Ultralydundersøking av gravide

VI HAR FÅTT

ei ny bioteknologilov som mellom anna regulerer bruk av ultralyd i svangerskapet. I lova operer ein med to former for ultralydundersøking; ultralyd som fosterdiagnostikk som vert lovregulert, der føremålet er å påvise sjukdom og lyte hjå fosteret; og ultralyd i den vanlege svangerskapsomsorga som ikkje vert lovregulert, der føremålet også er å påvise sjukdom og lyte hjå fosteret. Å skilje mellom desse to formene har frustrert fagfolk.

I tida etter at lova vart vedteke, har debatten gått meir intenst enn før. Sentralt står kvinnepolitiske tema som rett til å velje og bestemme over eigen kropp, abortspørsmål og rett til økonomisk fri tilgong til ultralydundersøking. Desse spørsmåla er viktige og debatten bør få utvikle seg.

Sentralt står også uro i fagmiljø om kva for tolkingar fleirtalet på Stortinget eigentleg står for. Det er diskrepans mellom det einskilde medlemmar av fleirtalet seier og det som står i Odelstingproposisjonen. La oss difor sjå korleis vi brukar ultralyd i dag på gravide og korleis vi trur vi kan halde fram med det etter introduksjonen av den nye bioteknologilova - utan at det går på helsa laus!

SVANGERSKAPSOMSORG

handlar om å ta vare på mor og foster gjennom svangerskapet med det føremål at mor kan føde barn som har hatt det optimalt i denne første, viktige delen av livet. Svangerskapsomsorg handlar også om å finne tilfelle med svangerskapsrelatert sjukdom hjå mor, og sjukdom og lyte hjå foster for å leggje omsorga tilrette for eit optimalt utkome. Svangerskapsomsorg handlar altså om å undersøke mor og foster!

Spesielt innan dei første 16 vekene er det aktuelt å bruke ultralyd på såkalla klinisk indikasjon, det vil seie at den gravide kjem med symptom av slik art at ein ynskjer å bruke ultralyd for å finne ut av det. Slike symptom kan vere blødingar, smerter, livmor synest større eller mindre enn ein vil vente, oppfyllingar til sidene for livmor og uspesifikk uro hos den gravide. Kliniske indikasjonar har vorte vanlegare etter kvart som ultralydundersøking har vist seg å kunne løyse dei aktuelle problem som dukkar opp. Vi har gode tal frå Noreg som illustrerer dette: I 1987 vart 14% av dei gravide undersøkt før 18 veker på klinisk indikasjon; i 1995, 35% og i 2003, 48%. I Noreg vert det soleis utført omlag 28 000 ultralydundersøkingar på klinisk indikasjon før 18 veker av våre gynekologar. Dette inneber at dei fleste problem før 18 veker vert løyst lokalt, men dersom ein finn spesielle avvik, vert dei sendt sentralt. Dersom gynekologane kringom i landet ikkje kan halde fram med å undersøke på klinisk indikasjon og trekkje sine eigne konklusjonar, vil det føre til store organisatoriske konsekvensar for flyt av gravide frå periferi til senter.

VIL BRUK AV

ultralyd på klinisk indikasjon etter den nye lova halde fram som før på omlag 28 000 gravide med siling på lokalt nivå av dei tilstandar ein treng å sende sentralt?

Kan gynekologane halde fram med å overvake mindre avvik sjølve basert på den kunnskap dei har, eller må dei sende sentralt alt som minner om avvik? Det dreier seg om eit par tusen ekstra tilfelle per år som ikkje treng topp ekspertise.

