Debatt: Digitalisering av musikkarkiv

Usikker framtid for folkemusikkarkiva

Det skjer mykje på lydarkivfeltet. Pengar til kartlegging og digitalisering er nødvendige og etterlengta tiltak. Kven som skal drive utviklingsarbeidet for folkemusikkarkiva i framtida synest enno uklart.

TAR ANSVAR, TRENG PENGAR: Nasjonalbiblioteket, her ved leiar Aslak Sira Myre, har dei siste åra vist vilje til å sikre også lyden, ikkje berre bøkene. Men skal dei ta eit heilskapleg ansvar må det følgje pengar frå staten, ved kulturminister Trine Skei Grande, skriv innsendaren. Foto: Nasjonalbiblioteket
TAR ANSVAR, TRENG PENGAR: Nasjonalbiblioteket, her ved leiar Aslak Sira Myre, har dei siste åra vist vilje til å sikre også lyden, ikkje berre bøkene. Men skal dei ta eit heilskapleg ansvar må det følgje pengar frå staten, ved kulturminister Trine Skei Grande, skriv innsendaren. Foto: NasjonalbiblioteketVis mer
Meninger

Dei norske folkemusikkarkiva har sidan 80-talet samarbeidd om digitalisering og utvikling av programvaren Fiol. I dag er mykje informasjon om musikken og utøvarane registrert og gjort tilgjengeleg gjennom dette programmet. Men ikkje alt.

Det siste året har Nasjonalbiblioteket kartlagt lyd og audiovisuelt materiale i norske museum, bibliotek og arkiv. Omfanget av materiale som korkje er registrert eller digitalisert er truleg høgt, og framtida for materialet er usikker.

Ole Aastad Bråten.
Ole Aastad Bråten. Vis mer
Silje Cathrin Fylkesnes.
Silje Cathrin Fylkesnes. Vis mer

For, store deler av folkemusikkmaterialet eksisterer berre som gamle spoleband. Og Fiol har kort levetid, skal vi tru dei svenske eigarane som seier dei vil avslutte vidareutvikling og support. Det hastar med å utvikle ein ny digital infrastruktur for folkemusikkarkiva i Noreg.

Og medan vi ventar på avvikling av Fiol undersøkjer Opplandsarkivet med fleire moglegheitene for å eksportere og gjenbruka verdifull informasjon frå programvaren, informasjon som seinare vil kunne overførast til nye katalogsystem.

For nokre år sidan gjekk NRK saman med Nasjonalbiblioteket for å sikre folkemusikkarkiva i sine institusjonar. Arbeidet har vore vellukka, men prosjektet omfattar berre musikk i eigne arkiv. Og sjølv om Nasjonalbiblioteket driv kartlegging, planarbeid og digitalisering for ABM-sektoren, har ikkje Nasjonalbiblioteket mandat eller ressursar til å utvikle ein ny programvare for folkemusikkarkiva. Det bør dei få. Arbeidet ved Nasjonalbiblioteket må omfatte systemutvikling og digitalisering, og det må koma alle folkemusikkarkiva til gode.

Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet har dei siste åra fått auga opp for verdiane i dei mange lydarkiva. Mykje av det som blir gjort er bra. Men kartlegging, tilstandsanalyser, digitalisering og framtidsplanar hjelper lite om ikkje nokon tek heilskapleg ansvar og sikrar utvikling og samordning der alle er med. I dag manglar folkemusikkmiljøet ein fagleg autoritet med musklar til å utvikle nye systemprogram. Nye aktørar må koma på banen. Nasjonalbiblioteket må gjere jobben.

For Nasjonalbiblioteket har dei siste åra vist vilje til å sikre også lyden, ikkje berre bøkene. Men skal Nasjonalbiblioteket ta eit heilskapleg ansvar må det følgje pengar frå staten. Mandatet til utvikling av programvare for folkemusikkarkiva får de her. No manglar de berre pengane. Kulturminister Trine Skei Grande har med dette ein unik moglegheit til å sikre lyden av Noreg. No ventar vi på pengane og dei samordnande tiltaka. Blir du med, kulturminister?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.