BIBELSK: I kvalfiskens buk gjekk Jona i dialog med Herren, og etter tre dagar og tre netter blei han spydd opp på land. Ill. Matthäus Merian,1625-27.
BIBELSK: I kvalfiskens buk gjekk Jona i dialog med Herren, og etter tre dagar og tre netter blei han spydd opp på land. Ill. Matthäus Merian,1625-27.Vis mer

Ut av kvalfiskens buk og ut av rundkjøringa

Best på å få andre til å føla seg verst.

Kommentar

DENNE VEKA har vi fått illustrert kor dramatisk det er når høgt kvalifisert arbeidskraft er undersysselsett. Den arbeidslause torpedoen Espen Lee (Espen Lie h.v.) er tatt for barnekidnapping på Kypros. Forrige gong Kongeriket opplevde slike heltedådar, var då høgt dekorerte kommandosoldatar hadde perm frå krigen i Afghanistan.

DEN FRISKE kristelige bris, Knut Aril Hareide, vil ikkje lenger leva i synd med Fremskrittspartiet. KrF er i separasjonsforhandlingar med dei blå-blå, mens SV har tatt ut skilsmisse frå Arbeiderpartiet. Jonas Gahr Støre er med det fri til å andøva med dei kristelige og kan ta peiling på ein trafikklys-koalisjon. Ein win-win-win-win situasjon.

Eit vilkår er at Sosialistisk Venstreparti og sirkusartisten Audun Lysbakken har betre retningssans enn Erik Solheim. Med han ved roret under Stortingsvalet i 1993, var slagordet «Ut av rundkjøringa!» Då måtte dei trekka tilbake alle valplakatar og klistremerke fordi ein perfid jævel med sans for metaforar og trafikkreglar minte om at den einaste måten å koma ut av ei rundkjøring på, er å svinga til høgre.

BIBELDANNELSEN er på hell mens Det Norske Bibelselskap fyller 200 år. Derfor innser eg at metaforen i spalta sist lørdag, der Jonas var fange i kvalfiskens buk, treng narrativ eksegese.

I DET GAMLE TESTAMENTET var Jona ein av dei små profetane. Plottet er at Herren ga han ordre om å reisa til Ninive, hovudstaden i Assyria, for å forkynna at byen skulle øydeleggast fordi det var så mykje brutalitet og vondskap der. Men Jona veik unna utfordringa og la ut på Middelhavet som båtflyktning. Då rauk det opp ein fælslig storm slik at dei var nær ved å forlisa. Sjømennene trekte lodd om kven som hadde skulda; Jona tapte og blei kasta over bord. Då stilna havet, og sjømennene takka med eit slaktoffer.

Men Jona drukna ikkje; han blei slukt av ein stor fisk. I kvalfiskens buk gjekk han i dialog med Herren, og etter tre dagar og tre netter blei han spydd opp på land og la i veg til Ninive. Der profeterte han at byen skulle leggjast i grus om førti dagar. Deretter slo han seg til under ein skuggefull busk utanfor byen for å beundra øydeleggingane.

MEN FORTELLINGA tok ein oppsiktsvekkande vri: Folket og kongen i Ninive tok profetien på alvor; dei trega syndene sine, gjorde bot, rulla seg i aske og slutta med krig og urett. Då endra Gud sin hemngjerrige plan. Han ynkast over Ninive og sparde byen. Det lika Jona ille. Han blei brennande harm over alle plagene han hadde måtta gå gjennom - utan at profetien hans slo til. Jonas var god på å få andre til å føla seg verst.

Slik sluttar dialogen mellom Jona, Herren og assyrarane i den store byen Ninive, «der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr» (Jona 4,11). Muslimar kjenner fortellinga om «Yunus» frå Koranen (Sure 37: 139-149).

I MI BIBELSOGE for folkeskulen (P.F. Steensballes boghandels eftg. Bj. Reenskaug, 13. opplaget) legg forfattaren (Volrath Vogt, ny utgåve ved Lauritz Holsvik, godkjend av Kyrkje- og undervisningsdepartementet) for sikkerhets skuld til ein moralsk punchline på den forvitnelige fortellinga: «I Jonas-boka vert det fortalt at Gud elskar alle, og at heidningfolka óg får lút i hans kjærleik og miskunn.»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook