Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

USA og statsterrorismen

School of the Americas har sidan starten i 1946 uteksaminert meir enn 60000 latinamerikanske soldatar og politimenn.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Først skal vi drepa dei som undergrev samfunnet, så dei som samarbeider med dei, deretter dei likesæle og til slutt dei som skuggar unna.» I dagens situasjon med internasjonal terrorfrykt kunne ei slik ytring ha komme frå fleire hald, som oftast pakka inn i litt mindre direkte og brutale talemåtar.

Språk vert nytta medvite for å manipulera og for å innprenta visse tankemønster. Dette er eit heilt vanleg fenomen i mellommenneskeleg kommunikasjon, men i visse høve presenterer maktpersonar eit slikt manipulert språk som objektiv framstilling av røyndommen. Då er det ein risiko for at språket ikkje lenger fungerer som effektiv kommunikasjonskanal, men i staden blir ein reiskap for hjernevask og ideologisk-politisk einsretting. Dette ser vi heilt klare døme på viss vi røkjer etter i språket og diskursen til dømes hjå dei latinamerikanske diktatorane på 1970-talet.

Alle dei militærdiktatura som i 1970-åra tilrana seg makta gjennom kupp, hadde som inspirasjonskjelde den såkalla nasjonale tryggleiksdoktrinen, som var eit globalt svar på «den internasjonale marxistiske aggresjonen», slik doktrinen sine ideologar såg det. Doktrinen verka som ei systematisk «rettferdiggjering» av undertrykking og bestialsk vald mot «alle dei som var mistenkte for undergravande og samfunnsfiendtleg verksemd». I etterkrigstida og fram til Sovjetunionen og austblokka gjekk i oppløysing rundt 1990 blei den nasjonale tryggleiksdoktrinen nytta for å forsvara «den frie, kristne og vestlege sivilisasjonen» i kampen mot «den diktatoriske, kommunistiske sivilisasjonen i aust».

Etter tryggleiksdoktrinen blei alle dei viktige konfliktane i verda sette inn i aust-vest-konflikten sine rammer. Mistenkte for undergravande verksemd var alle dei som opponerte mot den etablerte samfunnsorden, og som ein konsekvens av doktrinen blei det sett i verk ei rabiat forfølging av arbeidarrørsle, bønder, fagforeiningsfolk, medlemmer av sosiale og humanitære organisasjonar, frigjeringsteologar, studentar, journalistar, intellektuelle og andre som gjekk i bresjen for sosiale, økonomiske og politiske endringar av eit urettferdig samfunn.

Omgrepet «nasjonal tryggleik» gjekk ikkje berre på reint militære føremål, men det inkluderte også alt som hadde å gjera med politikk, økonomi, utdanning og kultur. Dei latinamerikanske militære offiserane hadde førebudd seg på å ta over slike oppgåver på militærskolar og krigsakademi som ein dels fann i Latin-Amerika, dels i USA og den (fram til 1999) USA-kontrollerte Panama-kanalsona (School of the Americas). Her lærte dei væpna styrkane si nye rolle i kampen mot «dei indre fiendane», her lærte dei korleis dei skulle føra kampen for «den kristne vestlege sivilisasjonen» på alle område, og her lærte dei at dei i «sosiale og politiske krisesituasjonar» skulle opptre som «redningskorps» og vera ei fjerde statsmakt, i tillegg til og overordna dei tre tradisjonelle statsmaktene. Kort sagt: her er USAs statsterrorisme blitt lært vekk til lærevillige militære frå Latin-Amerika.

I den første halvdelen av 1970-talet, då Vietnamkrigen gjekk mot slutten, blei den såkalla Nixon-Kissinger-doktrinen unnfanga. «Kloke» av skade etter tapa i Indokina gjekk ein no inn for at troppar frå USA ikkje skulle gå direkte og massivt inn i konfliktar i utlandet, men i staden gjera sitt til at dei væpna styrkane i ulike land rundt om i verda skulle bli i stand til å kjempa slike kampar på eiga hand. Det skulle ikkje alltid gå som dei høge herrane i USA ønskte det: Manuel Noriega, Saddam Hussein og Osama bin Laden er dei mest talande døma på USA-trente militære som vendte ryggen til læremeisteren.

