NY FAMILIEPOLITIKK: . For dei som ikkje likte det formastelige K-ordet, hadde tenketanken Støre eit kontant alternativ: "kall-det-litt-sånn-hva-du-vil." Her med fhv. likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen på fødeavdelingen på Ahus. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
NY FAMILIEPOLITIKK: . For dei som ikkje likte det formastelige K-ordet, hadde tenketanken Støre eit kontant alternativ: "kall-det-litt-sånn-hva-du-vil." Her med fhv. likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen på fødeavdelingen på Ahus. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Underlige sengekameratar

Du er nærmere Kristelig Folkeparti enn du tror.

Kommentar

DENNE VEKA har familiepolitikken vore i fri flyt. Kristin Skogen Lund og NHO, som lever i fornuftsekteskap med Erna Solbergs regjering, er utru mot Solveig Hornes pappakvote. Regjeringas første-elskar Trine Skei Grande, singel med katt, er blitt mot kontantstøtte, som er ei hjartesak for regjeringas andre-elskar, den relativt nygifte småbarnsfaren Knut Arild Hareide. Nå er Vingle-Venstre meir samd med Arbeiderpartiet enn med Jonas Gahr Støre, innvandraren som har ventestøtte mens han integrerer seg i partikulturen.

Nettverkskvinnene i Arbeiderpartiet blei tatt på senga då den bevegelige Støre tok ein smakebit av kontantstøtten, sjøl om han også vil lave flere barnehaver. Men fleire var meir opptatt av å klemma og få tatt sjølvisar saman med den vandrande pilegrimen som klappa småbarn. For dei som ikkje likte det formastelige K-ordet, hadde tenketanken Støre eit kontant alternativ: «kall-det-litt-sånn-hva-du-vil.»

FOR NOEN VAL sidan, då Kjell Magne Bondevik røykte sigar og Valgerd Svarstad Haugland tok eit glas raudvin, hadde Kristelig Folkeparti slagordet: «Du er nærmere KrF enn du tror». Dei brukte det også som sticker bak på bilar, men måtte droppa det då det førte med seg mange påkjørslar bakfrå. Det er farlig å koma Kristelig Folkeparti for nær.

Denne spalta har lent seg tungt på Harald Stanghelles «gode, men ubekreftede rykter». Etter at Aftenposten blei felt i PFU for brot på god presseskikk, er det uklart kva som nå er gode kjelder for velformulerte drittpakkar med sikker bakgrunn for eigne meiningar. Kanskje ein må satsa på den retoriske nyvinninga «tillitsbaserte unntaksordninger». Eller kjøpa dyre råd hos Fysj House, med samtidig imøtegåelse.

Artikkelen fortsetter under annonsen

VIA STEDFORTREDAR har Morten Wetland sagt takk for sist til Thorbjørn Jagland som var takk-for-maten-talar i Stanghelles 50-årsdag. For med fredsprisen til Barack Obama gjorde Jagland det pinlig for Wetland å vera FN-ambassadør.

Men det begynte lenge før det. Med ein rask rokade gjorde Gro Harlem Brundtland embetsmannen Wetland til partimedlem og statssekretær ved sitt kontor (SMK) for at det skulle bli plass til den partilause Jonas Gahr Støre som ekspedisjonssjef. Som Gros gutar kjørte dei to fram landsmoderen som frontfigur i EU-kampen i 1994, til ergrelse for partileiar Jagland og hans europeiske draum. Då Jagland overtok som statsminister, blei Wetland degradert til Nærings- og energidepartementet. Då Jagland fall på 36,9, gjekk Wetland til Gyldendal for å skriva Gros memoarar. Etter det var han kampanjeleiar for hennar kandidatur som generaldirektør i WHO, dit ho tok med seg Jonas Gahr Støre som stabssjef. Som partileiar har han slått handa av sin gamle kampfelle Wetland, utan samtidig imøtegåelse.

SLIK PFU kan tolkast, arbeidde ikkje påvirkningsagenten Wetland direkte for kinesiske interesser, men bare mot Jagland. Om det ikkje er nok til å gjenoppretta ein flik av First House si tapte ære, kan Wetland stadig trøysta seg med at Kongen har utnemnd han til kommandør av St. Olavs orden «for embetsfortjeneste». Det var etter den vellykka Gro-kampanjen i 1998. Utan samtidig imøtegåelse.