LEIAR OSLO FRP: Aina Stenersen (Frp) klarte det meisterstykket å bli skikkeleg lagt merke nesten før ho kom i leiarsetet i Oslo Frp, skriv artikkelforfattaren. Foto: Christian Sørgjerd / NTB Scanpix
LEIAR OSLO FRP: Aina Stenersen (Frp) klarte det meisterstykket å bli skikkeleg lagt merke nesten før ho kom i leiarsetet i Oslo Frp, skriv artikkelforfattaren. Foto: Christian Sørgjerd / NTB ScanpixVis mer

Ut av det mørke, mørke blå

Ho klarte sporenstreks å parkere Sylvi Listhaug på sidelinja som innvandringsversting og få henne til å framstå som reinaste godheitstyrannen.

Meninger

Mange fekk nok med seg at Kringkastingsrådet før jul oppmoda NRK om å satse på meir konservativ humor (kva no det måtte vere) fordi dei meinte at det var altfor mykje venstreradikal humor (kva no det måtte vere) i statskanalen. Både den eine og den andre på ytterste høgre fløy hadde blitt trakka på tærne, og ein gong må nok vere nok. Sidan har det ikkje skjedd noko særs. Kanskje fordi ein ikkje berre kan konstruere konservative komikarar og sende dei ut på marknaden. Det er snakk om talent, kreativitet og vilje til å harselere med naive raddisar om det skal fungere.

Men så, for nokre dagar sidan, dukka ho opp out of the blue i reine «rop på sommer`n, så kommer`n»-stil på den norske komikarstjernehimmelen. Den nye leiaren i Oslo Frp, Aina Stenersen. Om komikken hennar er konservativ, kan vere eit definisjonsspørsmål. Men ein ting er sikkert; dama er erkekonservativ. Og ho kom visst ikkje heilt ut av ingenting heller. Aina Stenersen er ho som like sikkert som amen i kyrkja tidleg i mai kvart einaste år går ut i media med «ikkje eit einaste utanlandsk flagg i norske 17. mai-tog» bodskapen sin.

Eg må bryte saman og tilstå at eg aldri har reflektert så mykje over kva slags katastrofe det vil vere om eitt og anna utanlandsk flagg dukkar opp på nasjonaldagen vår. I Stavanger opplevde eg ein gong eit nederlandsk korps i 17. maitoget. Dei hadde dekorert instrumenta sine med nederlandske og norske flagg. Dumme meg stod og applauderte og jubla. Sjølvsagt skulle eg ha bua, organisert ein mobb og jaga dei ut av toget. I staden klappa eg! Eg deltok heller ikkje i ramaskriket då ein skule på Nord-Vestlandet hadde teikna ulike land sine flagg som dei hadde tenkt å bære i toget på 17. mai. Men det var nok av andre som bar seg, så mi stemme hadde vel blitt overdøyvd likevel.

Men det er altså denne nasjonalisten som no har blitt leiar i Oslo Frp. Aina Stenersen klarte det meisterstykket å bli skikkeleg lagt merke nesten før ho kom i leiarsetet. I beste Frp-tradisjon stod det innvandringsutspel på programmet. Så lattervekkjande var forslaga hennar at både den eine og den andre sette kaffien i halsen då ho framførte dei. Samstundes klarte ho sporenstreks å parkere Sylvi Listhaug på sidelinja som innvandringsversting og få henne til å framstå som reinaste godheitstyrannen. Stenersen vil nemleg plassere alle flyktningar som er dumme nok til å ta seg til Noreg, i lukka mottak eller interneringsleirar. Grunnen er, i fylgje henne, at straumen av flyktningar er heilt ukontrollerbar. Tusenvis stikk av frå mottaka så snart dei er plasserte der for å gå under jorda og leve som papirlause kjeltringar. Det er visst det dei drøymer om når dei med livet som innsats gjer den farefulle ferda over hav og land; å kunne vere lyssky skurk i eitt av verdas kaldaste land.

Den nye Frp-stjerna vil altså internere babyar, ungar og tenåringar. Mødrer, fedrar og bestemødrer skal bak lås og slå så snart dei set sin fot på norsk jord anten dei har tenkt å gjere noko gale eller ei. Dette er visst Stenersen sin versjon av ein rettsstat.

Og sjå om ikkje Aina Stenersen klarte å få Oslo-laget med på dette og mykje meir. «Lov og orden-partiet» har vedteke å fengsle alle asylsøkjarar som kjem til Noreg. Dessutan skal dei ta frå dei sjansen til fri rettshjelp, og ingen flyktningar skal få permanent opphald.

På den måten kan Frp oppnå sin våte draum om ei flyktningefri Festung Norwegen.

Som vanleg når Frp-politikarar kjem med bramfrie flyktningeutspel, står eit kobbel av juristar, spesialistar og forståsegpåarar som programmerte robotar klare med nykvessa tastatur for å protestere. Menneskerettigheitar (boring!) seier dei. Flyktningekonsjve (arrgh, vanskeleg ord!) påberopar dei seg og prøver å setje kjeppar i hjula på enkle, endelege løysingar.

Det var dei same folka som øydela for Sylvi Listhaug då ho nyleg ville hurtigbusse fem, seks tusen flyktningar til Russland. Spesialistar i menneskerettigheitar og flyktningeknvsjevo (shit) fekk, i fylgje Listhaug, russiske myndigheiter til å snu på hælen og nekte å ta imot meir enn eit par hundre. Resten må rett og slett få saka si handsama her til lands. Er det rart Listhaug fryktar for barna sine si framtid?

Om situasjonen skulle dukke oppatt, er det nokre smålege kritikarar som foreslår at Listhaug skal spørje russarane om det er i orden før ho rekvirerer kvite bussar.

Men attende til Aina Stenersen. Som sagt klarte ho å markere seg med nokre heilt latterlege forslag i beste komikarstil. Standup om innvandring er noko Frp har hatt suksess med lenge, men Stenersen tek det til nye høgder. Så her er det berre å lene seg attende og vente på nye, sprelske utspel og håpe på at ho slepper dei laus på oss utan å tenkje seg noko særleg om.

Einaste faren er at ho kan komme til å servere satiremat til desse hersens venstreradikale komikarane. Men den sjansen tar ho heilt sikkert. Kva gjer ein ikkje for å spreie humoren sin og samstundes hanke inn nokre ekstra veljarar?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.