Utan famling

Mogen forfattar med innhaldsrike dikt.

BOK: Gaute Heivoll debuterer med diktsamlinga «Kjærlighetsdikt på bunnen av elva», men hans historie viser nok ein gong at dikt ikkje er noko forfattarar driv på med for å øva seg til den store romanen. Han har nemleg ikkje bare gitt ut romanar før; han har fått glimrande kritikkar for romanane «Omars siste dager» og «Ungdomssangen».

Solid gjennomført

Så er det heller ikkje mykje språkleg famling i diktdebuten. Dette er ei tvers igjennom solid og gjennomført diktsamling. Men ho er, heldigvis for både Heivoll og oss, meir enn det. Det kviler ei stor einsemd og gjennomtrengjande observasjonsevne over linjene hans. I løpet av to strofer kan han slå opp enorme perspektiv som famnar kosmos og mikrokosmos: Sein kveld og jeg går uti bestefars konduktørfrakk.Den utydelige melkeveien.Lommerusket mot fingertuppene.

Liljerytme

Han har også den utprega kjensla for linjerytme som er så sentral i lyrikken, samt ei slåande biletskapande evne: «Om morgenen/mens jeg ennå svever/ i drømmens komethale». I det lange episke diktet om «Reisen til Seljordsvannet i september» blaffar telefonar opp i lomma, og «en rusten/ farge glir inn i kinnet/ når du bøyer deg fram/ etter solbrillene». I dette diktet møter me samtida kring dette vatnet gjennom sjøormjegeren Jan-Ove Sundberg og Global Underwater Search Team, men me møter samstundes innfletta fortid i form av soger om sjøormen eller gjennom salmediktar Landstad sin biografi og notat i skuggen av presten Jens Zetlitz som ligg gravlagd framfor koret i Kviteseid gamle kyrkje.

Godt forankra

Dikta er i det heile godt forankra i tid og stad, og dei verkar vesentlege. Det er snakk om å kryssa vegen etter ei vitjing på biblioteket, om å gå frå tinghuset til den underjordiske parkeringsplassen, om å vera med faren ved bikubene hans eller å gå til Lifjellet i tett tåke natt til 9. oktober. Og korleis vert slikt vesentleg? Jau, ved at poeten skriv dei ytre rørslene inn i indre rørsler, ved at desse landskapa vert innskrivne i eksistensielle val og utsiktene inngår legeringar med innsikt formulert med glitrande velskrivne bilete: Tåke gjennom lyset.Tåke gjennom håret.Tåke gjennom skogensom snart tar slutt.Jeg elsker deg med treets viljeog skogens lykke.

Nærmast magisk

Den underleggjeringa poeten på nærast magisk vis utfører, er så forankra i det konkrete, i kvardagen, at me får ei kjensle av gjenkjenning, som nå han skriv «skyggen av huset/holdt oppe/av huset.». Dette gjer dikta på eit vis lettlesne og fulle av innhald, men samstundes gjev dikta oss heile tida ei kjensla av at tinga og menneska fyller opp verda, og det påtrengjande spørsmålet er kor nær ein kan koma, kor når det er bra å koma, og kvar einsemda uansett overtek: «Vi sitter så trangt. Vi/sitter/så/trangt./Kanskje bare/det ene hjertet/er nok.»