Dei væpna styrkane fekk støtte frå visse grupper i dei latinamerikanske samfunna, i særleg grad dei økonomiske gruppene som hadde nære samband med den internasjonale storkapitalen. Tar ein føre seg tekstar frå leiande økonomar i dei latinamerikanske militærdiktatura på 1970-talet og i lærebøker frå School of the Americas, vil ein sjå at termar som «modernisering», «satsing på ny teknologi», «trongen for privatisering», «neoliberalisme» og «globaliseringa av økonomien» slett ikkje er så moderne som somme vil ha det til i dag, men at dei alt eksisterte på 1970-talet, i regime som kombinerte politisk diktatur og økonomisk liberalisme. Og ikkje berre hjå dei Milton Friedman-frelste «Chicago Boys» som herja i økonomien i militærdiktatura i Chile og Argentina, men også som generelt ideologisk credo.

School of the Americas har sidan starten i 1946 uteksaminert meir enn 60000 latinamerikanske soldatar og politimenn. Leiarane ved skolen sette opp ei skryteliste, der det mellom anna heitte at ti av elevane som hadde gått der, sidan var blitt presidentar i ulike land i Latin-Amerika, men dei passa seg vel for å seia at dei alle var komne til makta ved hjelp av kupp. Skolen, som fekk kallenamna kuppskolen og torturskolen, blei kjent då ein prest la fram prov på at kidnappa sivile personar blei nytta som prøvekaniner i torturundervisninga på skolen. Undervisninga gjekk mellom anna ut på å spela opptak av kona og borna til fangane under tortursesjonane, og det blei likeeins undervist i korleis ein kunne bortføra ein fange sine familiemedlemmer. På School of the Americas lærte USA latinamerikanske generalar korleis dei skulle slåst mot sitt eige folk, «dei indre fiendane», i namnet til Gud og den nasjonale tryggleiksdoktrinen.

I tryggleiksdoktrinen blei Sovjet oppfatta som «det ondes imperium», nett slik Iran, Irak og no Afghanistan er blitt definerte i det seinaste tiåret. Eit imperium for det onde blir sett på som eit land der manipulering av sanning og løgnpropaganda herskar, som om dét skulle vera dei udemokratiske regima sitt monopol. Denne uttrykksmåten med klare religiøse overtonar blir allment nytta av fundamentalistisk orienterte regime av ulike slag med lågt toleransenivå for annleis tenkjande.

Ilke-rapporten frå 1988 sette opp dei store linene for USA sin utanrikspolitikk til inn i dei første åra av vårt hundreår. Mellom dei 13 notabilitetane som var med på å utarbeida rapporten, finn vi kjente namn som Henry Kissinger, Zbigniev Brzezinski, William Clark, i tillegg til mannen som gav namn til rapporten, Fred Ilke. Rapporten blei kalla «Discriminate Deterrence» («Målretta avskrekking») og blir omtala som eit instrument i «neoglobalismens» teneste i kampen mot all form for avvik frå denne økonomiske ideologien, som skulle bli einerådande etter at Sovjetsamveldet gjekk i oppløysing.

Det heiter i Ilke-rapporten at USA treng «samarbeidsstyrkar» rundt om i verda som vil kunna rekna med økonomisk og militær hjelp. «Samarbeidsstyrkane» er regjeringar, maktgrupper og personar som kan ha ein positiv innverknad på utbreiinga av «neoliberalismen» og «neoglobalismen». I Ilke-rapporten finn vi eit eksplisitt uttrykk for den politikken USA fører utanriks: folka i dei landa ein samarbeider med, er kanonføde, medan USA stiller opp med våpen, teknologi og dollar. Og landa der USA går inn, høyrer stort sett med til dei aller fattigaste i verda, dei med minst kapasitet til å forsvara seg.

Terroråtaka 11. september i år har USA nytta til å innskrenka demokratiske rettar, til å stoppa systemkritikk, til å slutta rekkjene i det marknadsliberalistiske korstoget, og George W. Bush har gitt melding om at etterretningstenesta CIA skal drepa personar som han peiker ut. «Den som ikkje er med oss, er imot oss.» Vi er attende til situasjonen før 18. februar 1976, dagen då president Gerald Ford sette namnetrekket sitt under eit direktiv som sette forbod mot statsautoriserte drap frå USA si side.

Vi er attende til tida då vinnaren av Nobels fredspris, Henry Kissinger, pønska ut Condor-planen, eit samarbeidsprosjekt i bestialsk undertrykking mellom diktatura i Sør-Amerika. Vi er attende i den tida då militærguvernøren i Buenos Aires-provinsen, general Saint-Jean, direkte og brutalt sa det andre tenkte, gjennom sitatet som innleier denne kronikken.

Hele Norges coronakart