K-en: Det K-en kan gjere, er å ta elever vekk frå faget, skriv Roar Ulvestad
K-en: Det K-en kan gjere, er å ta elever vekk frå faget, skriv Roar UlvestadVis mer

KRLE:

Ukristeleg kamp

- Om dette styrka kristendoms-fokuset gjer at faget blir oppfatta som misjonerande, vil vi få ei lang rekke med søknad om fritak.

Meninger

K eller ikkje K har blitt eit tema med stor symbolsk tyding. Forkjemparane for K-en argumenterer med at det å kalle religionsfaget KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk) vil minne oss på kristendommen si særstilling. Parti som er mot bokstaven har blitt skulda for å ville avkristne landet. Denne einskilde bokstaven blir dermed gitt ei formidabel definisjonsmakt i ordskiftet.

Ukristeleg kamp

Kva konsekvensar vil det eigentleg få om vi held fast ved denne K-en? Som religionslærar er eg forplikta av kompetansemåla i faget, som er uendra. K-en er likevel eit trugsmål mot det som er det vakre ved dette faget.

Religionsfaget er i skulen i ei særstilling som møteplass. Elevane får her arbeide med dei store spørsmåla i livet. Dette er både kunnskapsarbeid og haldningsarbeid. Kva forteljingar har folk valt for livet sitt, og kva seier religionane om kva som er utanfor grensene til det vi faktisk kan vite? Dette er faget for spørsmål utan fasitsvar, spørsmål som vi ber med oss gjennom heile livet. Religionsfaget er eit utruleg viktig fag, der eleven har høve til å utvikle medvit om korleis ein ter seg i møte med det som er heilt forskjellig frå ein sjølv.

Det er eit fag der eleven får prøvd haldningane og kunnskapen sin i eit inkluderande og respektfullt fellesskap, noko som er heilt avgjerande for både identitet- og karakterutvikling. Den ikkje-truande må lære å interagere med den truande, og den truande må lære å interagere med den ikkje-truande. Dette er for øvrig ein av dei tre kompetansane som OECD har peika ut som nøkkelkompetansar i det 21. århundre.

Innanfor faget sin etikkdel er det vanleg å bruke mykje tid på forholdet mellom individ og gruppe, og korleis ein underbygger forholdet mellom rettar og plikter. Det er og vanleg å arbeide mykje med ungdomstida sine særlege utfordringar, som seksualitet og identitet.

Faget er ein gåvepakke for å kunne arbeide målmedvite på mangfaldet sine vegne. I dette faget kan vi granske desse merkelappane vi set på kvarandre, som etnisk opphav, seksuelle kategoriar og trusretningar. Vi kan so stille spørsmålet om kva alle desse merkelappane betyr. Då viser det seg ofte at barn og ungdom er langt mindre opptatt av merkelappar og å setje folk i bås enn oss vaksne. Her har vi mykje å lære.

Denne K-en vil ikkje ta alt dette vekk frå faget. Det K-en diverre kan gjere, er å ta elever vekk frå faget. Om dette styrka kristendoms-fokuset gjer at faget blir oppfatta som misjonerande, vil vi få ei lang rekke med søknad om fritak. Skulen sitt vakraste og mest inkluderande fag vil bli det eine faget som sorterer. Faget vil bli svekka som møtestad. Mangfaldet mister dermed ei felles kontaktflate, og veggane mellom oss vil bli eit hakk høgare. Og det er vel ikkje særleg kristeleg?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.