Underhaldande persisk klassiker

Etter sju hundre og femti år, nå på norsk!

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Evner du ikke å vise medynk med andres sorg, fortjener du ikke å bli kalt menneske. Desse orda står skrivne over inngangen til FN-bygningen i New York. I år er boka dei er henta frå, komen ut i norsk språkdrakt. Omsetjaren er Nina Zandjani, cand. philol. frå Universitetet i Oslo. Siste eg skreiv om henne var i samanheng med den utruleg vakre diktsamlinga «I følge med vinden» av Abbas Kiarostami som ho gjendikta saman med Arne Ruste.

Underhaldande

«Rosenhagen» er eit svært spesielt verk innanfor persisk litteratur. Det er eit av desse få litterære verka i verdslitteraturen som ber i seg arv av filosofi, livskunst og moral. Boka er ein klassikar som har vore nytta innanfor eit geografisk område som strekkje frå Balkan i Europa heilt til India i Asia. Også tidsmessig har verket hatt stor utstrekning, då «Rosenhagen» har vore skulebok i over fem hundre år.

Livsvisdom

Boka er sett saman av små forteljingar som skifter med vers. Essensen i dei ulike forteljingane er oftast av moralsk og livsfilosofisk karakter, men dei kan òg ha humor og vera gripande og underhaldande å lesa. Her er eit døme:«En mann lå beruset og sov langs en vei og hadde mistet viljens tømmer ut av sine hender. En from mann gikk forbi og betraktet den avskyelige tilstanden han var i. Da løftet den unge hodet fra beruselsens søvn og sa: «De som når de går forbi tomt prat, fortsetter med verdighet.» (Sitat frå Koranen, sure 25, vers 72). Når du ser en som synder,Vær overbærende og mild.Om du anser det jeg gjør som nedrig,hvorfor går du ikke bare stolt forbi?» Litt pirk om språk og oppsett: Eg ville knapt nytta ordet «langs» om ein som ligg stille og søv ved vegen, og det er også litt inkonsekvent å ha versal i byrjinga av andre linja i første kuplett her. Men dette er småting i ei svær og omfattande bok, som altså har kome på norsk 749 år etter at ho var ferdig! All æra til Solum for denne satsinga. Så vidt eg er i stand til å sjå, er det lite å pirke på og mykje å gleda og undra seg over.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer