Utan ein tråd

I DAGBLADET søndag tok Erna Solberg oppatt angrepa på SV i utanrikspolitikken. Ho har berre ein bodskap; «Vi trenger alliansetilknytningen» - og SV trugar den. Til trass for at utanriksministeren i Aftenposten dagen før «ikke frykter forsøk på å melde Norge ut av NATO eller EØS».Vi avsluttar snart ein stortingsperiode - og ein dramatisk fireårsperiode i internasjonal politikk. Utfordringane i utanrikspolitikken står i kø, men Høgre har vore utruleg tafatte.Vi har fått eit Noreg som legg seg tettast mogeleg opp til Bush sitt USA i utanrikspolitikken, der det motsette hadde vore riktig. Etter at Regjeringa vart pressa til å seie nei til USAs krig mot Irak, stilte Noreg som einaste land som var mot krigen opp med styrkar etterpå. I USA omtalte Bush Noreg som ein støttespelar i Irak, medan folk i Noreg faktisk trudde vi hadde sagt nei til krigen og var skeptisk til USAs politikk i landet.

ÅRSAKA til dette er openbar. Høgre meiner vi er best tent med ikkje å meine noko, i alle fall ikkje dersom Bush er usamd med det. Høgre trur at ordet alliert betyr underlagt, og gløymer at eit kvart godt samarbeide er bygd på at ein også kan vere usamde.Vi treng å endre kursen frå ei einsidig USA-linje til ein meir uavhengig utanrikspolitikk. Det er også på tide at vi set fredsbygging, fattigdom, globalisering og ein brei politikk mot terrorisme - dei verkelege internasjonale utfordringane - øvst på dagsorden. Vi må erstatte dagens tafatte utanrikspolitikk med ein politikk med ambisjonar om å gjere ein skilnad.Solberg forsøker desperat å mane fram eit spøkelse frå den kalde krigen, medan vi andre er opptekne av korleis norsk utanriks- og tryggingspolitikk skal nyorientere seg i framtida. Med sine eigne manglande ambisjonar og tafatte politikk står Høgre igjen utan ein tråd - og utan annan utanrikspolitikk enn å vere Bush sin beste venn.