DEKKJER ALLE: Åse Wetås reagerer på Jon Rognliens innlegg i Dagbladet forrige lørdag, der han blant anna skriv at Norsk Ordbok «er en museumskatalog». Ho meiner derimot at «Norsk Ordbok dekkjer ordforrådet til folk i by og bygd over heile Noreg». Illustrasjonsfoto: Linda Næsfeldt
DEKKJER ALLE: Åse Wetås reagerer på Jon Rognliens innlegg i Dagbladet forrige lørdag, der han blant anna skriv at Norsk Ordbok «er en museumskatalog». Ho meiner derimot at «Norsk Ordbok dekkjer ordforrådet til folk i by og bygd over heile Noreg». Illustrasjonsfoto: Linda NæsfeldtVis mer

Undermåls om ordbok

I dette året bør Dagbladet halda på dei stolte tradisjonane sine og støtta opp om språkleg kulturell rikdom i staden for å mana til språkleg einsretting!

Debattinnlegg

Dagbladet er ei avis som i snart 150 år har vore stolte av å fremja mangfald, motmakt og mindretalsrettar. Avisas grunnleggjar, venstremannen, grunnlovsforskaren, kvinnesaksforkjemparen og målmannen Hagbart Berner prydar stadig leiarsida - og det er ein mann det er mange grunnar til å vera stolt av! Dagbladet har i dag ei redaksjonell språknorm som viser bokmålet i ei form som elles er sørgjeleg fråverande i store delar av hovudstadspressa.

I lys av dette er journalist Jon Rognliens rop om språkleg einsretting laurdag 11. januar trist lesnad. I tillegg byggjer det på dårleg kjeldekritikk og inneheld faktafeil som bør korrigerast. Rognlien skriv at Norsk Ordbok «ikke blir ferdig i tide». Norsk Ordbok-redaksjonen skal etter planen levera det 12. og siste bandet til forlaget i desember 2014. Me kjenner ingen andre store dokumentasjonsverk som har greidd å levera i tråd med avtalte planar, og det gjer oss desto stoltare av å ha fått dette til!Rognlien skriv vidare at Norsk Ordbok «ikke er hva tittelen sier, altså en ordbok over hele det norske språket», men at verket «tvert imot er en museumskatalog». Norsk Ordbok dekkjer ordforrådet til folk i by og bygd over heile Noreg. Her opptrer ord frå språket til folk frå Bærum og Bergen side om side med dei frå Herøy og Hjartdal, Trondheim og Trøgstad. Me tek stadig inn ny dokumentasjon og våre spalter har rom for alle stemmene. Dei må berre finna seg i å dela plassen med kvarandre!

I tillegg dekkjer Norsk Ordbok nynorsk skriftspråk. I dei litterære sitata i verket kan ein møta så ulike pennar som Kjartan Fløgstad, Per Inge Torkelsen og Maria Parr, side om side med eldre klassikarar som Alf Prøysen og ektepara Garborg og Vesaas. Dagbladets Andreas Hompland er forresten også representert. I det ferdige verket kan alle brukarar av norsk finna att noko av sitt språk, men hovudvekta ligg sjølvsagt på det mest sentrale ordforrådet, altså dei orda som er mest brukte. Her skal ein finna både «sushi» og «smalehovud», «rock» og «reinlender».Rognlien held mot Norsk Ordbok at verket ikkje er «a jour med seinere reformer». Til det må eg få presisera at Norsk Ordbok er ei vitskapleg dokumenterande ordbok, ikkje ei rettskrivingsordliste. Alle som er glade i norsk språk ønskjer seg sjølvsagt eit stort spekter av gode, oppdaterte leksikalske ressursar, men ulike produkt har ulike føremål. Ei rettskrivingsordliste for grunnskolen har såleis eit anna føremål enn ei tospråkleg ordbok eller ei litterær ordbok. Det trudde eg ein røynd tekstprodusent som Rognlien visste.

I motsetnad til Rognlien har eg ikkje kompetanse til å vita kvar folk kjem frå ut frå kva hudfarge dei har. Eg kan såleis ikkje avgjera om personane på biletet han viser til, faktisk er utlendingar som møter «sin nye kultur» gjennom verket Norsk grammatikk. Det eg derimot veit, er at me i 2014 skal feira 200-årsjubileet for den norske grunnlova med ein kjempefest for det norske demokratiet, det kulturelle mangfaldet og alles rett til å delta i samfunnsordskiftet med si eiga stemme og sitt eige språk. I dette året bør Dagbladet halda på dei stolte tradisjonane sine og støtta opp om språkleg kulturell rikdom i staden for å mana til språkleg einsretting!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook