Uroa og flyten

Grammatikalsk alkymi.

BOK: Terje Dragseth leverer her ei samling, eller ei oppsamling, av mange «lause» og svært ulike dikt som han har publisert opp gjennom åra sidan han debuterte i 1979 med «Grått regn» i danske «Hvedekorn». Tidsskriftet som då vart redigert av Poul Borum.

Alt ved det første diktet vert ein ført inn i Dragseth sitt spesielle suggererande sørlandske diktunivers.

Og eg vert omtrent bergteken av dette diktet om Listalandet som er ein sitrongul sommerfugl sine ville teikningar i lufta med vinger av glitrande støv.Dragseth er så til dei grader ein språkets poet. Ja, det kan verka rart å seia nett det, etter som alle poetar jo nødvendigvis er språkets poetar. Men det eg meiner å uttrykkja er at ein merker korleis han går inn i språket, korleis språket går inn i han; han stig ned i språket som i ei elv han først har drukke av, og lar seg føra med der språket tek han. Det kan vera meiningar og sterke uttrykk, men det kan like gjerne vera lyden av vokalar og konsonantar som syng han fram. «Diktet skal være stofflig, som elektrisk bølge, stammende fra bokstav til bokstav», og så lenge det går som det går og han følgjer og skriv, så vert det vakkert og musikalsk, eller like gjerne knudrete og knastrete som steinbotnen, rått og spenstig overraskande som fuktige kråkevenger som flaksar opp ved breidda, «Diktet skal være et mirakel der hvor det minst ventes.».

Men så kjem det avsnitt her og der kor ein kjenner at medvitet brått tek tak i ein grastust eller ei trerot på elvebreidda og held fast og seier at nei, nå må me ha noko meir suverent og moderne her.«Diktet skal ikke oppstyltes eller settes på analyserende krykker». Han ser på sin eigen praksis i ein del av desse dikta, og viser korleis det skal gjerast og kvifor og korleis det av og til ikkje vert heilt bra: «lufta forstår ikke seg selv eller mine hender».

Denne boka er på ingen måte like gjennomført og heilskapeleg komponert som «Kvitekråkas song». Det ligg i konseptet. Dette er ei slags retrospektiv utstilling som trekkjer trådane attende og viser samanhengen i ein forfattarskap. Her er med enklare ting, meir rett-fram-ting, eitt og anna dialektleikande som er meir morosamt enn eigentleg godt. Ting som ikkje er av det beste han har gjort. Men det beste er dei dikta som er dei mest originale og mest dragsethske. Vilter og med språket til alle kantar, møter han der opp med ein poeterotisk energi som ikkje lar seg regjera av grammatikk eller ortografi og som skapar sin eigen syntaks.

så våknet og bevisstløs i sang

så værbar potent

omvendt vendt

plutselig og sært

elsket var og dødelig

kantet og skarp