Underlege utdanningssignal

LØNN: Noreg er det landet i Europa der det lønner seg minst for den enkelte å ta høgre utdanning. Kunnskapsministeren meiner det er bra fordi små lønnsskilnader er positivt. Då seier han samstundes at det er bra at godt utdanna folk - dei fleste kvinner - i offentleg sektor skal ha luselønn. Det undrar meg at kunnskapsministeren ikkje er meir spørjande til årsaker til og konsekvensar av ei slik botnplassering.Kunnskapsministeren avstår i denne saka frå å fronte verdien av utdanning og kunnskap. I staden gjer han det til ein debatt om sosiale spenningar. Han får forsiktig støtte frå Dagbladet som på leiarplass tolkar resultatet som eit teikn på at vi er likeverdige menneske enten vi har mastergrad eller ikkje. Snakk om avleiingsmanøvrar!

DET ER KLART det har ei positiv side for samfunnet at lønnsskilnadene basert på utdanning ikkje er dei høgste i Europa. Men dét er altså ikkje problemet. Tvert imot! Du seier du ikkje forhandlar lønn, Djupedal, men du er ansvarleg for utdanningspolitikken som legg grunnlaget for rekrutteringa til høgre utdanning. Staten eig universiteta og dei fleste høgskulane. Lønnsnivået her er betydeleg lågare enn i mange andre land, og det er lågare enn for samanliknbart arbeid i næringslivet her til lands. I Noreg blir ungdom oppmoda til å ta høgre utdanning, og heldigvis er det mange som gjer nettopp det. Vi treng både breidde og fordjuping, og ikkje minst trengst kvalitet. Det er opplagt at lønn her - som elles i samfunnet - er eit verkemiddel for å oppnå dette. Skal for eksempel høgt utdanna kvinner i pleie- og omsorgsyrke først og fremst måtte verdsette utdanninga si i opplevelseskvalitetar, når dei også har ein større risiko for belastingsskadar og langtidssjukefråvær?