KVITT FLAGG: Og kanskje kan vi, i motsetnad til soldatane som feira jul saman i 1914, sleppe å gå ned i skyttargravene att, skriver Jarl Wåge. Foto: NTB scanpix
KVITT FLAGG: Og kanskje kan vi, i motsetnad til soldatane som feira jul saman i 1914, sleppe å gå ned i skyttargravene att, skriver Jarl Wåge. Foto: NTB scanpixVis mer

Spaltist:

Ut av skyttargravene!

I innvandringsdebatten ser vi grelle døme på både rasismekort og rasisme. Motstandarar ligg i skyttargraver og skyt på alle som vågar å stikke hovudet over kanten

Meninger

Deler ein ut kortstokk etter kortstokk med rasismekort, kan ein brått sitte att med Svarteper. Vi ser ein aukande tendens til hersketekniske rasistrop etter meinigsmotstandarar. Det kan vere ris til eigen bak. Lar vi det gå inflasjon i det, vil rasismeomgrepet synke i verdi og miste brodd, sting og styrke.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Sjølvsagt skal vi alltid synge ut mot rasisme når vi ser det. Å diskriminere og ytre hat mot rase, kjønn, legning og sosial, religiøs eller kulturell tilhøyrigheit er sjølvsagt aldri akseptabelt. Historien er stappfull av prov på kva slags tragedier slike haldningar fører til.

I innvandringsdebatten ser vi grelle døme på både rasismekort og rasisme. Motstandarar ligg i skyttargraver og skyt på alle som vågar å stikke hovudet over kanten.

Vi innvandrarvennlege har blitt så ûbervennlege at vi blir konturlause og dermed ufarlege. Vi har i stor grad overlete til dei «uvennlege» å styre og eige debatten. Så kanskje er det på tide å kaste elefanten ut av rommet og søkje terapi for eigen berøringsangst.

Vi må innsjå at det sjølvsagt ikkje er rasisme:

  • Å vere imot innvandring.

  • Å bekymre seg over at over 60% av vaksne somaliarar er utan arbeid. At veldig mange av dei vil vere passive trygdemottakarar så lenge dei lever. Det er bekymringsfullt fordi det ikkje er bêrekraftig og fordi nye somaliske flyktningar truleg vil hamne i same situasjon.

  • Å bli opprørt over at flyktningar som har fått opphald i Noreg, meiner landet dei flykta frå er trygt nok til å sende barn på koranskule der for å hindre vestleg påverknad.

  • Å jobbe for at jenter i barneskulen ikkje skal gå med hijab

  • Å forby niqab i Noreg

  • Å fordømme på det sterkaste skamkulturen i enkelte innvandrargrupper som fører til vald, undertrykkjing, ekstremkontroll, tvangsekteskap og, i verste fall, drap av familimedlem.

Det er på tide at vi som er gullstolberarar og feministar, blir tydelegare i vår fordømming av slike middelalderske og barbariske kontrollverktøy. Det trengs nye parolar i 8. marstoga i tillegg til dei viktige som allereie er der. Vi må vere med å brøyte veg, slik at alle som kjenner barbariet på kroppen, veit dei har støttespelarar som ikkje aller helst ønskjer dei ut av landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Skjer a?» spør du kanskje. «Har det rakna for Jarl Wåge? Har han blitt Frp-ar?» Nei, så langt derifrå. Eg er framleis stolt godheitstyrann og medlem av hylekoret.

På jesusk vis vil eg dra ei likning: Året var 1914. Verda hadde hamna i ein absurd krig som i løpet av fire år skulle ta livet av 16-17 millionar menneske. Aller verst var skyttargravskrigen i Belgia og Frankrike der millionar av unge menn blei drepne på grotesk vis.

24. desember var det stille på fronten. Fiendane vakta på kvarandre. Det var sporadisk skyting. Plutseleg høyrdest vakker song utover slagmarka; «Stille Nacht, heilige Nacht». Kjend tone, men framande ord for mange. Då soldatar prøvande kikka over kanten, såg dei juletre med lys langs den tyske skyttargrava. Fleire, på alle sider, stemte i songen.

Ein soldat vifta med eit kvitt flagg og steig opp av skyttargrava. Andre heldt pusten. Ville han bli skoten? Det gjekk bra. Andre fylgde etter. Britar tok med det dei hadde av whiskey og julemat. Franskmenn vin og ost. Tyskarar pølser og øl. Forsiktig gjekk dei mot kvarandre. Handhelste. Delte det dei hadde av julegodt heimanfrå. Prata. Utveksla erfaringar, viste bilde av kjærast, kone, barn.

Der ute på markene gjorde dei den enklaste og viktigaste oppdaginga ein kan gjere: Under innpakkingspapiret, dei ulike uniformane, fann dei ikkje, som dei forventa, brutale monstermordarar. Men heilt vanlege menneske av kjøt og blod. Med det same håpet og dei same draumane. Den same kjærleiken til familie og fedreland. Og ikkje minst: Det same ynskjet om og lengten etter fred og å få kome heim til sine eigne.

Etter tjuefire timars våpenkvile, måtte dei motviljug ned i skyttargravene att. Og neste dag byrja dei å meie ned enda fleire soldatar med same håp og draumar som dei sjølve.

No viftar eg òg med kvitt flagg og stikk hovudet over skyttargravskanten. Nølande. Spent på om eg blir truffen av hat- og foraktkuler eller om andre òg tør komme opp i dagen. Kanskje vi kan møtast på midten. Menneske av alle kjønn, fargar og tru. Ikkje dei og oss. Vi.

Legge ned våpna. Dele gode gåver. Prate saman. Bli kjende. Utveksle erfaringar. Fortelje om redsla ein bêr på for alt dette framande som kjem innover grensene våre. Sinnet som sydar i ein for ikkje å bli tatt på alvor. Forakten for dei som trur og tenkjer annleis. Få lov å lufte fordommane. Åpne opp.

Kanskje kan vi komme inn under innpakkinga. Oppdage kvarandre. Sjå at dei vi generaliserer om og skjær over ein kam alle er ulike individ. Mennneskje på godt og vondt. Menneskje med den same lengten. Det same håpet. Dei same draumane: Om fred. Om tryggleik for seg sjølve og familen. Om å ha ein jobb å gå til, skule til barna, velferd for alle.

Og kanskje kan vi, i motsetnad til soldatane som feira jul saman i 1914, sleppe å gå ned i skyttargravene att. Innsjå at det ikkje fører til noko å ligge i kvar vår grøft og skyte på kvarandre.