Tronsmo har tidligere blitt reddet av trofaste kunder. Den legendariske bokhandelen møter nå nye utfordringer.  Foto:Tomm W. Christiansen/Dagbladet
Tronsmo har tidligere blitt reddet av trofaste kunder. Den legendariske bokhandelen møter nå nye utfordringer. Foto:Tomm W. Christiansen/DagbladetVis mer

Ut og redde Tronsmo

Det ser ikkje ut som om Oslo Kommune eller Noreg som nasjon har fatta alvoret.

Meninger


Det er sikkert mogleg å seie at Tronsmo Bokhandel «berre er ein bokhandel». At den berre er ei golvflate, fordelt over ei viss mengde etasjer, som klarer å forvandle bøker til kalde, norske kroner. Det går sikkert an å tru at dei som driv den, Eva og Terje, kunne solgt kva som helst, så lenge spenna rulla inn, lizzm.

Det er berre ingen av Tronsmo-kundane som ser det slik.

For å få unna habilitetsproblema: Eg er teikneserieteiknar. Det vil seie tre ting.

Den første er at eg har kjøpt kilovis med bøker på Tronsmo.

Den andre er at eg har opplevd den uhemma glede det er at Tronsmo har kjøpt inn, og stilt ut for salg, alle bøkene eg har gitt ut. Dei har støtta meg og vennane mine heilt uhemma (tidvis har vi også tenkt at dei har gjort det ukritisk, men sidan alt som er stilt ut på Tronsmo er bra, har vi følt at vi då også per definisjon må vere bra).

Den tredje er at eg har fått for store bokhaugar no, og dermed stoppa meg sjølv frå å kjøpe nye ting på av Eva og Terje, sjølv om dei stadig har importert nye godbitar frå folk eg aldri har høyrt om før, men forstår at eg burde lese. Har dei Adventures of a Japanese businessman? Jepp. Har dei The Girl Who Never Fick Nån Post? Jepp. Renee French og Sepehr Nabi? Jepp. Og den nye fanzinen til Tim Tufs? Jepp. Og Mould Map og Hanselmann og Donjon og ei skeiv homohylle og diktsamlingar som dei, faktisk, viser fram?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har dei Jo Nesbø?

Ja, dei har ei bok, «Politi». Eg ville nok ha solgt «Hodejegerne», men kanskje dei har solgt sitt eksemplar av den. Og så tenkte dei vel at det var nokon andre som tok seg av den delen av bok-faunaen. Det er ikkje sånn at dei har ein aversjon mot krim, eller mot den ytterst sympatiske hr. Nesbø, men Tronsmo veit at dei har lite plass, og dei har eit djupt behov for å pushe bøker vi ikkje får andre stader.

Det er det som er så kult med Tronsmo. Ein kan gå inn dit med bind for augene, plukke opp ei bok, lese den, og den er bra. Om du prøver å verte smartare kan du sjølvsagt lese tilfeldige wikipediaartiklar på måfå heilt til du veit masse rart, men det er ein grunn til at vi kuraterer saman spesifikke rekkefølger av informasjon og kallar det «utdanning». På same måte er ein god bokhandel meir enn ein plass der bøker blir forvandla til pengar: Det er ein skule, eit kulturhus, ein treffstad meir interessant enn nokon pub, nokon frimurerlosje og nokon fucking opera. Skal du bli overraska, men samstundes føle deg trygg, så er det ingenting som lignar på Eva og Terje sitt drøymeslott av luft, kjærleik og papir.

Det høyrest sikkert rart ut, men det eksisterer ingen norsk forfattar (om vedkomande har budd i Oslo, då, eller besøkt Oslo) som ikkje elskar Tronsmo. Dette er ein heilt hårreisande påstand, men prøv å finne ein forfattar som seier imot meg. (Om du finst, dumme forfattar, og øydelegg den fine påstanden min, så vit at eg kverkar deg på neste Gyldendal- eller Cappelenfest. Så om du finst, bør du snarast søkje deg mot Aschehoug. OBS, gjeld ikkje om du er Johnny Brenna.)

Men er heile Gallia fortapt? Nei. Like ved Tullinløkka, der Tronsmo har stått og solgt bra romanar, bra dikt, heilt ok kjøleskapsmagnetar, bra t-skjorter og så bra norske teikneseriar som dei har klart å inspirere oss til å lage, står det eit heilt slott som nesten ingen brukar.

Dei som bur der, Harald og Sonja, har demonstrert både god humoristisk sans og stor interesse for kunst. Eg trur at dei, med minimal omskulering, kan verte gode assistentar for Eva og Terje. Harald kan stable bøker og køyre tralle, sjå for deg smilet hans når han køyrer tralle, Sonja kan designe utstillingar. Harald er, etter alt å døme, ein klok mann, og Sonja er, etter alt å døme, ei kultivert og innsiktsfull dame. Dei er nok fullt klare over at Tronsmo er eit viktigare bidrag til norsk kultur enn det meste som har gått for seg på Slottet dei siste 25 åra.

Dei veit nok at det er både bra og på tide at dei gir vidare slottet sitt, og hattane sine, til Eva og Terje Thorsen.