Utdanningstenester på utsal?

«Dei private skulane driv ikkje verksemda si ut ifrå eit samfunnsmandat, men for å tene pengar.»

Private skular har lange tradisjonar i mange land. Det prinsipielt nye dei seinare åra er etablering av private skular som forretningsforetak. Utdanningstenester er eit område som i aukande grad blir oppfatta som økonomisk interessant for kjøp og sal, også på tvers av landegrenser. Med grunnlag i GATS-avtalen (General Agreement on Trade in Services) omfattar arbeidet i Verdens handelsorganisasjon (WTO) no både varer og tenester. Blant utdanningstenestene har det helst vore høgre utdanning som har hatt interesse i privatiserings- og handelssamanheng.

Men utviklinga av private grunnskular og vidaregåande skular har rg skote fart i fleire land. Utviklinga har vore markert til dømes i Sverige, der fem prosent av grunnskuleelevane no går i private skular. I Stockholm og andre storbyar er talet ti prosent, og det er aukande. I Dagens Nyheter kunne vi nyleg lese at Moderaterna har gjort framlegg om å la lærarar danne forretningsforetak som kan selje sin kompetanse. Etter dette kan kanskje til dømes Matematikk for 9. klasse AS bli ein realitet om kort tid. Beatrice Ask, noverande riksdagsrepresentant og tidlegare skuleminister, meiner at framlegget både kan gje betre undervisning og gje lærarar høgre lønn.

For ikkje lenge sidan fekk England sine to første kommersielt drivne private skular. På New Zealand går privatiseringa føre seg på ein måte som har gjort «fund-raising» - å skaffe pengar til skulen - til ei viktig foreldreoppgåve. Også i vårt land finst det no skular som blir drivne på forretningsmessig basis, og liberalisering av reglane for oppretting av private skular er eit aktuelt tema i fleire politiske parti.

Artikkelen fortsetter under annonsen

USA er truleg det landet der både privatiseringa og utviklinga av kommersielt drivne skular har komme lengst. Privatiseringa har teke fleire former. For det eine finst såkalla voucherprogram. Foreldra får ein sjekk som dei kan bruke til å kjøpe skulegang for barna sine der dei ønskjer det, i ein offentleg eller privat skule. Vouchersystemet er ikkje ulikt det som her i landet gjerne blir referert til som stykkprisfinansiering. Det første voucherprogrammet vart starta i Wisconsin i 1991. Sidan er det utvida i fleire statar, og inneverande skuleår reknar ein med at det er vel 63000 elevar med vouchers i skulen. Men systemet er heller ikkje ukontroversielt i USA. Mellom anna har det til no vore stor motstand, blant politikarar og folk flest, mot forsøk på å få vedteke lovar som kan gjere voucherprogrammet til ei generell, nasjonal ordning.

Charterskulane er offentleg finansierte og har heimel i delstatslovgjevinga. Ordninga inneber at personar eller organisasjonar får løyve («charter») av skulestyresmaktene til å drive ein skule. Skuleoperatøren har ansvar for skulelokale, pedagogisk program og lærarstab. Tilskotet til operatøren tilsvarar til vanleg gjennomsnittskostnadene per elev i det offentlege skuleverket. Charterskulane skal i prinsippet akseptere dei elevane som melder seg, men det er liten kontroll med praktiseringa av regelverket. Det er rekna med at det i år finst om lag 1700 charterskular i alt, og der er vedteke lovgjeving om skulane i nærmare tre firedelar av statane.

Dei fleste charterskulane blir drivne på sida av det offentlege skuleverket og uavhengig av det lov- og regelverket som gjeld skuleverket elles. Det er lite tilsyn eller oppfølging frå styresmaktene. Lærarane blir tilsette av skulen og er ikkje omfatta av dei vanlege lønnsavtalane for lærarar. Lærarkollegia ved charterskulane kan likevel inngå eigne kollektive lønnsavtalar med arbeidsgjevaren, dersom begge partar ønskjer det.

