Undervurdert filmklassikar: The Fall (Tarsem, 2006)

Kort oppsummert: Sjå Tarsem Singh sin "The Fall". Unngå, sjølvsagt, traileren.

Meninger

Bittelitt spoilers i komande tekst.
«You might want to see for no other reason than because it exists. There will never be another like it.»
— Roger Ebert

MIX-kiosken i Ulsteinvik selger dvd-ane sine for 15 kroner stykket. Ingen vil ha dei, unntatt eg, som verken har Netflix, HBO eller ei begeistring for å piratnedlaste filmar. Dette sjølv om eg tviler på at dvd-salg i Ulsteinvik kjem kunstnarane bak filmen til gode. Pappa, på 78, er notorisk kresen, men det viste seg at han hadde sett ein av filmane i posen min før og var interessert i å sjå den igjen. Eg hadde og sett den før, på Tromsø Filmfestival, men kasta meg på denne sjansen til å dele litt tid og emosjonar med fadern. All sånn far-son kvalitetstid er jo av det gode. (Nokre av mine finaste minne er å sjå Riget og Sherlock med pappa. Dette er eit motargument mot bøker, som både eg og pappa er svært glad i: Bøker er i sin natur asosiale som prosess. Film og tv-seriar kan ein dele, ein kan måle sin medpublikummar sine reaksjonar, fnis, tårer, og slik verte betre kjend med sitt medmenneske gjennom felles innleving i fiksjon.)

The Fall handlar om ein skada og deprimert stuntmann (Lee Pace) som ligg på sjukehus og byrjar å dikte opp eit eventyr for ein svært likandes femåring med armen i gips (Catinca Untaru). Filmen vart lansert på kino som «presentert av David Fincher og Spike Jonze», men eg mistenkjer kollegene for å ha steppa inn berre fordi dei ville hjelpe ein regissør dei var fan av med å selge eit par ekstra billetter. For salgsmessig fall filmen mellom alle stolar. Den søte ungen og den fantasirike historia kunne blitt ein triveleg barnefilm, men mot slutten vert den så skummel og brutal at barnepublikummet ville blitt fullstendig traumatisert. Eg også vert litt traumatisert av den, det er noko med truverdet til Catinca Untaru når ting tek ein vond tørn som rett og slett er for hjarteskjerande. Heldigvis visste eg denne gongen at filmen enda godt. Og det forbedra mi oppleving av den drastisk, for eg er ei forbanna pyse. (Har ikkje turt å sjå Lilja 4-ever enno)

Tarsem var besett av å gjere filmen på sine eigne vilkår, og improviserte fram scener og manus. Når du ser korleis filmen er laga, er «improvisert fram» ikkje det første ordet som poppar opp i hovudet. Men den lette og ledige tonen kombinert med dei tunge og kostbare rekvisittane er nettopp det som gjer filmen så absurd og unik. Å skaffe investorar som vågde å gjere noko med dette var umogleg, så Tarsem finansierte alt med eigne pengar. Han oppsummerte det med at «du må lage dine personlege filmar medan du er ung. Eg visste at om eg ikkje gjorde det no, ville det aldri skje.» Uinteressert i å sitje på gamleheimen og tenkje på kva han burde gjort, måka altså Tarsem pengane han hadde tent på reklamefilmar inn i eit prosjekt som mildt sagt fekk blanda respons.
 
Å seie «mykje form og lite innhald» er effektivt, dødeleg, enkelt og hårreisande irriterande. Tarsem sin debutfilm, The Cell, fekk høyre den formuleringa ofte. Men stilgrepa som seier realisme er få og snevre, og ved å forkaste desse konvensjonelle stilgrepa får publikum ein hardare jobb med det å leve seg inn i historia. Slik kan ei god historie kjennast kunstig berre på grunn av den sjokkerande estetikken rundt. Og at The Cell og Immortals vert kalla ei tynn suppe kan eg for så vidt leve med, men det er ufint å bruke denslags floskel-kritikk mot The Fall. Det vart sagt då The Fall kom at den kom for seint, at den høyrde heime på syttitalet då det var større fridom for regissørar til å gå berserk og lage visjonære sprell utan ei klar målgruppe. Den er for fantasirik til å bli eit trist sjukehusdrama, og for trist og skummel til å bli ein fargerik barnefilm.

Filmen er velsigna fri for greenscreen og computergenererte effekter, noko som gjer at den kjem til å leve mykje lenger enn dei nyare filmane til Tarsem. Han gjorde alt i kamera, og sjølv om det er det beste du kan gjere, var det i utgangspunktet eit økonomisk valg. Han spelte først inn rammeforteljinga på eit sørafrikansk sjukehus i tre månader, og så filma han bileta som jenta ser for seg over ein periode på fire år. Som reklame- og musikkvideoregissør var Tarsem mykje på reisefot. Ved å halde crewet igjen der to dager ekstra og få The Fall-skodespelarane flydd inn, kunne han pusle ihop til The Fall hadde scener og glimt frå over 20 land. Dette kan ironisk nok vere grunnen til at filmen ikkje vart større: Den var så lekker at ein ikkje ser skogen for berre tre. Historia og spelet til seksåringen Untaru hadde kan hende kome endå betre fram om ein ikkje kontinuerleg vart bombardert av spektakulære scener. For vesle Untaru trudde gjennom heile sjukehussekvensen at Lee Pace faktisk var lam, og berre interaksjonen hennar med Pace er nok til at The Fall verd å sjå. Men altså to ting: IKKJE sjå traileren, den viser alt for mykje. (Det er urovekkande at Tarsem, som betalte alt og dermed hadde full kontroll over heile filmen, likevel fekk så lite kontroll over traileren.) Og ikkje få alt for mykje panikk når det er skummelt, sånn som eg. Det går bra til slutt.