolbjørn Hauge, Audun Sjøstrand og underteikna) eller Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Magnhild Bruheim, Rune Timberlid, Arild Rein, Kai Martin Brekke, Eli Haugen Indrestrand, Fredrik V. Lien – og altså Olav Duun. Dei nynorskspråklige må nok skjerpe seg.