Unyansert om tenestedirektivet

TENESTEDIREKTIVET: To skråsikre debattinnlegg om tenestedirektivet har nyleg stått på trykk i Dagbladet. Det eine «Nei uansett» av stortingsrepresentantane Tretteberg og Bjørnstad (begge Ap) er ein hyllest til direktivet. Det andre, «Skremsler atter en gang» av Nei til EUs Heming Olaussen er ei så kvass fordømming av direktivet og dei som forsvarar det at han også dekkjer si eiga overskrift - skremsler. Begge partar prøver å bruke fagrørsla som sanningsvitne. Olaussen er så ivrig at han viser til «en bred bevegelse, spesielt innen fagbevegelsen» som kjempar mot direktivet, og bruker dette mot AP-representantane. Dette er mildt sagt å overdrive. Men når Tretteberg og Bjørnstad hevdar at «samtlige europeiske fagforeninger» er for tenestedirektivet blir det like feil. Og ikkje nok med det. I spørsmålet om sosial dumping påstår dei at «alle nå er enige om at det nye direktivet ikke lenger medfører en fare for det». Dette er både naivt og riv ruskande gale. Dersom sentrale politikarar inntar ei slik haldning, blir det i seg sjølv eit argument for å avvise direktivet!

FAGRØRSLA sin motstand mot det tidlegare forslaget til tenestedirektiv har gitt viktige resultat. Olaussen hevdar likevel at Euro-LO (den europeiske faglege samorganisasjonen), der også Unio er medlem, er kjøpt og betalt av EU-systemet, og difor ikkje til å lite på. Dette tyder på at argumenta er få, og gjer samstundes Olaussen mindre truverdig.Dette er ei krevjande og viktig sak som fortener eit nyansert ordskifte. Og vi har god tid på oss. Til slutt må det svarast «ja» eller «nei» til om direktivet skal gjerast til norsk lov. Det er sjølvsagt argument for og argument mot. Og det «sikraste» er på sett og vis å avvise det nye og framande. Unio har ei rekkje interesser å ivareta, mellom anna fordi nasjonen står overfor nye og store utfordringar på kunnskaps- og velferdsområda. Difor vil vi bruke tid på grundige vurderingar før vi konkluderer.

MEN SAME KVA utfallet av den norske prosessen bli, må det arbeidast for høge standardkrav i arbeidslivet med meir opne grenser enn vi har vore vande til. Kampen mot sosial dumping blir ikkje vunnen gjennom eit nei til direktivet. Arbeids(inn)vandringa stoppar ikkje fordi Noreg bruker vetoretten. Noreg blir heller ikkje meir solidarisk av å prøve å stenge eigne grenser. Og då tenkjer eg også på kampen mot sosial dumping i resten av Europa, der den norske direktivdebatten lett blir oppfatta som eit luksusproblem.