USA - god å ha

ISLAM: I dagens situasjon er det transatlantiske samvirket viktigare enn nokon gong.

- You are not going to like what comes after America... Leonard Cohen

DEN TREDJE verdskrigen vart populært kalla «den kalde krigen» og varte i meir enn førti år. Han er alt gløymt. Den fjerde verdskrigen, krigen mot terror, tok til lenge før 11.september 2001. Denne nye krigen vil kanskje vara lenger enn dei tre første til saman.I den internasjonale pressa er 11.september vanlegvis framstilt som «dagen då alt snudde.» Det er feil. Det var den dagen som viste kor mykje som allereie hadde snudd. Men det er rett å seia at 11. september var den datoen då den militante islamismen for første gong viste sine musklar på ein verkeleg spektakulær måte.

SIDAN 1981 hadde USA opplevt ein serie terroraksjonar under administrasjonane til Carter, Reagan, Bush 1, Clinton og Bush 2. Det er viktig å få med seg at det er nasjonen USA og amerikanske interesser som er målet, uavhengig av kven som sit med makta. Her kan ikkje «skulda» leggjast på demokratar eller republikanarar. Men det som er felles for samtlege anslag mot USA, er at det er islamistiske terroristar som står bak.I tillegg: 278 menneskeliv ved Lockerbie i 1988, 270 i Niger-ørkenen året etter, 95 (jødiske) turistar i Buenos Aires, nokre dusin tyske turistar i Egypt og endå fleire australske på Bali - så velsigna langt borte! Det var nesten så ein kunne bli glad i ETA og IRA, som etter kvart framsto som høflege smågutar i samanlikning. Dei varslar i førevegen slik at folk kan koma seg vekk før bombene smell. For baskarar og irar er det ikkje eit mål å drepa flest mogleg uskuldige.Dette var det få som tenkte over inntil den nye epoken med islamistisk terror tok til på europeisk jord, førebels med Madrid 11. mars 2004 og London 7. juli 2005 som høgdepunkt. Det sette fart i etteretninga. Eit førtital store og større aksjonar er etter dette avverga i tide, seinast i haust då ti passasjerfly skulle sprengjast over europeiske og amerikanske byar.

MED SI ØKONOMISKE og militære slagkraft, og med kristenreligion og Hollywood-dekadanse spreidd på global parabol, er USA for lengst lagt for dobbelt hat i den muslimske verda. I sin klarast formulerte video la Osama bin Laden ut sin visjonære bodskap mot alle dei vantrue: «De skjønar ikkje, de vil ikkje skjøne, at ei omvendt krossferd har byrja. Det er ein religiøs krig som dei kallar Jihad, Heilag Krig. De skjønar ikkje... for desse krossfararane er Vesten ei verd som skal verta erobra og bli underkasta islam.»Bodskapen blir stadig stadfest av leiande islamistiske ideologar: Først Europa, så USA. Drøftingar om erobringa av Vesten er kveldsunderhaldning på arabisk fjernsyn. Det store fleirtalet av fredelege muslimske familiefolk, som har Koranen til glede og inspirasjon i livet, har lite til overs for det ekstremistiske islam. Men dei har måtta konstatert at Osama bin Laden og hans læresveinar har kapra islam til sine politiske formål.

EUROPA søv enno: Kor mange journalistar, geistlege og politikarar kan noko om Den arabiske ligaen, Den euro-arabiske dialogen, Rådet for amerikansk-islamske relasjonar, Det muslimske rådet i Storbritannia, for ikkje å nemne The Muslim Brotherhood?Før karikaturstriden og Pavens tale i Regensburg: Kor mange redaktørar, domprostar og folkevalde hadde tenkt gjennom det presset som ytringsfridomen og andre liberale fridomar vil møte når einvegstoleransen blir sett i system i Europa?

KVA ER framtidsutsiktene for demokratiet i eit Europa med demografiske omskifte som no går over frå trav til galopp? Stikkord: Utvikling av parallelle samfunn i og rundt storbyane. Stabil fiasko for integrasjonen av ikkje-vestlege innvandrarar. Disiplin- og læringsproblem i skulen. Auka vald og kriminalitet. Muslimsk fleirtal i aldersgruppene under 23 år (t.d. Amsterdam og Rotterdam). Radikalisering av andre- og tredjegenerasjonen. Dramatisk auke i trakassering av homofile og jødar. Ein allmenn multikulti-ideologi som ut frå «respekt for kulturane» held oppe dei mest finurlege tvangs- og undertrykkingsmekanismar som tenkjast kan mot muslimske jenter og kvinner. Verdirelativisme og harsellas med eigen kulturarv. Ytringsfridomen tippar mot sjølvsensur.På den internasjonale arenaen kjem det ein straum av bøker og artiklar frå fagfolk og intellektuelle som føreseier Europas undergang. Dei prøver å slå alarm, samstundes som den herskande eliten insisterer på at alt er vel.

