ULOVLIG: «Eit ulovleg tiltak er eit tiltak oppført utan løyve, eller eit tiltak oppført eller brukt i strid med eit løyve», skriver Rystad. Hytta på bildet var oppført ulovlig, men ble likevel lagt ut til salg på Finn.no til 4,5 millioner kroner. Da kommunen krevde riving, bestilte eieren brannvesenet til å brenne den ned. Foto: Skjermdump / Kari Landro
ULOVLIG: «Eit ulovleg tiltak er eit tiltak oppført utan løyve, eller eit tiltak oppført eller brukt i strid med eit løyve», skriver Rystad. Hytta på bildet var oppført ulovlig, men ble likevel lagt ut til salg på Finn.no til 4,5 millioner kroner. Da kommunen krevde riving, bestilte eieren brannvesenet til å brenne den ned. Foto: Skjermdump / Kari LandroVis mer

Ulovlege byggetiltak kan gjerast lovlege

Fjell kommune arbeider aktivt for å avgrensa ulovleg bygging, og har ei plikt i lova til å følgja opp dette.

Meninger

Det har vore fokus på ulovleg bygging den siste tida, og det har vore mykje merksemd knytt til riving av ei ulovleg oppført hytte i Fjell kommune. Kommunen arbeider aktivt for å avgrensa ulovleg bygging, og har ei plikt i lova til å følgja opp dette.

Når ulovlege byggjetiltak er avdekka, er det kommunen si oppgåve å få tilhøva på eigedomen lovleg. Dette kan gjerast ved at tiltaket vert søkt om og godkjent, eller ved at tiltaket vert retta eller tilbakeført.

Eit ulovleg tiltak er eit tiltak oppført utan løyve, eller eit tiltak oppført eller brukt i strid med eit løyve. I dei fleste tilfelle av ulovleg bygging opnar kommunen for at ein kan senda inn ein søknad om byggjeløyve i ettertid. Det er berre når at det er openbert at ein etterfylgjande søknad ikkje vil føra fram, eller ved avslag at kommunen kan gje pålegg om riving. Viss utfallet av ein etterfølgjande søknad er at kommunen gjev løyve, er saka grei. Då er det ulovlege tiltaket gjort lovleg.

Kommunen si målsetjing er at tiltaket skal bli lovleg dersom det er mogleg å få det til innanfor dei rammene som lova set.

Vår erfaring er at det er ikkje er lurt å ta seg til rette utan løyve frå bygningsstyresmaktene (kommunen). Dersom den som er tiltakshavar får løyve før han byggjer, vil han eller ho spare mykje tid og pengar. Det er og uheldig og lite effektivt at forvaltninga skal bruka mykje ressursar på å følgja opp ulovlege tiltak. Det går då ut over alle dei som faktisk gjer det rett og følgjer lova. Konklusjonen er at det er betre å få løyve enn tilgiving.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppfølging av ulovlege tiltak er eit viktig arbeid for kommunane for å sikra at plan- og bygningslova  vert etterlevd. Plan- og bygningslova §32-1 seier at «kommunen skal forfølge overtredelser av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven». Plan- og bygningsstyresmaktene er her gjeve eit særskilt ansvar for å følgja opp ulovlege tiltak og sikra at dette blir prioritert. Fjell kommune har to årsverk som berre arbeider med dette temaet.

Vi ser heldigvis ei klar endring i arbeidet med ulovleg bygging, der det byrjar å gje resultat. No er folk mykje flinkare til å ta kontakt dersom dei er usikre på om tiltaket dei skal gjere er søknadspliktig. Ulovlege tiltak blir og løyst tidligare i prosessen, og det er særs sjeldan at tvangsmulkt vert sett i verk. Eigedomsmeklarane er og blitt betre på å sjekka at alle løyve er i orden, slik at ikkje eigedomar som har noko ulovleg med seg blir selt utan at det er opplyst at det ikkje er godkjent. Dette gjev og auka tryggleik for kjøpar.

Vi opplever at folk har forståing for at ulovlege tiltak må rettast opp, og at dei fleste innbyggjarane ynskjer at ting skal vera i orden.

Vi arbeider for at all bygging skal vera styrt gjennom plan og bygningslova, og at talet på ulovlege tiltak med tida skal reduserast til eit minimum. Dette er viktig for å oppretthalda likskap for lova.

Kommunen har ei plikt til å følje opp ulovlege tiltak. I dette arbeidet er vi svært opptekne av at rettstryggleiken til innbyggarane er teken vare på. Vi legg stor vekt på god sakshandsaming, av di dette er saker som grip sterkt inn i folk sine liv. Dette vil seia at vi mellom anna syter for å opplysa om høve til å klaga og at vi skisserer moglege løysingar.

Er du usikker på om det du har bygd, eig eller har kjøpt er lovleg, så kan du ta kontakt med kommunen og få rettleiing og gode råd. Det er ikkje i alle tilfelle at saka får den løysinga som ein i utgangspunktet ynskjer, men godt samvit og orden i sakene gjer at ein har nokre suter mindre.