Education Management Organisations (EMO) er ei anna nyskaping på utdanningsområdet. Det er selskap som tek på seg å drive skular etter vanlege forretningsmessige prinsipp. Somme EMOar har sjølv charter for å drive skular og tek da på seg heile ansvaret for skuleverksemda. Andre selskap tilbyr enkelte tenester, til dømes vedlikehald og drift av bygningane. EMOane får godtgjersle per elev for dei tenestene dei yter, og kan dermed tene pengar i den grad dei greier å produsere billege tenester. Eit av dei mest kjente selskapa, Edison Schools, driv både offentlege skular etter kontrakt med skulestyresmaktene og charterskular.

Informasjon mellom anna i det amerikanske tidsskriftet Educational Leadership og i materiale samla av den amerikanske lærarorganisasjonen NEA, kan tyde på at privatiseringa skaper ein del problem. Somme voucherprogram har vore innretta mot låginntektsfamiliar, for å gje dei høve til å velje skule for barna sine. I praksis har det vist seg å vere stor risiko for at desse elevane får dårleg undervisning i fristilte skular utan ansvar overfor skulestyresmaktene. Svært få private skular vil ta imot elevar med lærevanskar eller funksjonshemmingar, fordi det kostar så mykje å gje desse elevane tilfredsstillande undervisning at fortenesta blir for lita. Ofte kan det sjå ut til at dei kommersielt drivne skulane prioriterer forteneste framfor kvalitet. Det finst ein god del døme på at skular tilset dårleg kvalifisert personale, eller at dei underviser i fleire skift dagleg, for å få plass til fleire elevar og dermed tene meir.

Men det finst rg døme på gode charterskular, i tilfelle der skulane held til i relativt homogene, øvre middelklassemiljø og gjev tilbod til ei utvald elevgruppe, med sterke og aktive foreldre. Det finst også charterskular som blir drivne på non-profitbasis, til vanleg opne for alle elevar og direkte ansvarlege overfor skulestyresmaktene i det distriktet der dei ligg. Det ser likevel ut til å vere vanskeleg å finne døme på slike skular som kan gje tilfredsstillande opplæring til fleirtalet av elevar eller elevar med noko meir variert bakgrunn.

Det svenske framlegget om å la lærarane selje kompetansen sin, kan truleg realiserast på ulike måtar, når det gjeld opplæring i skulefaga. Det krev sjølvsagt at foreldra engasjerer seg maksimalt i barnas skulegang. Dermed må ein rekne med at ordninga vil vere mindre heldig for barn av foreldre som ikkje har høve til eller greier å engasjere seg mykje i skulen. Men skulen har rg andre viktige oppgåver enn opplæring i faga. Det gjeld sosialisering, demokratiutvikling, haldningsskapande arbeid. Det er vanskeleg å sjå korleis desse oppgåvene kan gjerast om til tenester som skal formidlast ved kjøp og sal.

Demokratiopplæringa kan vere eit særleg vanskeleg område. Den amerikanske skuleforskaren Henry Giroux har intervjua elevar som hevdar at demokrati er fridom til å kjøpe og forbruke kva ein vil utan at styresmaktene blandar seg inn. Giroux meiner at marknadsorienteringa har teke plassen til samfunnsorienteringa. Dei private skulane driv ikkje verksemda si ut frå eit samfunnsmandat, men for å tene pengar. Elevane blir ikkje oppfatta som lærande unge menneske som skal ha ei allsidig, allmenn opplæring, dei blir oppfatta som kundar som skal ha dei tenestene dei etterspør. Under slike vilkår kan dei overordna og fagovergripande oppgåvene skulen har, lett bli sett til sides.

Dette er noko av bakgrunnen for at Norsk Lærerlag ønskjer å halde fast ved den offentlege fellesskulen som kan omfatte alle barn og unge. Slik vi ser det, er det inga god løysing å opprette fleire private skular eller stykkprisfinansiere undervisningstilbodet. Utfordringa no er å styrkje kapasiteten i fellesskulen til å ta betre vare på heile mangfaldet i elevflokken. Her er det framleis mykje å gå på.