USA aukar nærvere

I juli i år tok USA til å patruljera med sin 4. marineflåte i farvatna utanfor Sør-Amerika. «Kva grunnar kan USA ha for å senda ein så sterk marinestyrke til eit fredeleg område, der ein ikkje har atomvåpenstyrkar, og der det heller ikkje finst reelle militære konfliktar eller trugsmål?», spurte den argentinske avisa Clarín. Svar innhenta Clarín frå spesialist i tryggleiksspørsmål og professor ved San Andrés-universitetet i Buenos Aires, Khatchik Der Ghogassian, som sa: «USA vil aldri vedgå at det er på grunn av naturressursane, men det er ikkje tilfeldig at dette skjer samstundes med strukturelle endringar i verdsøkonomien, i ein situasjon der ferskvatn, mat og energiressursar får ein stadig større strategisk verdi».

I presidentperioden til George Bush jr. har grepet om bakgarden i Latin-Amerika losna. Krigane i Afghanistan og Irak har kravd så mykje ressursar og merksemd at latinamerikanske land har kunna utvikla sine eigne løysingar både politisk og økonomisk, utan den direkte innblandinga som USA er kjent for i tidlegare tiår. Ikkje ein gong Hugo Chávez sine rabiate utfall – som når han ber om at «dei helvetes yankeeane må dra hundre gonger til helvete» – blir møtt med anna enn oppgitte skuldertrekk. I høve dei nye aktivitetane til den 4. flåten utanfor kystane av Sør-Amerika, har Bush-administrasjonen sin Latin-Amerikaansvarlege, Thomas Shannon, sagt at «regionen byr på mange utfordringar for oss… det er eit område der vi må vera til stades…».

Når representantar for styresmaktene i USA skal dementera noko regjeringa i landet er skulda for, syner dei seg gjerne som meistrar i å gå som katten rundt den varme grauten. På nettsida til USA sin ambassade i Asunción (Paraguay) kan ein mellom anna lesa at USA si regjering vedkjenner at det gigantiske undervassreservoiret Acuífero Guaraní er ein viktig ressurs for innbyggjarane i området, og at det å frakta «alt dette vatnet frå Paraguay til USA, ganske enkelt er ein tåpeleg idé».

Så sant som det er sagt, viss det berre var dette saka dreia seg om. Det USA er ute etter, er sjølvsagt i første rekkje å garantera fri flyt av energiressursar – vatn, gass og olje – til dei internasjonale marknadane. I ein slik samanheng er det ein må sjå USA si interesse for det omtala Acuífero Guaraní, som ein finn i både Brasil, Argentina, Paraguay og Uruguay, og som til saman dekkjer eit område større enn Frankrike, Spania og Portugal.

Midt i hjartet av Latin-Amerika, i Mariscal Estigarribia vest i Paraguay, ein landsby med om lag 3.000 innbyggjarar, har USA oppretta ein militærbase med ei 3.800 meter lang landingsstripe for militærfly av typen Galaxy og B52. USA sin ambassade i Paraguay blånektar for at ein slik militærbase finst.

Sameleis nekta styresmaktene i USA hardnakka for at dei hadde noko å gjera med den såkalla Kondorplanen, eit samarbeidsprosjekt i undertrykking, tortur og forsvinning mellom søramerikanske militærregime på 1970-talet. Dette gjorde dei etter at Robert Sherrer, spesialagent i FBI, hadde avslørt at det fanst eit organisert samarbeid mellom undertrykkingsapparata i Argentina, Brasil, Chile, Bolivia, Uruguay og Paraguay, og etter at John Anderson 2. august 1979 hadde publisert ein artikkel i The Washington Post som han kalla «El Cóndor: the Latin American Criminals». Først då menneskerettsforkjemparen Martín Almada troppa opp på ein politistasjon i utkanten av Asunción (Paraguay) og fann terrorarkiva til Kondorplanen – dokument og mikrofilmar som dokumenterte overgrepa – tok ting til å skje. Det blei frigjort hemmelegstempla rapportar og skriv som synte for all verda at USA stod bak planen.

I Latin-Amerika har det gått føre seg ei politisk venstredreiing det seinaste tiåret, og mange land har nytta høvet til å utvikla tette økonomiske band til andre delar av verda, som EU, Russland, Kina og Japan. Etter 11. september 2001 har heile USA sin utanrikspolitiske strategi vore retta inn mot å nedkjempa det som blir oppfatta som internasjonal terrorisme, nett slik målet før 1990 var å slå ned den internasjonale kommunismen. I ein slik samanheng er det om å gjera for stormakta i nord å ha eit utkikkspunkt for å kontrollera ulike strategisk viktige element: flyten av energiressursar til og frå området, dei nye venstreorienterte regjeringane i området og det såkalla Trippelgrenseområdet mellom Argentina (Puerto Iguazú), Brasil (Foz do Iguaçu) og Paraguay (Ciudad del Este), der det er ein stor koloni arabarar – som så å seia per definisjon blir rekna som terroristar.

I motsetnad til representantar for USA si regjering har statsrådar i Paraguay snakka relativt ope om militærbasen i Mariscal Estigarribia. Den nyleg innsette presidenten, Fernando Lugo, har tilmed hevda at han vil ha USA ut or området og basen. Dei politiske og sosiale opprøra i det austlege Bolivia blir òg til ein viss grad sett i samband med den omtala militærbasen, som ligg berre 250 km frå grensa til Bolivia. Washington er i aukande grad uroa for at USA har mist kontroll over den latinamerikanske bakgarden. Det fattige Bolivia, med ein svak stat og store klasseskilnader, går for å vera eit lett byte for intern strid, og landet er den seinaste tida rive i sund av indre sosial uro der dei relativt sett rike søraustlege regionane har gått i spissen med sine krav om indre sjølvstyre.

Uroa i Bolivia, som har kravd minst 30 menneskeliv og trugar med å utvikla seg til rein borgarkrig, har ført til hastemøte mellom landa i UNASUR (Unionen av søramerikanske land), som har gitt støtte utan atterhald til presidenten i Bolivia, Evo Morales. Tilmed den sterkt høgreorienterte USA-vennlege presidenten i Colombia, Alvaro Uribe, har gitt sin tilslutnad og moralske støtte til Morales. Det er såleis ikkje berre den tidlegare kokadyrkaren Evo Morales og den storsnuta Hugo Chávez som her orkesterer eit USA-fiendtleg åtak på USA, slik ein del av pressa har framstilt det den seinare tida.

Fram til no har Bush-administrasjonen vore mest oppteken av at lokale stråmenn skulle ta vare på interessene deira i Latin-Amerika. Difor har styresmaktene i USA alliert seg med konservative politikarar, militære og næringslivsleiarar som var viljuge til å gjera det skitne arbeidet for dei mot venstreorienterte regjeringar. Som då Pedro Carmona, leiaren for næringslivsorganisasjonen Fedecámaras, gjekk i bresjen for det farseaktige, 47 timar lange mislykka kuppet mot Hugo Chávez i Venezuela i april 2002. Eller som når president Álvaro Uribe i Colombia blir nytta som spydspiss i kampen for å sverta presidentane i Ecuador og Venezuela så vel som geriljaorganisasjonen FARC. I den aller seinaste tida har Chávez i Venezuela og Evo Morales i Bolivia peika på farane for USA-støtta statskupp.

Geopolitiske vurderingar og strategiske økonomiske interesser kan no tyda på at USA er på veg tilbake att til meir direkte innblanding i Latin-Amerika.