Litt omtale fortener bruk av ultralyd der mor er «uroleg» for at ikkje alt er som det skal vere. Det gjeld relativt få kvinner. Ofte vil ei orienterande ultralydundersøking med høveleg informasjon fungere beroligande. Det vil verte uheldig dersom lova vert tolka så strengt at ein må sjukleggjere desse gravide og sende dei til ein sentral institusjon for eit problem lokale gynekologar har teke vare på i alle år. Vi vonar det vert som SV har presisert, at slik bruk av ultralyd også kan halde fram som før på lokalplan. Kva tilstandar definerer lova som «fosterdiagnostikk» - «der formålet er å påvise eller utelukke sykdom eller utviklingsavvik hos fosteret»?

Frå ein fagleg synsstad forstår vi det som dei tilfelle der kvinner tidlegare har fått barn med alvorleg sjukdom og lyte det er mogleg å oppdage med ultralyd. Alt etter kva tilstand som føreligg, kan ein då målretta gjere ei ultralydundersøking på eit høveleg tidspunkt. Sameleis vil ein målretta undersøke kvinner med t.d. epilepsi og diabetes som har auka risiko for visse sjukdomar. Dette er «målretta fosterdiagnostikk» som no stort sett vert gjort på sentrale institusjonar. Lova sin intensjon er å sikre at kvinner med dei nemnde tilstandane får diagnostikk og behandling på topp nivå. Lova sikrar det.

ER SOLEIS ALT

bra med den nye lova sett frå fagleg synsstad? Mellom anna forbyr lova bruk av ultralyd tidleg avdi «det vil være mulig å finne markørar for kromosomavvik». «... det er ikke anledning til å få utført en tidlig ultralydundersøkelse i denne hensikt». Lovmakarane er kjent med at dette tidspunktet (11-13 veker) er gunstig for mellom anna å oppdage Down syndrom. Etter tretti års arbeid med fosterdiagnostikk har eg stor respekt for dei etiske problem omkring Down syndrom. Men det er mykje anna positivt med undersøkinga på 12 veker. Ein gjer viktige funn om tvillingar ein ikkje kan gjere seinare; markørane gjer at ein finn spesielle hjartefeil det er vanskeleg å diagnostisere ved 18 veker, i tillegg markerer dei for andre viktige tilstandar innan fostermedisinen. Ein finn dei alvorlege, oftast dødelege fosteravvika som dei fleste gravide i dag vel å avslutte. I dei fleste (80%) svangerskapa som vert avslutta etter ultralyddiagnostikk, føreligg det tragiske, groteske avvik hos foster. Mediefolk omtalar dei ikkje, men fagfolk ser dei og dei kjem alltid til å vere der. Det er trist, men ikkje etisk veldig problematisk for dei fleste å «framkalle ein tidleg dødfødsel» av eit barn som likevel kjem til å døy. Ein må minne om at det blant gravide er 1/1000 med Down syndrom og 30/1000 med andre tilstandar. Er det rett å ignorere desse 30/1000 avdi ein vil beskytte Down syndrom? Vil ein beskytte Downs syndrom må ein heller prøve å lage eit lovverk for Down syndrom. Ei undersøking som kan ha medisinske fordelar, bør ikkje forbys avdi den også i visse høve kan føre til at Down syndrom vert oppdaga. Det er gale å la kvinner som har foster med andre dødelege lyte og sjukdommar lide avdi ein vil hindre at diagnosen Down syndrom kjem fram.

DET ER OGSÅ

gale å hindre norske gynekologar i å opparbeide erfaring med bruk av ultralyd rundt tolv veker ved å forby slik undersøking. Vi er for noverande ikkje fagleg i stand til å tilby alle gravide ei undersøking ved 12 veker. Det er etter mi meining ingen grunn til å gjere det i nær framtid heller, men det er ikkje klokt å forby undersøkinga slik som ein har gjort i lova. Norske fagmiljø kan då ikkje forske fram nyvinningar, men må vente til utlendingar gjer det for oss. Slik politikk tek ikkje vare på kvinner sitt behov under svangerskapet. Både fagmiljø og kvinner tener på at det også i Noreg vert drive avansert og forsvarleg forsking på ultralyd tidleg i svangerskapet.