MISFORSTÅTT BRUK AV KUNNSKAP: Vår erfaring er at grenseløyse og manglande omsorg kan vere like skadelig som tvangsbruk, skriv artikkelforfattarane. Bildet er av Vestlundveien ungdomssenter der Dagbladet avslørte uheldige forhold. Foto: Jørn H Moen
MISFORSTÅTT BRUK AV KUNNSKAP: Vår erfaring er at grenseløyse og manglande omsorg kan vere like skadelig som tvangsbruk, skriv artikkelforfattarane. Bildet er av Vestlundveien ungdomssenter der Dagbladet avslørte uheldige forhold. Foto: Jørn H MoenVis mer

Barnevern:

Ungdomane på barnevernsinstitusjonar må få den hjelpa dei fortener

Frå rigiditet til grenseløyse?

Meninger

Norske barnevernsintitusjonar får no merksemd i media. Mellom anna har Dagbladet avdekka det som ser ut som alvorlige manglar i praksis i ein norsk barnevernsinstitusjon. Stavanger Aftenblad har tidligare publisert saka om «Glassjenta» og sist veke kom dommen i Stina-saka der er ei ung jente i barnevernsinstitusjon blei dømt til 11 års fengsel for drap. Skjebnene til ungdomane er forferdelige, mediasakene er likevel nødvendige og kan bidra til å endre praksis i barnevernsinstitusjonar. Vi ynskjer å kome med nokre perspektiv frå praksisfeltet i debatten.

Dei siste åra har det utvikla seg eit paradigmeskifte i kunnskapsgrunnlaget for institusjonsbarnevernet. Ein beveger seg frå eit åtferdsperspektiv til ei traumebevisst tilnærming. Utviklinga har skapt motpolar og ført til ein anten eller diskusjon. I april vart det kjent at det hadde vore omfattande bruk av tvang og isolering på ein barnevernsinstitusjon i Trøndelag. Seinare kom Dagbladet sine avsløringar om Vestlundveien i Bergen der det vert framstilt som ein ikkje har brukt nok tvang og grenser. Desse sakene er to ytterpunkt i paradigmeskiftet.

Utfordringa med metodar bygd på åtferdspsykologi og sosiale læringsteoriar er at dei kan føre til ein instrumentell praksis med lite rom for individuell tilpassingar. Ungdomane skal tilpasse seg institusjonen sine rammer og reglar. Ein nyttar positive og negative konsekvensar som ytre motivasjon for å oppnå endring. Sett på spissen er ein er ferdig behandla når ein klarer å tilpasse seg institusjonen.

Tilnærmingane søkjer å endre sjølve åtferda, ikkje å forstå årsakene eller mekanismane bak åtferd. Perspektivet er hensiktsmessig om åtferda er lært og ein kan ha effekt av å lære ny åtferd. Perspektivet tek ikkje nok omsyn til individuelle forskjellar, behov, kjensler og tidlegare erfaringar. Dette har ført til konflikt, motsetning, utagering og tvangsbruk, som igjen pregar menneskesynet og verdigrunnlaget til dei profesjonelle i institusjon.

Det traumebevisste perspektivet er naudsynt som kunnskapsgrunnlag i institusjonsbarnevernet. Vi treng eit språk for å forstå samanhengen mellom negative livserfaringar og åtferd som er skremmande og destruktiv. Vi veit at negative livserfaringar som til dømes overgrep, vald, omsorgsvikt, rusmisbruk set spor og kan prege utvikling, sosialt, psykologisk og biologisk.

Innføringa av traumeperspektivet har mellom anna ført til at tvangsbruken i barnevernsinstitusjonar er redusert med 50%.

Historia viser at ein i institusjon har brukt makt og tvang for å oppretthalde strukturar i møte med ungdom som har det vanskelig. Potensiale for ungdom til å lære noko nytt er då ikkje til stade og ungdom får bekrefta at ein ikkje kan stole på vaksne. Om ein ikkje kan regulere eigne kjensler på bakgrunn av negative erfaringar kjem åtferdsperspektivet til kort. Unødig bruk av tvang er farlig og er i praksis misbruk av åtferdsperspektivet.

Traumeperspektivet møter uttrykka med ei større grad av forståing og meir fokus på den vaksne si rolle. Utfordringa med traumeperspektivet er at ein kan bli handlingslamma og grenselaus. Ein vert redd for å gjere situasjonen verre. Vår erfaring er at grenseløyse og manglande omsorg kan vere like skadelig som tvangsbruk. Grenseløyse er misforstått bruk av kunnskap og har ingenting med det traumebevisste perspektivet å gjere.

Traumeperspektivet handlar om å ha respekt for kvar enkel si historie og kvar enkelt ungdom sine behov. Å skape gode møter mellom menneske kan i seg sjølv kan vere helande. Kunnskapen har fokus på godt klima og samarbeid for å legge til rette for gode behandlingsrelasjonar. Utfordringa ligg i å samarbeide med dei ungdomane som kjempar seg ut av alle rammer og gode intensjonar. Vi står då i eit dilemma mellom å ivareta sikkerheita til ungdomen eller utvikle eit tillitsforhold.

Menneskerettane seier at ungdomar plassert på tvang i barnevernsinstitusjon særlig skal beskyttast mot vidare bruk av tvang. Til Dagbladet seier barne og likestillingsminister Helland at praksisen i alle åtferdsinstitusjonar skal undersøkjast. Ministeren vil finne ut om det blir brukt for lite tvang. På same tid seier brukarorganisasjonar at dei ynskjer meir kjærleik og mindre tvang i institusjonsbarnevernet.

Ungdommar i institusjon treng å få nye erfaringar, oppleve tillit og øve seg på dei utfordringane som vil møte dei når dei skal flytte ut frå institusjonen. Ungdom stakk av, rusa seg, gjorde kriminelle handlingar også før det traumebevisste perspektivet.

Fysisk og psykisk tvang vil alltid vere eit behandlingsbrot. På same måte vil grenseløyse aldri vere behandlande. Dei viktigaste erfaringane vi har gjort oss gjennom fleire år i feltet, er å påpeike at dette på ingen måte må vere ein debatt om anten eller. Det bør vere ein debatt der ein ser på moglegheitene mellom ytterpunkta.

Spørsmålet bør heller vere korleis vi kan hjelpe dei som treng hjelp mest, og ikkje ynskjer eller klarer å ta imot denne hjelpa. Vi må passe oss for å gå i gamle feller i søken etter kva som har gått gale. Vi må sørgje for at merksemda feltet og praksisen no har fører til framgang og utvikling slik at ungdomane som treng det mest får den hjelpa dei fortener.