I EN SLIK situasjon er det transatlantiske samvirket viktigare enn nokon gong. Det må til bevisstgjering av dei demokratiske verdiane som me hittil har teke for gitt. Det må til samling av ressursar og talent for utdanning, ytterlegare forskning og innovasjon som har ført USA og Europa opp i fremste rekkje innanfor teknologi, kultur, demokrati, velstand og velferd. Det må til ein innvandringspolitikk som er berekraftig og ein integrasjonspolitikk som fungerar også for minoritetane. Mange venstreradikale, som av bakgrunn og instinkt er anti-amerikanske, og som kosar seg når det kapitalistiske USA får problem, har gått så langt at dei allierer seg med reaksjonære arabisk-islamske høgrekrefter. Hatet mot USA er sterkare enn elskhugen for islam - og kva gjer ein ikkje (heilt sidan 68) for å hjelpe fattigfolk i kampen mot USA-imperialismen?

FOR DEI SOM følgjer med på den internasjonale scenen er det interessant å sjå korleis mange framståande intellektuelle på venstresida stiller seg til dei nye realitetane.Ta Paul Berman, amerikansk professor, forfattar og ikon for 68-generasjonen, som meiner at islamismens mål er noko meir enn å rette ut ein grensestrek mellom Israel og Palestina: «Det islamske målet er absolutt grandiost og globalt. Den absolutte drivkrafta er ønskjet om å styre verda.» Ta Christopher Hitchens, hans britiske forfattarkollega, som har merka seg at kompisane på venstresida alltid er for alle regime og tyrannar som er imot USA. Etter at han såg korleis dei stiller seg til ein bin Laden, ein Milosevic, ein Saddam, ropar han ut: «Er det dykkar jobb å føre til torgs dei fremste orsakingane for all verdas kriminelle? Kom igjen, det er på høg tid at The Left fornyar sin heroiske kamp mot undertrykkande religion og fascistiske tyrannar!»

HER I NORGE er det opptil fleire som endeleg meiner å ha funne eit godt argument for å få landet inn i EU: «Vi må utvikle EU som en motvekt mot USA.» Eg har aldri høyrt om at ei livbøye blir brukt til motvekt. Anti-amerikanismen er piska til nye høgder under Bush. Det dummaste Europa kan gjera er å vurdere vårt tilhøve til USA ut frå eit to- eller fireårsperspektiv. Ein verdi- og kulturhorisont må heller reknast i generasjonar og hundreår. Framveksten av totalitære, usynlege og til dels statslause krefter på den internasjonale maktmarknaden bør føre til nyorientering hos mange (både på venstre- og høgresida), særleg for alle dei som har eit fordomsfylt og kunnskapslaust forhold til Amerika.

PÅ SIKT KJEM me ikkje utanom eit nordatlantisk frihandelsområde og moglegvis ein nordatlantisk union. Europa og Nord-Amerika er gjensidig avhengige kulturelt og økonomisk. Som vener bør me prate saman, ikkje skrike. Sidan president Franklin D. Roosevelt uttalte at USA skal vera «arsenalet for demokratiet,» har Europa opplevt ro og komfort under NATO og den amerikanske tryggingsparaplyen. USA er blitt laboratoriet for vitskap og menneskeleg framgang. Det er der dei beste universiteta er, det er der Nobel-prisane blir vunne. Den søkjande frie ånd, skaparevne og teknologi går hand i hand for å gjera livet lettare og meir opplevingsrikt for menneska. Europa, som er på same spor for innovasjon og utfalding, kan frå si side også levere gode porsjonar med visdom, historie, diplomati, rettsvesen, estetikk og utsyn over alle blånar. Me bør tale samla om vår vestlege kultur, sivilisasjonen som er den mest dynamiske verda har sett, som fremjar det demokratiske og velståande tilværet som alle nasjonar trår etter.

ER DET SÅ vrangt for europearane - som framleis har høve til å gjera sine frie val, privat og offentleg - å skilja klarare mellom opne demokratiske verdiar og totalitære tankeretningar som er på god veg til å rykke oss nærare inn på livet? Boka til Hallgrim Berg, «Amerika-brevet: Europa i fare», kjem ut i dag.